Kvifor ein bustadplan?
Det å lage ein temaplan er ikkje ei lovpålagt oppgåve, men for eit omfattande område av ein kommune si verksemd er det ofte behov for å systematisere og detaljere både kunnskapsgrunnlag, tiltak og mål. I staden for å trekkje dette direkte inn i overordna planar kan det i mange tilfelle være hensiktsmessig å utarbeide ein fag-/temaplan som dekkjer for det konkrete området.
Bustadpolitikken består av mange aktørar internt i kommunen og eksternt. Ei heilheitleg tilnærming til området er eit viktig premiss for å lukkast. For å få til ein heilheitleg bustadpolitikk kan ein temaplan når det gjeld bustad være eit godt grep. Ein temaplan vil gjere det mogleg å nærare definere innsatsområde, tiltak og mål for bustadpolitikken. Dette er ekstra nødvendig når bustadpolitikken ikkje er tatt tilstrekkeleg omsyn til i planstrategien eller kommuneplanens samfunnsdel.
Suksessfaktorar
- Forankring i overordna planar
- Forankring i politisk og administrativ leiing
- Innarbeiding av vedtatt tiltak i økonomiplan og budsjett
- Plassere ansvar for å følgje opp og gjennomføre tiltak i planen
Forankring av planen
Ein bustadplan er verken juridisk bindande eller ei lovpålagt å utarbeide for kommunen. Den har heller ingen prosesskrav som plan- og bygningsloven stiller. Difor er det ekstra viktig at denne er forankra i planverket og administrativ og politisk leiing.
Ein god måte å få forankra ein bustadplan på er å få den som ei konkret bestilling når planstrategien vert rullert etter at nytt kommunestyret er vald. Utarbeiding av planen kan også gjerast med ei sak som vert lagt fram og vedteken av kommunestyret. Når bustadplanen er ferdig bør den opp til politisk behandling.
Sette av midlar i økonomiplan og budsjett
Handling er vanskeleg utan midlar til å gjennomføre det ein har sett seg føre å gjere. Difor er kopling mellom bustadplanen og budsjett og økonomiplan avgjerande for å få resultat. I arbeidet med utforming og når planen er vedtatt må det også parallelt sjåast på korleis ein kan sikre midlar til gjennomføring. Det kan eksempelvis være at kommunen tek opp startlån eller set av tilskotsmidlar, eller at det satt av ressursar til å arbeide med gjennomføring av tiltaka.
Plassere ansvar for tiltak
Skal eit tiltak eller satsing få gjennomføringskraft må ansvaret plasserast ein plass, om ikkje er det lett at tiltaket vært oversett eller nedprioritert. Er det ingen som har eigarskap, er det ingen som naturleg vil ta initiativ til å følgje opp og ingen som føler eit ansvar for å få til handling. I utarbeiding av planar må difor nokon få ansvaret for å følgje opp og gjennomføre og dette må være forankra hos den eininga som har fått ansvaret.
Ha eigna tomtar
Om kommunen har mål om å få oppført fleire bustader i planperioden må dei ha eit område dei kan byggast på. Spesielt når det er prosjekt med mange bustader. Derfor er det viktig å vurdere eigna tomtar for ulike målgrupper, eksempelvis at bustadane er nære servicefunksjonar om det er eldre som skal bu der. Det er også mogleg å vurdere sal av tomt på gode vilkår om kommunen eig tomten eller bidra med tilrettelegging av infrastruktur for å redusere byggekostnaden.
Utforming av ein bustadplan
Det er ingen klar fasit på korleis ein heilheitleg bustadplan skal utarbeidast og ein slik plan må tilpassast lokale forhold, men den bør sjå særskilde utfordringar som eksempelvis behovet eigna bustader for eldre som ein del av den generelle bustadpolitikken i kommunen. Ein slik plan skal være eit styringsverktøy som viser mål, tiltak, ressursar og prioriteringar for kommunen sitt bustadpolitiske arbeid – her medrekna bustader og tenester til eldre.