Utvikling rundt kulturminne i Vik, er eit prosjekt i KRD sitt program for småsamfunnssatsing. Det er samansett av fem delprosjekt. (Sjå prosjektplanen «Kulturminne Vik i Sogn»)
Reguleringsplanlegging og skjøtselplanar – inkludert miljøgate
Mål: Legge grunnlag for god lokal forvaltning av eit aktivt landbruksområde med store kulturminneverdiar. Området gjeld Hove – Moahaugane – Hopperstad og Vikøyri/sjøfronten/sentrum.
- Sikra og framheva kulturminneverdiane i området
- Sikra vilkåra for framtidig landbruksdrift i planområdet
- Bevara det opne kulturlandskapet og hindra attgroing med eigna skjøtseltiltak
- Legge til rette for rekreasjon og ferdsel på gode tiltalande turvegar
- Sikre vilkår for gode forvaltning av dei regulerte vassdraga i planområdet i samsvar med konsesjon og manøvreringsreglement gitt ved Kgl. res 27 juni 1969
- Gje retningsliner og rammer for nybygging og forvaltning av eksisterande bygg i planområdet
Turvegar i og rundt sentrum
Mål: Etablere eit samanhengande turvegnett i Flatbygdi, i form av ein ringveg som gjev god tilkomst til kulturminne og kulturlandskap for turistar og fastbuande. Samstundes gje born og vaksne høve til trim og rekreasjon i friluft og på trygge tiltalande turvegar.
- Viktige kulturminne langs «sylvringen»
- Vikøyri, Motor og sjøbruksmuseet, Borgstova, Brødrehaugane, askealleen i Kålhagen, Hopperstadkyrkja og Hopperstadtunet, Klokkargarden, Moahaugane, tunet på Gauhagen, Hovekyrkja, Orvedals mølle, kulturlandskapet med terrasassar og reiner.
Tiltak i området Hopperstad – Hove
Mål: Prosjektet skal utvikla denne aksen til «ei historisk vandring» med høg kvalitet på enkeltelement og formidling
- Klokkargarden. Servicetunet for Hopperstadkyrkja
- Hopperstadtunet
- Servicebygg med meire Hove Kyrkje
- Skjøtseltiltak, restaurering av kulturlandskap
Vikøyri – sjøfronten
Mål: Utvikla strandsona i Vikøyri til eit attraktivt offentleg rom for fastbuande og gjester
Strandpark med badeplass, strandpromenade og kaipark
- Området havnen. Nærbadeplass/friområde, naustområde, båthavn
- Miljøgate gjennom sentrum. Tiltak for fartsreduksjon
Formidling, kunnskap og kompetansebygging
Mål: God formidling av historien og historiane knytt til kulturminne er avgjerande for verdiskaping. Då trengst det kunnskap, motivasjon og formidlingsevne.
- Auka medvit om eigne kulturminneverdiar. Identitetsbygging.
- Betre vertskap og auka verdiskaping i lokalt reiseliv
Prosjektet fekk løyvd midlar allereie i 2007, men kom ikkje skikkeleg i gang før i 2008. Prosjektet vert avslutta i løpet av første halvdel av 2011. Det er tilsett prosjektleiar på full tid, og i samband med prosjektavslutninga skal han fasast inn i det kommunale plan og utviklingsarbeidet.
Småsamfunnsprosjektet om kulturminne i Vik er eigd av kommunen. Prosjektet starta opp i 2007 med ein lausleg struktur. Frå januar 2008 vart det oppretta ei styringsgruppa som utgjers av formannskapet. Samstundes vart rådmannen prosjektansvarleg og det vart tilsett prosjektleiar i heil stilling.
Prosjektet fekk ein «tung start» og på same tid kom Vik opp i ein spesiell situasjon i samband med Terra-skandalen. Dette gjorde det vanskeleg for fleire av dei folkevalde å sjå på prosjektet som ein motor for næringsutviklingsarbeid, der ein måtte prioritere knalllhardt på dei kommunale midlane. Det satte både forankring og eigarskap til prosjektet på ein utfordrande prøve.
Det vart utarbeida ein ny prosjektplan i november 2008, og denne vart grunnlaget for det vidare arbeidet. Arbeidet er blitt meir konkretisert, og det har etterkvart medført at prosjektet har møtt større forståing, også i det politiske miljøet.
Småsamfunnsprosjektet har med sine ulike delprosjekt involvert svært mange i kommunen. Det er halde rundt ti folkemøte for å få fram folk sine meiningar, mellom anna dei reguleringsplanane og tiltaka som ein har tenkt å gå i gang med i dei ulike delprosjekta.
Distriktssenteret ser på ideen med «sundagsseminar» med bevisstgjering rundt lokalhistorie i Vik, som eit spennande innslag i prosjektarbeidet. Dette er eit samarbeid med prosjektet, Vik historielag og lokalhistorisk arkiv i Vik. Sundagsseminara har samla kring 60 personar i snitt, og på nokre seminar har dei samla over 100 personar. Det har også vore med å gitt engasjement til personar utanfrå sjølve flatbygdi i Vik, der delprosjekta har sine virkeområde.
Småsamfunnsprosjektet i Vik, hadde ein litt trang start. Etterkvart som den nye prosjektplanen vart utforma, har det skote fart i arbeidet. Det har vore eit breitt engasjement og samarbeid mellom prosjektleiar og fleire av dei andre tilsette i kommuneadministrasjonen.
Distriktssenteret meiner elles kommuneadministrasjonen har vore flinke til å utnytta lokale entreprenørar til det arbeidet som er gjort. I tillegg har dei ein prosjektleiar med brei fagkompetanse på regulerings- og bygningsarbeid. Denne kompetansen har vore viktig for gjennomføringsevna til fleire av delprosjekta.
Vik kommune har småsamfunnsprosjektet som ein viktig fane i sitt arbeid for utvikling av Vik sentrum og dei nærliggande områda. Rådmannen er prosjektansvarleg for arbeidet, og har tett oppfylging av prosjektleiar. På den måten meiner Distriktssenteret at kommunen er ein viktig aktør, for å kunne få gjennomført prosjektarbeidet på ein god og handlekraftig måte.
Sogn og Fjordane fylkeskommune kjenner godt til småsamfunnsprosjektet i Vik. Distriktssenteret ser på fylkeskommunen som ein viktig medspelar for prosjektarbeidet. Dei har hatt orden på utbetalingar og vore bindeleddet til KRD. Dei har også vore inne med faglege bidrag på einskilde området som mellom anna tettstadutviklingsdelen og på kulturminneområdet.
I den nye prosjektplanen, har prosjektet vore konkrete i sine målformuleringar. Distriktssenteret meiner at dette har vore, og er, realistiske målsettingar, resultat og effektindikatorarar knytte til dei valde strategiane i prosjektet.
Prosjektarbeidet går inn i sin avsluttande fase, og nokre av prosjektmåla er gjennomført eller i ferd med å bli avslutta. Distriktssenteret meiner kommunen har teke eit viktig val, ved å integrera prosjektleiaren inn i det øvrige kommunale plan og utviklingsarbeidet etter at prosjektperioden er over. Det er er ingen garanti for full måloppnåing i prosjektarbeidet. Likevel gjer det at delprosjekta som ikkje vert ferdige i 2011, kan vidareførast av prosjektleiinga og det kommunale arbeidet, fram til at måla i prosjektplanen er nådd.
Læringsverdi
Distriktssenteret meiner at småsamfunnsprosjektet i Vik, viser kor viktig det er å ha eit prosjekt som engasjerer befolkninga i ei tid då kommunen sjølv er inne i ein økonomisk hestekur. Delprosjekta (sjå vedlegg: prosjektplan) har vore konkrete, med stor attgjenningsverdi. Dette har skapt eit positivt egasjement i lokalbefolkninga.
Mål og resultat
Frå å ha litt for luftige visjonar og mål, er det utarbeida ein revidert prosjektplan med fem ulike delmål. Nokre mål er nådd med tilfredstillande resultat, som til dømes arbeidet med å etablere eit samanhengande turvegnett i Flatbygdi. Distriktssenteret meiner det er viktig å halda oppe eit høgt aktivitetsnivå, for å klare å nå dei andre måla i prosjektarbeidet.
Prosess og vurderingar
Den nye prosjektplanen gav heile småsamfunnsprosjektet ein ny start på framdrifta av arbeidet. Prosjektleiar har nytta mykje tid på involvering gjennom fleire folkemøte. Distriktssenteret meiner at det har vore viktig å avgrensa folkemøta til dei konkrete delprosjekta. På den måten har ein klart å få tydlegare fram både idear og meiningar om arbeidet som pågår i prosjektet.
Vegen vidare
Småsamfunnsprosjektet i Vik går inn i ein avsluttande fase. Distriktssenteret ser at kommunen har teke eit viktig val, ved å integrera prosjektleiaren inn i det øvrige kommunale næringsutviklingsarbeidet etter at prosjektperioden er over. Dert er er ingen garanti for full måloppnåing i prosjektarbeidet. Likevel gjer det at delprosjekta som ikkje vert ferdige i 2011, kan vidareførast av prosjektleiinga og det kommunale arbeidet, fram til at måla i prosjektplanen er nådd.