Ulvik kommune – Hordaland

Ulvik deler mål med mange kommunar i landet; å bli fleire innbyggjarar. Nyopningar av veg og bru fører til at Hardanger-regionen står framfor mange utfordringar og mulegheiter.

Opninga av Hardangerbrua gjev Ulvik mange nye mogelegheiter og utfordringar. (Foto: Oddrun Midtbø)

Opninga av Hardangerbrua gjev Ulvik mange nye mogelegheiter og utfordringar. (Foto: Oddrun Midtbø)

Ny veg til Voss og opning av Hardangerbrua fører til nytt køyremønster, kortare reisetid og utvida arbeidsområde. Det representerer ei ny tid for Ulvik og regionen, noko som gjer krav på at det blir lagt vekt på strategisk utviklingsarbeid. 

Utfordringane

– Ulvik har fleire kvalitetar som må leggjast til grunn i vidare utvikling. Landbruk og turisme er dei to hovudpilarane i samfunnsplanen vår, seier ordførar Hans Petter Thorbjørnsen. Han stiller fleire relevante spørsmål: Kva er ambisjonsnivået vårt? Kan me differensiere oss frå dei andre i Hardanger? Skal me ”dele” på det unike? Kva med å sjå på Hardanger-regionen som eit puslespel; der kvar kommune representerer noko som er unikt for kvar enkel av oss? Om me puslar desse brikkene saman får me det som kan ”selje” Hardanger som ein region?

– Utviklingsarbeidet blir fort fragmentert og for lite samordna. – Det kan ha med å gjere at stillinga  som bygde- og samfunnsutviklar har stått ledig siste året, samstundes som at Ulvik næringslag også mangla dagleg leiar. Det har gjort oss sårbare og vi har mangla kapasitet til å løfte utviklingsarbeidet i kommunen seier ordføraren.

Løysingane

”Målgruppe, ambisjon og samfunnsanalyse” er tre viktige ord kommunen har arbeidd seg gjennom i programmet Flytt til Hardanger.

– For å kome vidare treng me ekstern kompetanse og augo utanfrå for å vurdere kva kvalitetar Ulvik har, rett og slett gjere ei analyse som kan føre til meir strategiske diskusjonar og val, meiner ordføraren. – Det er behov for samordning og avklaringar av kva rolle dei ulike aktørane har i samfunnsutviklinga.

Distriktssenteret meiner

– Det skjer mykje i Ulvik for tida, som heilt klart vil påverke kommunen framover. Døme på dette er etableringa av eit Olav H. Hauge-senter, framtida til Hjeltnes vidaregåande skule og utvikling og endringar i reiselivsnæringa. Den viktigaste jobben for Ulvik kommune er no å få oversikt over og samordna dei mange initiativa og tiltaka – at desse fell inn under den valde utviklingsretninga, og at heile Ulvik-samfunnet tek eigarskap. Då er det avgjerande å få på plass folk som kan følgje opp dette i det daglege, seier rådgjevar ved Distriktssenteret, Trude Risnes.

Les statusvurdering for Ulvik