Dette er gjennomføringsfasen av planlagde og oppstarta tiltak frå fase 1, Tuddal – Frå bygd til landsby.
Hovudmålet med prosjektet er å bidra til vidareutvikling av eit attraktivt og bærekraftig samfunn i Tuddal. Dette skal gjerast gjennom fokus på miljø, økonomi og det sosiale aspektet. Det skal leggast til rette for å snu befolkningsutviklinga frå negativ til positiv, og langsiktig og lønsam verdiskaping igjennom næringsutvikling og auka bustadutvikling.
Samarbeidspartnere
- Næringslaget Tuddal Utvikling
- Lag/organisasjonar
- Hytteforeningar
- Eldsjeler og bedrifter i Tuddal
Målgruppe
- Eksisterande og nye bygdefolk, med spesiell fokus på unge og kvinner
- Næringsdrivande og potensielle nye etablerarar
- Deltidsinnbyggjarar og besøkande
- Media
Aktiviteter
Aktivitetane/delprosjekta som skal gjennomførast i fase 2:
- Landsbyens aktivitets- og kulturpark
- Markering og tydeleggjering av landsbyen
- Kvinnenettverket «Tuddalsjentun» – eit fora for nytenking, samarbeid og utvikling
- Kulturbasert næringsutvikling – Troll i Tuddal
- Kommunikasjon og integrering
Prosjektet Tuddal – Frå bygd til landsby – fase 2 er tildelt inntil 1 300 000 kroner i Bolystmidler i 2013.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret.
Eierskap, organisering og formell forankring som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.
Forankring
Prosjektet har ei god og brei forankring blant fast- og deltidsbuande i Tuddal. Prosjektet blei initiera av Tuddal Utvikling og bygdefolket og dei har vore aktive deltakarar gjennom fase 0 og 1. Det har hittil vore god dekning i lokal-, fylkes- og nasjonalpressa. Politisk er det og godt forankra både hjå ordførar, i formannskap og kommunestyre. I fylkeskommunen er det forankra ved at dei har ein representant i styringsgruppa.
Prosjektorganisering
Prosjekteigarar: Hjartdal kommune og Næringslaget Tuddal Utvikling
Prosjektansvarleg: Hjartdal kommune v/ rådmann
Styringsgruppe: Hjartdal kommune – 2 representantar
- Tuddal Utvikling – 1 representant
- Folk i Tuddal – 1 representant
- Telemark fylkeskommune – 1 representant
Referansegruppe: Opprettast ved behov
Ressursgruppe: Leiar kultur, leiar plan, leiar teknisk og leiar helse i Hjartdal kommune
Arbeidsgrupper – for dei forskjellige delprosjekta:
- Landsbyutvikling – Kultur og aktivitetsparken
- Landsbymarkering
- Kvinnenettverket «Tuddalsjentun»
- Kulturbasert næringsutvikling – Troll i Tuddal
- Kommunikasjon og integrering
Prosjektleiar er Stefan Langfors
Målformulering som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.
Prosjektmål
Hovudmålet: med prosjektet er å bidra til vidareutvikling av eit attraktivt og bærekraftig samfunn i Tuddal. Dette skal gjerast gjennom fokus på miljø, økonomi og det sosiale aspektet. Det skal leggast til rette for å snu befolkningsutviklinga frå negativ til positiv, langsiktig og lønsam verdiskaping igjennom næringsutvikling og auka bustadutvikling.
Resultat og effekt som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.
Resultat
Resultatmål:
- Gjennomført fyrste del av landsbyutviklinga, dvs opprusting av Aktivitetsparken og Kulturparken og tydeleggjering av landsbyen, i tråd med utarbeida plan
- Offentleg toalett i landsbyen
- Kvinnenettverket i Tuddal, eit fora for kulturbasert næringsutvikling, kreativitet, nyskaping og samarbeid er sjølvgåande og aktivt
- Troll i Tuddal – dei fem trolla i Tuddal (eventyret) er inkludera i landsbyutviklinga, blir aktivt bruka i kulturbasert næringsutvikling og i samanheng med folkestigen Bjårvatn rundt og aktivitetar på Bygdetunet
- Permanent ordning er etablera for info til og kommunikasjon med fast- og deltidsbuande
- Rutinar for integrering av nye Tuddølar er etablera og velfungerande slik at alle føler seg velkomne og har lik moglegheit til involvering/inkludering i lokalsamfunnet.
- Auke i nyetableringar av bedrifter, spesielt m.t.p. opplevings- og/eller kulturbasert, i f.h.t. 2012-tala.
- Hyttefolket deltek aktivt i kultur- og næringsliv
Resultatindikatorar for måloppnåing:
- Resultatindikatorar som vi meiner er viktige for å vise om vi har lukkas med dei måla vi har satt oss.
- Mange av dei er vanskelege å talfeste og vi reknar all auke som gode indikatorar på at vi er på rett veg.
- Oppretthalde skulen (1-7) og barnehagen i Tuddal
- Auke i talet på tilflytta familiar og unge vaksne i forhold til ved avslutning av fase 1 (2012-tala).
- Auke i omsetnaden innafor lokal handels- og reiselivsnæring (talfeste dette) i f.h.t. 2012 tala.
- Fleire hyttefolk som engasjerar seg i dugnads- og lagsarbeid og i næringslivet (vanskeleg å talfeste).
- Det er etablera nye kulturbaserte bedrifter og auka investering i eksisterande i f.h.t. 2012 tala. Spesiell fokus på kvinnebedrifter.
- Dei fem trolla i Tuddal er synlege både i nærings- og opplevingssamanheng
Effekter
Effektmål:
- Netto tilflytting til Tuddal
- Fleire arbeidsplassar i Tuddal
- Feire deltidsinnbyggjarar og besøkande til Tuddal
- Tuddal som merkenamn er kjend
- Auka skatteinntekter til Hjartdal kommune