Berekraftsretningar for distriktskommunar

Viste du at kommunen kan velja ulike retningar for sitt berekraftsarbeid? Og at desse retningane gir nokså ulike svar på korleis ein kan skapa berekraftige framtider lokalt.

Foto: Lillian Hatling

Gjennom eit doktorgradsprosjekt har Distriktssenteret bidrege til å undersøke kva berekraftsretningar som vert fremma i norske distriktskommunar, og korleis dette samsvarar med innbyggjarane sine tankar om berekraft.

Les meir om berekraftsretningar i distriktskommunar

Elisabeth Veivåg Helseth disputerte i 2023 med avhandlinga «Mangfald i verdiar og forvaltning av norsk skog for berekraftig samfunnsutvikling». Det er dette doktorgradsprosjektet det visast til her, saman med den vitskaplege artikkelen «Beyond green growth: Mapping sustainability pathways for rural transformations in Norway» (2025).

Distriktskommunar planlegg for ei grøn vekst-retning

Ein av artiklane i doktorgradsprosjektet undersøker korleis nasjonale berekraftsdokument og kommuneplanar i 12 distriktskommunar i Norge relaterer seg til dei fire berekraftsretningane:

  • Grøn vekst
  • Vekstfri utvikling
  • Økokulturelt forvaltarskap
  • Naturvern

Funna viser at norsk distriktspolitikk fremmar grøn vekst som ei dominerande retning, med vekt på nytte, effektivitet og instrumentelle verdiar.

Naturvern-retninga har eit visst fotfeste, særleg gjennom verneområdepolitikk. Økokulturelt forvaltarskap er også svakt representert, for eksempel i politikk orientert mot bevaring av kulturlandskap og biokulturelt mangfald, samt i anerkjenninga av urfolk sine rettigheitar. Men, verdiar knytt til naturvern og økokulturelt forvaltarskap vert først og fremst fremma der dei konkret fungerer som vekstdrivarar, særleg innanfor reiselivssektoren.

Vekstfri utvikling får marginal politisk merksemd, sjølv om denne banen delvis vert reflektert i politikkforslag som er orientert mot å redusere energi- og ressursbruk. Artikkelen finn for eksempel ingen nasjonale eller lokale plandokument som tek til orde for gå bort frå økonomisk vekst som overordna samfunnsmål.

Innbyggjarane gir utrykk for eit breitt mangfold av berekraftssyn

Same artikkel analyserer kva verdiar og berekraftstankar innbyggjarane i dei 12 eksempelkommunane gir uttrykk for (totalt 3591 respondentar). Ein fjerdedel gir uttrykk for forståingar av berekraft som er i tråd med berekraftsretningane naturvern, vekstfri utvikling eller økokulturelt forvaltarskap.

Generelt indikerer resultata at innbyggjarane har eit breiare mangfald av tankar om framtidige berekraftsretningar enn den grøn vekst-retninga som i dag dominerer nasjonale og lokale plandokument.

Lokale tilhengarar av dei ulike berekraftsbanane legg også vekt på ulike næringsvegar. Medan tilhengarar av grøn vekst vektlegg instrumentelle verdiar og næringar knytt til turisme og industri, er tilhengarar av vekstfri utvikling meir opptekne av ibuande og relasjonelle verdiar gjennom småskala landbruk og lokal produksjon og forbruk.

Behov for gjennomgripande endringar

Det Internasjonale Naturpanelet (IPBES) peikar på at det er behov for gjennomgripande endringar i vår relasjon til natur dersom vi skal nå mål om ei berekraftig framtid. Slike gjennomgripande endringar vert omtala som «grunnleggande, systemomfattande omorganisering på tvers av teknologiske, økonomiske og sosiale faktorar, inkludert paradigme, mål og verdiar».

Men kva betyr slike gjennomgripande endringar i praksis lokalt? Her finn ein ulike svar, langs ulike berekraftsretningar.

Sprik i forståingar av berekraft

Når Distriktssenteret kartla korleis berekraft blir forstått, og kva det betyr for norske distriktskommunar, fann vi at det er eit stor sprik i korleis folk forstår berekraft. Folk ser rett og slett for seg berekraft på ulike måtar.

Berekraft handlar i stor grad om verdiar, noko det Internasjonale Naturpanelet (IPBES) er eining i. Dei skil mellom ulike berekraftsretningar som tek utgangspunkt i, og mobiliserer ulike verdiar. Slike berekraftsretningar kan ein sjå på som ei samla førestilling om kva som må til for å oppnå berekraft, støtta opp i konkrete fagmiljø, og gjennom eigne «pakkar» med politikkforslag.

I global forsking og politikk i dag, finn vi særleg fire konkurrerande berekraftsretningar. Sjølv om alle desse retningane deler nokre felles mål, som å skapa ei utvikling som dekker grunnleggande behov innanfor planten sine tolegrenser, har dei ganske ulike svar på korleis ein kan oppnå desse måla.

Dei ulike berekraftsretningane:

1. Grøn vekst / Grøn økonomi

Innanfor grøn vekst er ein opptatt av å legga til rette for meir vekst gjennom miljøvennlege investeringar, teknologiske løysingar og grøn industri.

⇣ Les mer 

Sentrale punkt for grøn vekst er:

  • Det største berekraftsproblemet er mangel på grøne investeringar.
  • Økonomisk vekst treng ikkje vere samankopla med auka utslepp og miljøøydeleggingar.
  • Miljøproblem kan løysast med mellom anna teknologisk utvikling.
  • Det må satsast meir på grøn industri og digitalisering i distriktsområde.
  • Nytte og effektivitet er viktige verdiar for samfunnsutviklinga.

Grøn vekst dominerer

I dag dominerer ideen om «grøn vekst» berekraftstenkinga globalt. Grøn vekst vert gjerne framstilt som det gode alternativet til «grå vekst» (eller «business as usual»). Ideen om grøn vekst kviler på ein føresetnad om at vi kan fortsette veksten samtidig som vi reduserer utslepp og miljøøydeleggingar, gjennom såkalla fråkopling.

Innanfor grøn vekst-retninga er ein opptatt av å legga til rette for meir vekst gjennom «grøne» investeringar, teknologiske løysingar og grøn industri. Her vert kjerneverdiar som nytte og effektivitet satt høgt, og ein legg ofte størst vekt vekt på instrumentelle verdiar frå natur når ein skal ta avgjerder. Innafor denne retninga, argumenterer også mange for at vi best kan ta vare på natur gjennom å gi den pengemessig verdi.

Ideen om at det skjer (eller kan skje) tilstrekkeleg fråkopling mellom vekst og miljøøydeleggingar finn ikkje støtte i empirisk forsking.

Tvert om så viser det seg at når ein effektiviserer, så aukar ofte også det totale forbruket. Og samstundes som ein kanskje klarar å redusere utslepp og miljøpåverknad lokalt, endar ein fort opp med å flytte negative påverknadar andre stadar. Totalt sett, kjem ein ikkje vekk frå at veksten har konsekvensar som påverkar både natur og menneske negativt.

Les meir om dei ulike berekraftsretningane i denne artikkelen eller i Naturpanelet sin rapport om naturverdiar frå 2022 (kapitel 5)

2. Vekstfri utvikling

Stadig fleire forskarar peiker på at vekst ikkje lenger er ein ansvarleg politikk, verken for planeten eller for folk si lykke og livskvalitet.

⇣ Les mer 

Sentrale punkt for vekstfri utvikling er:

  • Det største berekraftsproblemet er økonomisk vekst, som driv auka forbruk og miljøøydeleggingar.
  • BNP må byttast ut med andre mål på samfunnsmessig framgang.
  • Tilstrekkelegheit, rettferdigheit, livskvalitet og lokal sjølvbestemming er viktige prinsipp, saman med omsorg, samspel og mangfaldige verdiar.
  • Det er behov for meir småskala produksjon og forbruk

Natur dannar grunnlaget

Vekstfri utvikling vert diskutert i EU-parlamentet og i fleire større konferansar rundt om i Europa dei siste åra. Her tek forskarar og politikarar til orde for ei berekraftsretning kalla vekstfri utvikling (degrowth eller postgrowth på engelsk).

Viktige prinsipp innanfor vekstfri utvikling er tilstrekkelegheit, rettferdigheit, livskvalitet, og lokal sjølvbestemming. Her legg ein vekt på at natur dannar grunnlaget for alt i samfunna våre, og at vi må utvikle system som anerkjenner mangfaldet av verdiar frå naturen. Men ideen om vekstfri utvikling utfordrar også dei globale berekraftsmåla vi har i dag, der økonomisk vekst står sentralt (mål 8).

Les meir om dei ulike berekraftsretningane i denne artikkelen eller i Naturpanelet sin rapport om naturverdiar frå 2022 (kapitel 5)

3. Økokulturelt forvaltarskap: Menneske er natur

Innanfor økokulturelt forvaltarskap tek ein til orde for at menneske er natur, og at vi ikkje kan laga noko skarpt skilje mellom oss og naturen.

⇣ Les mer 

Sentrale punkt for økokulturelt forvaltarskap er:

  • Hovudproblemet for å oppnå berekraft er strukturell ubalanse i maktforhold.
  • Lokale rettigheiter og tradisjonskunnskap om natur og økosystem må løftast fram.
  • Landbruk og matproduksjon må endrast.
  • Relasjonelle verdiar, som stadkjensle, er særleg viktige.

Styrke lokale rettigheitar

Innanfor økokulturelt forvaltarskap-retninga ser ein er strukturell ubalanse i maktforhold som det viktigaste problemet for å oppnå berekraft. Denne ubalansen gjer at nokon får bestemme over naturen på bekosting av andre.

For å oppnå berekraftige samfunn, meiner ein at det er særleg viktig å styrke lokale rettigheitar, tradisjonskunnskap og relasjonelle verdiar mellom menneske og natur.

Les meir om dei ulike berekraftsretningane i denne artikkelen eller i Naturpanelet sin rapport om naturverdiar frå 2022 (kapitel 5)

4. Naturvern

I berekraftsretninga naturvern er det viktig å beskytte naturen frå menneske

Berekraftsretninga naturvern har eit skarpare skilje mellom menneske og natur, i motsetning til økokulturelt forvaltarskap.

⇣ Les mer 

Sentrale punkt for retninga naturvern er:

  • Menneskeleg forstyrring av natur er den viktigaste berekraftstrusselen.
  • Det er behov for store, samanhangande verneområde.
  • Det trengs ein meir tenestebasert økonomi, der vi øydelegg mindre natur.

Etisk ansvar

Innanfor denne berekraftsretninga vil ein beskytte naturen frå menneske, for eksempel gjennom store, samanhengande verneområde. Eit særleg viktig prinsipp er at naturen har ibuande verdi uavhengig av oss menneske, og at vi har eit etisk ansvar for å ta vare på den.

Les meir om dei ulike berekraftsretningane i denne artikkelen eller i Naturpanelet sin rapport om naturverdiar frå 2022 (kapitel 5)

Kor vil du plassere berekraftsarbeidet i din kommune?

Her er dei ulike berekraftsretningane skissert langs ulike aksar. Ein kan gjerne seie at grøn vekst og vekstfri utvikling står i sterkt kontrast til kvarandre langs ein akse, medan naturvern og økokulturelt forvaltarskap er i kontrastar langs ein anna akse.

Korleis skape rom for andre retningar?

Innanfor retningane vekstfri utvikling og økokulturelt forvaltarskap er ein særleg oppteken av å fremme gjensidigheit og omsorg i forholdet mellom menneske og natur. Dette meiner Naturpanelet er naudsynte verdiar for å få til berekraftsendringar. Men vekstfri utvikling og økokulturelt forvaltarskap (med tilhøyrande verdiar) får altså lite støtte i lokal planlegging.

Alt i alt tydar resultata på at norsk distriktspolitikk i større grad bør opne for at det kan finnast andre berekraftsretningar enn den dominerande grøn vekst-retninga.

Når vi veit at innbyggjarar gir uttrykk for eit mangfald av berekraftsyn, samstundes som internasjonal forsking peiker på eit behov for å tenke i nye banar, er det viktig å også opne opp for fleire retningar i lokal planlegging.

Kommunar kan mellom anna gi innbyggjarane større rom til å drøfte lokale berekraftsretningar gjennom å ta omsyn til eit breiare mangfald av verdiar. Det kan gjerast ved å skapa arenaer for medverknad der ein involverer fleire enn dei som eig natur, eller som har direkte interesser knytt til natur på ulike måtar.

I videoen i artikkelen Naturverdiar i din kommune snakkar Elisabeth om gode planprosessar.

Foto: David Zadig

Elisabeth Veivåg Helseth

Artikkelen er skrevet i samarbeid med Elisabeth Veivåg Helseth.

Forskingsprosjekt skal utforske lokale berekraftsretningar

Saman med Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), og Forum for Natur og Friluftsliv i Troms og i Innlandet deltek Distriktssenteret no i eit forskingsprosjekt (PATHWAYS) som dei neste åra skal utforske ulike retningar for berekraft i norske distriktskommunar.

I dette tverrfaglege forskingsprosjektet skal økologar og samfunnsforskarar studere dei same områda med ulike faglege perspektiv. Gjennom eksempelområde i Troms og Innlandet, skal vi undersøke kva berekraftig samfunnsutvikling betyr for innbyggjarane, og korleis lokale natur- og kulturverdiar kan ivaretakast langs ulike berekraftsretningar – utan at negative konsekvensar vert flytta til andre land, økosystem, eller til framtidige generasjonar.

For å finne ut meir om dette, vil prosjektet mellom anna utforske kartdata, naturtilstand og folk sine meiningar og verdiar. Vi skal også teste ut i praksis korleis medverknadsprosessar kan gi folk meir rom til å uttrykke sine verdiar, og korleis ein kan arbeide med å samskape lokal berekraft. Gjennom prosjektet skal det utformast ein rettleiar til kommunane, som mellom anna vil gi råd om:

  • korleis eit breiare mangfald av verdiar kan få rom i dei kunnskapsgrunnlaga som vert nytta til avgjerdstaking
  • korleis medverknad og representasjon kan styrkast i lokalt utviklingsarbeid
  • korleis ressursar i lokalsamfunnet kan bidra i lokalt berekraftsarbeid