Fagområde: Næringsutvikling

Småskala landsbygdsturisme i Norden

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Nordisk ministerråd møttes i september på Lillehammer for å diskutere utfordringar og mogleheiter for landsbygdturisme og destinasjonsutvikling i Norden.

Landsbygdturisme som omgrep

Dieter Müller frå unvirersitet i Umeå snakka om landbygdturismen i Sverige, og stilte også spørsmålet til sjølve omgrepet. I Norge har vi nytta omgrepet bygdeturisme, som er definert slik i NoU-rapport nr. 14 frå 1990:

«Bygdeturisme er produksjon av varer og tenester – inludert helse og læringstilbod, særleg basert på bygda sine naturgitte og kulturelle ressursar og bæreevne. Det er utvikla i samsvar med bygdesamfunnet sine føresetnader og ynskjer.»

2009 gjorde Norsk senter for bygdeforskning ei kartlegging av norsk bygdeturisme på oppdrag frå Distritkssenteret.

Mange utfordringar

Müller meiner at det er fleire svakheiter enn styrker i landsbygdturismen i Sverige. Dette bilde kan vera ulikt frå land til land i Norden, men han peika på ein rekkje utfordringar som vart tekne med vidare i diskusjonen og den påfølgande workshopen.

  • urbanisering
  • mindre interesse for landsbygda
  • avfolkinga på landsbygda
  • tilgang med arbeidskraft og kompetent arbeidskraft
  • generasjonsskifte
  • mindre offentleg interesse
  • ressursbasen lokalt blir mindre

Det finst moglegheiter

I fleire av dei nordiske landa har nyleg laga nasjonale reiselivsstartegiar. Desse peikar på at kopling mellom natur og opplevingar, dei gode historiane og møte med menneska er ein viktig del av reiselivet. Difor ligg mykje til rette for at landsbygdturismen kan ha ein positiv utvikling inn i framtida.

Distriktsenteret fekk i óg kartlagt kommunen si rolle i reisemålsutvikling i 2011.

Ny kompetanse gir meirverdi

Under workshopen på Lillehammer jobba ein med fellenemnarar på tvers av dei nordiske landa. I dag finst det ingen felles plattform for utdanning innan landsbygdturismen.  Det er også lite litteratur om temaet i Norden samalikna med Europa. Samstundes satsar departementet på at nye næringar, inkludert turisme, skal vera med å gi livskraftige distriktssamfunn. Her kan Nordisk Minsiterråd sitt engasjement vera med å legga til rette for endå sterkare koplingar mellom både forskingsmiljøa og næringa, og for at kommunane og lokalsamfunna kan bli betre på reisemålsutvikling.

Stikkord: