Bulystprosjektet Velkomen til Vik er tufta på hovudutfordringa for heile Vik kommune, som er å snu ei negativ folketalsutvikling. I prosjektet vil vi møte denne problemstillinga på to måtar; gjennom tiltak som styrkar bulyst og trivsel for dei som allereie bur i kommunen (og på den måte hindre fråflytting) og gjennom tiltak for ny tilflytting utanfrå.
Tiltaka vil i mange tilfelle gå hand i hand og vere egna for både å oppretthalde bulyst og for å stimulere til tilflytting.
Samarbeidspartnere
- Bygdelaga: Utvikle og gjennomføre bygdeutviklingsprosjekta
- Vik Næringssamskipnad: Utvikling av arbeidsplassar
- NAV: EURIS nettverket og lokal språkopplæring
- Distriktssenteret: Rådgiving
- Sogn og Fjordane fylkeskommune: Rådgivar og samarbeidspartnar
- Lag og Organisasjonar: Sentrale deltakarar i bygdeutviklingstiltaka
- Nettverket av Næringssjefar i regionen: Erfaringsoverføringar mellom kommunane.
Målgruppe
Prosjektet har tre målgrupper:
- Tilflyttarar
- Lokalbefolkning og lokale bedrifter som skal skape eit godt klima for tilflytting og bulyst
- Andre lokalsamfunn som kan dra nytte av erfaringane frå prosjektet
Aktiviteter
- Å gjere Vik kommune og bygdene attraktive å flytte til gjennom etablering av gode basistilbod/tenester for tilflyttarar.
- Å tiltrekke nye innbyggjarar til kommunen og bygdene gjennom kontakt mot målgrupper og
aktive tiltak for busetting. - Å gjere Vik kommune og bygdene til ein attraktiv stad å bu gjennom vidareutvikling av tilbod og tenester.
- Å arbeide for ein forbetring av infrastrukturen slik at innbyggarane i Vik kommune kan utvide sitt geografiske arbeidsområde.
Prosjektet Velkomen til Vik er tildelt inntil 2 000 000 kroner i Bolystmidler i 2013.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggende informasjon uten vurdering fra Distriktssenteret.
Eierskap, organisering og formell forankring som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.
Forankring
Ny kommuneplan for Vik kommune vedteken av kommunestyret desember 2012 peikar på negativ
folketalsutvikling som ei hovudutfordring. Kommunen sitt hovudmål skal realiserast i tilflyttingsprosjektet Velkomen til Vik, der bygdeutvikling vil være eit vesentleg element.
Prosjektorganisering
- Prosjekteigar: Vik Kommune
- Prosjektansvarleg: Rådmannen
- Prosjektleiar: Eigen prosjektleiar i engasjement.
- Styringsgruppe: Kommunestyret
- Referansegruppe/ arbeidsgrupper: Oppnemd av styringsgruppa
Lokale bygdeutviklingsprosjekt i Fresvik og Arnafjorden vil bli organisert som arbeidsgrupper i
hovudprosjektet.
Det skal i prosjektperioden engasjerast ein prosjektleiar. Prosjektleiaren skal halde den raude tråden i prosjektet og samstundes vere den som aktiverar og motiverar dei involverte aktørane.
Målformulering som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.
Prosjektmål
Hovudmålet for prosjektet er å snu ei negativ folketalsutvikling i kommunen.
Ein vil oppnå eit innbyggjartal på 2800 innbyggjarar i 2024, i staden for 2600 slik SSB si middelsvekst framskriving tilseier.
Målet skal nåast gjennom dei to strategiane tilflytting og bygdeutvikling, og gjennom følgjande
delmål/hovudfasar:
- Å gjere Vik kommune og bygdene attraktive å flytte til gjennom etablering av gode basistilbod/tenester for tilflyttarar
- Å tiltrekke nye innbyggjarar til kommunen og bygdene gjennom kontakt mot målgrupper og aktive tiltak for busetting
- Å gjere Vik kommune og bygdene til ein attraktiv stad å bu gjennom vidareutvikling av tilbod og tenester
- Å arbeide for ein forbetring av infrastrukturen slik at innbyggarane i Vik kommune kan utvide sitt geografiske arbeidsområde
Resultat
- Etablering av gode basistilbod og tenester for tilflyttarar
- Vellukka verving av tilflyttarar gjennom kontakt og aktive tiltak for busetting
- Vidareutvikling av tilbod og tenester
- Folketalet 1.1.2016 skal vera minst det same som 1.1.2013.
Folketalet i skal deretter være aukande.
Effekter
Resultat: Etablering av gode basistilbod og tenester for tilflyttarar
Måloppnåing: Gjer bygdene i Vik kommune attraktive for tilflytting
Resultat: Vellukka verving av tilflyttarar gjennom kontakt og aktive tiltak for busetting
Måloppnåing: Gjev auka tilflytting til kommunen
Resultat: Vidareutvikling av tilbod og tenester
Måloppnåing: Gjer Vik kommune til ein attraktiv kommune å bu i
Moment som er avgjerande for denne måloppnåinga:
- at alle aktørar i kommunen bidreg til prosjektet
- at det lukkast prosjektet å etablere basistilboda innan bustad og arbeid
- finne rette person til prosjektleiarstillinga
Kvar i prosjektet det er størst risiko for at måla ikkje blir nådd:
- at bustadbehova ikkje vert dekt