Sørnorsk kystnatur

Fire agderkommunar samarbeider om å gjere Listerkysten meir tilgjengeleg, aktørane meir profesjonelle og kulturhistoria meir synleg.

Farsund, Flekkefjord, Kvinesdal og Lyngdal står bak ”Sørnorsk kystnatur”. Prosjektet skal stimulere til verdiskaping i og ved verneområda ved kysten i Listerregionen. samstundes ser ein også på spennande prosjekt som ligg innanfor kysstripa.  Området skal bli arena for forsking, bygging av kompetanse og formidling av kunnskap innanfor natur- og kulturkvalitetar i regionen.

Natur og reiseliv

Natur og reiseliv skal vere i fokus, og eit mål er å få fleire til å besøke regionen, skape nye produkt for reiselivet og ta betre vare på naturkvalitetane.  For å nå dette målet skal aktørane i den lokale reiselivs- og landbruksnæringa bli meir profesjonelle.

Kursar naturlosar

Tilbodet av guida turar, formidling og undervisning skal aukast. For å lukkast med det skal ein kurse naturlosar og overføre kompetanse gjennom forsking.  Etablering av møtestader og kunnskapsmiljø er viktig for betre samarbeid.

Meir samarbeid på tvers

For å auke gjensidig forståing for vern og potensiale for bruk, er det viktig med betre kommunikasjon og samarbeid mellom forvaltningsstyresmaktene, reiseliv – og landbruksnæringa. Ulike samarbeidsformer mellom desse miljøa og kompetansemiljø vil bli prøvd ut.

Heilt konkret vil det bli lagt til rette for fugleturisme, betre informasjon og lettare tilgang til øyar i skjærgård i landskapsvernsområde, og tilrettelegging av turstiar og utkikspunkt. Prosjektet vil også vidareutvikle Nordbergkonferansen som møtestad for næringsliv, forvaltning, forskarar, grunneigarar, kommunar som stimulans til lokal verdiskaping med utgangspunkt i natur.

Naturarven som verdiskapar

Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet ”Naturarven som verdiskapar”.

Prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.