Rettleiaren skildrar «den kreative allmenningen» som modell. Modellen fokuserer på mobilisering av etablerte aktørar, samtidig som dei nye, gjerne uventa perspektiva må fram i arbeidet med å utvikle det lokale ressursgrunnlaget.
«Lokalsamfunn som kreativ allmenning» tek føre seg utfordringane knytt til mobilisering i ei individfokusert samtid. Den kreative allmenningen som modell byggjer på følgjande prinsipp:
- Brei deltaking
- Aktiv inkludering av nye perspektiv
- Frøet må koma før frukta. Ein må leggje best mogleg til rette for den skapande prosessen, halde den open og oppmoda flest mogleg til å bli med
Det er viktig å få ulike blikk på det felles lokale ressursgrunnlaget. I dette arbeidet kjem dei nye og gjerne uventa perspektiva som eit nytt tillegg til det eksisterande. Nye blikk kan til dømes vere ungdomen, innvandraren eller fritidsbuaren. Dette er verdifulle bidrag i arbeidet med å skape attraktive lokalsamfunn.
Rettleiaren byggjer på Dag Jørund Lønning sine erfaringar frå dei siste 20 åra med forsking og utviklingsarbeid for å fremja nyskaping, næring- og bygdeutvikling. Viktige faktorar og utfordringar i mobiliseringsarbeid blir skildra. I tillegg vert kulturøkonomi som strategi og betydinga av eldsjelene, ulike aktørar og humankapital løfta fram.