Byregionprogrammet

Utviklingsprogram for byregioner – Byregionprogrammet – bidrog til å auke kunnskapen om regional vekstkraft og samspelet mellom by og omland. Programmet gjekk frå 2014 til 2018.

37 byregionar med til sammen 213 kommuner deltok i programmet. Her finn du ei oversikt over byregionane. Under kvart prosjekt finn du kontaktinformasjon, mål og resultat, rapportar og dokumentasjon og gode råd om regionalt samarbeid om utvikling.

Dokumentasjon

I løpet av programmet vart det arrangert ei rekke samlingar for deltakarar og prosjektleiarar. Her finn du video og presentasjonar frå samlingane.

I 2015 gjorde NIBR ein gjennomgang av alle 33 samfunnsanalysane frå fase 1 av programmet.

Oppbygging av programmet

Distriktssenteret etablerte og drifta læringsnettverket mellom deltakarane i programmet og arrangerte alle samlingar.

Byregionprogammet gjekk i 2 fasar. Målet med fase 1 var å etablere samarbeidet internt i de byregionen, gjennomføre ei samfunnsanalyse og på bakgrunn av denne velje eit tema å arbeide vidare med i fase 2 av programmet.

I fase 2 utarbeiddde byregionane konkrete strategiar og gjennomførte tiltak innanfor tema og samfunnområrde som regionen sjølv prioriterte med utgangspunkt samfunnsanalysa.

Evaluering

I 2020 gjennomførte NORCE Norwegian Research Centre AS undersøkelsen Hva har småkommunene fått ut av Byregionprogrammet.

I 2018 gjennomførte IRIS og NIBR ei evaluering av Byregionprogrammet.

Kontaktpersonar

Distriktssenterets kontaktperson for Byregionprogrammet er Aina Sofie Brox.

Byregionprogrammet er eigd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet – KMD. Kontaktperson er Kristin Lind – kristin.lind@kmd.dep.no.

Kart over byregionane