Fagområde: Stedsutvikling

Distriktsutvikling som virkar – danskane ser til Noreg

Den danske tenketanken Urban har lagt turen til Noreg for å læra om distriktsutvikling. Dette blikket utanifrå kjem i form av tre små filmar og ein rapport. Filmane syner på ein veldig god måte korleis ein kan utvikle lokalsamfunn på ein god og heilskapleg måte.

Niels Bjørn i tenketanken Urban viser til forsking i Norge og Sverige, og seier at ein kan oppnå tilflytting til distrikta ved å auke attraktiviteten og tiltrekke seg spesifikke målgrupper.

I den første filmen, Landdistriktsudvikling der virker 1: Norsk og svensk forskning, vi kan lære af, handlar om kva for strategier og tiltak som har effekt når ein vil utvikle distrikta. I filmen vert det vist til 10-punktsmodellen, som er ein metode for strategisk arbeid med lokal utvikling

I den andre filmen, Landdistriktsudvikling der virker 2: Tre norske kommuner, vi kan lære af, er kommunane Sogndal, Sykkylven og Ulstein trekt fram som gode eksempel.

I den tredje filmen, Landdistriktsudvikling der virker 3: Det der ikke virker, vert det vist til fem grep som ikkje har effekt. Mykje av kunnskapen her er henta frå Distriktssenteret sin studie Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommunar.

Stikkord: