Norefjell regionalpark – frå fjord til fjell

Krødsherad kommune i Buskerud har satt i gang eit arbeid der dei ynskjer å finne ut korleis regionalparkmodellen kan utløyse auka verdiskaping for fleire kommunar rundt Norefjell. Dette gjeld allereie eksisterande samarbeid, prosjekt i tillegg til å få fram nye aktivitets- og opplevingstilbod.

Norefjell som merkevare på parkområdet

Norefjells-regionen har i fleire år jobba saman om fleire, både offentlege og private prosjekt. Særleg gjeld dette reiselivsprosjekt, og arbeidet med prosjektet «kunstnerdalen» i Krødsherad, Sigdal og Modum kommunar var eit forsøk på å finna fram til ei felles marknadsføring av regionen. I den seinare tid er det gjennom næringslivet sett i gang ein langvarig satsing på destinasjon Norefjell. Det krev auka innsats frå kommunane si side. I denne samanheng kan parkmodellen vera eit framtidsretta grep i regionen.

Frå Norefjellsheisen med utsyn mot Krøderen

Frå Norefjellsheisen med utsyn mot Krøderen. Foto: Roar W Vangsnes – Distriktssenteret.

Langsiktig samarbeid i felles natur- og kulturområde

Dei seinare åra har Norefjell som utfartsområde fått ein sterkare status. Prosjektet, som blir kalla Fra fjord til fjell, beskriver samanhengen mellom Krøder’n – lokalt kalla fjorden og Norefjell, men kan også antyde forholdet til Oslofjorden. Det er blitt «kortare å reise» frå Oslo-området gjennom betre vegstandard.

Hytter og feriehus-segmentet har auka kraftig og er i dag blitt ein viktig del av den verdiskapinga som skjer i lokalsamfunnet. Difor blir det viktig å utvikla endå sterkare og meir formalisert samarbeid mellom innbyggarar, fritidsbuarar, næringsliv, friviljuge organisasjonar og kommunane med sikte på auka verdiskaping på alle områda (både økonomisk, kulturelt, sosialt og miljømessig). Norefjell-identiteten skal styrkast.

Dette er eit av totalt 22 prosjekt som har fått midlar frå Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal – og moderniseringsdepartementet (KMD).