Lister Regionalpark – frå hav til hei

Ein framtidig regionalpark i Lister vil omfatte dei 6 kommuane vest i Vest-Agder. Føremålet med arbeidet er å få utvikla eit regional samarbeid mellom reiseliv, lokalsamfunn, kommunane, regionrådet og ulike kunnskapsinstitusjonar.

Listerregionen har svært mange unike og særeigne natur- og kulturverdiar. Regionen har ein rik og unik kyst med stort antall ulike artar trekkfuglar, verneområde, sandstrender, Du finn rik kystkultur og nokre av Norges eldste fornminner. I innlandet finn ein gode lakseelvar og fiskevatn, og møter landskapsvernområdet i Setesdal- og ryfylkeheiane med flotte, ski- og turmoglegheiter. Ei spennande reise frå hav til hei.

Listastrendene tatt frå Lista fyr.

Listastrendene tatt frå Lista fyr. Foto: Roar Werner Vangsnes.

Samarbeidsmodell for reiseliv og lokalsamfunnsutvikling i regionen

Det overordna målet for nye Lister regionalpark er å få til ein samarbeidsmodellar for utvikling av ein vekstkraftig region i dei seks kommunane.

Hovudmålet skal:

  • Bidra til at reiselivsnæringa gjennom regional samarbeid skapar tilgjengelege produktløysingar basert på dei natur- og kulturverdiane som finst i regionen
  • Forprosjektet skal bidra til å utvikle Lister til ein framtidig regionalpark gjennom partnarskapsmodell mellom fleire ulike offentlege og private aktørar i regionen

Satsa på heilskaplege opplevingsprodukt

For å utvikla reiselivet til beste for dei fastbuande og besøkande, vil eit av måla vera å lage pakketilbod. På den måten kan ein klara å sy saman mindre prosjekt, slik at desse vert opplevd som eit produkt. Ei samordning og koordinering av naturbaserte opplevingar vil vera ein styrke med tanke på felles marknadsføring og profilering av Lister-regionen.

Last ned: Sluttrapport fra forporosjekt Lister Regionalpark

Dette er eitt av totalt 22 prosjekt i ”Verdiskapingsprogrammet for Norske lokale og regionale parkar” i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).