Fagområde: Stedsutvikling

Stadutvikling i Knarvik sentrum

Samarbeid og økonomisk spleiselag mellom kommune og lokalt næringsliv gjev nye løysingar for bil og folk i Knarvik sentrum.

I Knarvik deler europaveg 39 sentrum i to, med handel og næringsaktivitet på begge sider av vegen. Dette set krav til heilskapleg planlegging for lokal- og gjennomgangstrafikken i den vidare utviklinga av tettstaden.

Utvikling av ein urban tettstadstruktur, med gode løysingar for både bil og folk, er sentrale mål i det pågåande stadutviklingsarbeidet. E39 i tunnell er skissert som sentralt tiltak, men trafikktala i dag tilseier ikkje at tiltaket blir lagt inn i Nasjonal Transport Plan. Lindås kommune arbeider difor med løysingar som tettstaden kan leve med over lengre tid, og som særleg skal betre situasjonen med den interne trafikken.

Stadutiklingsarbeidet skaut fart i 2006-2007, i samband med revisjon av kommunedelplan for Knarvik. Lindås kommune ønskte nytenking rundt eit sentrumsområde som var prega av store avstandar mellom butikkar og ulike tenestetilbod, delt av store parkeringsplassar og vegar, og E39 tvers gjennom sentrum.

Kommuneplanen sette mål om ei miljøvennleg tettstadutvikling, med tettare arealutnytting og tilrettelegging for gang-, sykkel- og kollektivtransport. Med økonomisk støtte frå Hordaland fylkeskommune fekk Lindås kommune utarbeidd ei mulegheitsstudie og rettleiar for å få fram eit heilskapleg grep og utgreie mulegheiter for ei kvalitativ god bystruktur og sentrumsdanning. Våren 2008 blei Knarvik plukka ut som eit av 11 hovudprosjekt i det statlege stadutviklings-programmet BLEST- Bolyst og engasjement i småbyar og tettstader. Målet med programdeltakinga var å kome vidare i utviklingsarbeidet, både gjennom prosessar, analysar og planarbeid.

Kommunen erfarer at BLEST-programmet  tilførte arbeidet økonomiske ressursar og kunnskap, som danna grunnlag for det vidare stadutviklingsarbeidet. Prosessen opna for ulike perspektiv for utvikling av Knarvik sentrum, der kommunen involverte arkitekt- og planfaglege miljø, ulike brukargrupper og interessentar til sentrumsområdet. Samarbeidet med private grunneigarar hadde og har framleis stort fokus. Dette blir i følgjeevalueringa av BLEST vurdert som viktig metodisk grep i arbeidet.

I 2009 fekk Lindås kommune på nytt tilsegn om økonomisk støtte frå Hordaland fylkeskommune til vidare analysearbeid i Knarvik. Det tidlegare analysearbeidet gjennomført av Aros arkitekter as og SLA arkitekter as vart lagt til grunn for arbeidet, som arkitektgruppen Cubus as og KAP, kontor for arkitektur og plan, gjennomførte for Lindås kommune.

Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen deltek i arbeidsgruppa for planarbeidet. I tillegg deltek grunneigarar med konkrete planar i Knarvik inn i ei grunneigargruppe. Lag- og foreiningar som m.a. Knarvik senter, Knarvik næringsforeining og Knarvik idrettslag deltek i referansegruppa.

So langt har arbeidet gitt ny vegløysing i sentrum, gangvegar og undergang for gåande og syklande. Ny rundkøyring på E39, parkeringshus og nytt forretningsbygg er også del av stadutviklingsarbeidet, der parkeringshus og forretningsbygg blir realisert i eit offentleg-privat spleiselag.

Eierskap, organisering og formell forankring

Lindås kommune er ansvarleg utbyggar og arbeidet har etterkvart fått god forankring i kommunale planar og hjå relevante samarbeids- og interessepartar. I tidleg fase av arbeidet fekk kommunen tilbakemeldingar frå grunneigarane om at dei ønskte sterkare medvirkning. Det er no etablert ei grunneigargruppe som medverkar inn i planprosessen. Næringslivet er representerte i ei referansegruppe. Her sit Knarvik senter og Knarvik næringsforeining.

Prosjektet har politisk forankring gjennom styringsgruppa. Arbeidsgruppa har derimot ingen politiske representantar. Her sit fagressursar frå veg-, eigedom- og planmiljøet, i tillegg til assisterande rådmann og representant frå statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune. At det politiske miljøet ikkje er representert i arbeidsgruppa treng ikkje ha avgjerande betydning for politisk forankring av prosjektet. Etter vår vurdering, er det då særleg viktig at ein har god og jamnleg informasjon til styringsgruppa og det øvrige politiske milljøet, for å ivareta politiske innspel og engasjement. I dette prosjektet er det halde styringsmøte jamnleg kvar månad.

Etter vår vurdering har Lindås kommune etablert ei brei lokal samarbeidsplattform for arbeidet. Dette synast å ha vore avgjerande for etableringa av eit gryande offentleg/privat samarbeid og økonomisk spleiselag mellom kommunen, Statens vegvesen og private bidragsytarar. Private grunneigarar og næringsliv har vore med i finansieringa av både analyser og tiltak. Ansvarsforholdet mellom kommunen og grunneigarane er også regulert i ein eigen utbyggingsavtale.

Mobilisering, involvering og medvirkning

Kommunen har lagt til rette for god medvirkning, særleg frå lokalt næringsliv og grunneigarar. Plan- og analysearbeidet har gått i fleire etappar, der kommunen har involvert grunneigarar og representantar frå handel og næringsliv, mellom anna i fleire arbeidsseminar og ein studietur til Danmark.

Næringsorganisasjonane Knarvik senter og Knarvik næringsforeining sit no i referansegruppa for det pågåande planarbeidet og var representerte inn i BLEST-prosjektperioden. Utbyggjarane er tekne på alvor, bl.a gjennom enkeltvise samtalar rundt utviklingsplanar i sentrumsområda.

I førearbeidet til planarbeidet inviterte kommunen også representantar frå ungdoms- og kulturliv til å gje innspel. I den fasen arbeidet har vore inne i no, har desse gruppene i mindre grad delteke. Når fellesareal og uterom skal planleggast, er dette relevante grupper å involvere. I det nyleg oppstarta arbeidet med områderegulering, er det etablert både ei arbeidsgruppe, ei grunneigargruppe og referansegruppe, der representantar for ulike interessegrupper deltek.

Vi vurderer at medvirkninga og forankringa hjå private grunneigarar og næringsliv i prosjektet har hatt mykje å seie for etableringa av det offentleg/private samarbeidet og økonomiske spleiselaget mellom kommunen, Statens vegvesen og Knarvik senter. Spleiselaget har i neste omgang vore avgjerande for at kommunen har gjennomført fleire analysar og konkrete fysiske tiltak.

Kompetanse og menneskelige ressurser

Lindås kommune har involvert fleire ulike fagmiljø i arbeidet. Fleire arkitektmiljø har gjort analyser og skissert mogelege framgangsmåtar og løysingar for utforminga av Knarvik sentrum. Hordaland fylkeskommune, Husbanken og Statens vegvesen har vore viktig samarbeidspartnarar og rådgjevarar. Som deltakar i stadutviklingsprogrammet BLEST var Lindås kommune også kopla på eit fagleg stadutviklingsnettverk gjennom Husbanken.

Plan- og analysearbeidet har teke tid. Vurderingar rundt framgangsmåte for planlegging og gjennomføring kan vere ei årsak. Begrensa økonomiske midlar avsett og avhengigheit av eksterne bidragsytarar kan også ha medverka. I evalueringa av BLEST-programmet blir Lindås trekt fram som døme på den klassiske utfordringa der ønskje om smidige plan- og utbyggingsprosessar møter behovet for langsiktigheit og føreseielege rammer.

Betydninga av formelle planprosessar, etter politiske og demokratiske prinsipp må då stå sentralt, understrekar tettstadutviklaren i Hordaland fylkeskommune. Korttidshorisonten i slike avgrensa program som BLEST representerer, kan soleis vere hemmande for dei langsame prosessane som stadutvikling er.

Lang analyse- og planfase har fått følgjer for gjennomføringa. På den andre sida har betenkinga gitt arbeidet fleire  innfallsvinklar. Vi meiner difor at «områdingstida» og bruk av fleire eksterne fagmiljø også har bidrege til ei sterkare bevisstheit med omsyn til val og strategiar for sentrumstutviklinga framover. Det bør i neste omgang bidra til god gjennomføring på lengre sikt.

Kommunens rolle

Tettstadutiklinga i Knarvik har vakse fram i eit tett samarbeid mellom Lindås kommune, Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen og næringslivet i Knarvik. Slik vi kjenner prosjektet, fyller kommunen rolla som samfunnsutviklar på ein god måte. I oppstartfasen blei det lagt ned tid og ressursar på å forankre arbeidet hjå viktige samarbeidspartar og interessentar, mellom anna ved å arrangere studieturar og workshops. Gjennom deltakinga i BLEST-programmet blei det lagt til rette for medvirkning også gjennom planverkstader.

Det har so langt bidrege til ein brei lokal samarbeidsplattform, som er avgjerande for at konkrete tiltak kan realiserast. Ikkje minst gjeld dette samspelet med dei private grunneigarane og det økonomiske spleiselaget. Etter vår vurdering synast dette å vere avgjerande for å få til heilskaplege løysingar for både trafikk, buande og besøkande i sentrum.

Fylkeskommunens rolle

Hordaland fylkeskommune har følgd arbeidet i Knarvik gjennom mange år, og har sidan 2006 delteke i arbeidsgruppa. Fylkeskommunen har særleg vore inne som fagleg bidragsytar; i å identifisere sentrale problemstillingar og aktuell tematikk, styrke forståinga av prosessar i tettstadutvikling, bidrege til kompetanseutvikling gjennom å tilrettelegge for studieturar og tettstadkonferansar.

Fylkeskommunen har også bidrege med økonomiske midlar, bl.a. til at kommunen fekk utarbeidd ei mulegheitsstudie i 2007, noko som ga grunnlag til vidare prosess og søknad om midlar frå BLEST-programmet.

Slik vi vurderer det, har fylkeskommunen bidrege med kompetanse som kommunen sjølv ikkje sit på og som er avgjerande med omsyn til å forstå kompleksiteten i og lukkast med den langsiktige prosessen som stadutvikling er.

Målformulering

Gode løysingar for både bil og folk, og utvikling av ein urban tettstadstruktur har vore overordna målsetting i stadutviklingsarbeidet i Knarvik. Arbeidet skal m.a bidra til:

  • Tettare utnytting av areal, med bl.a mindre bruk av arealet til store parkeringsflater
  • Legge til rette for syklande og gåande, med bl.a løysingar for sykkelparkering og kollektivsentral
  • Løysingar for god trafikkavvikling m.o.t interntrafikk og gjennomgangstrafikk

Måla er forankra i kommuneplan og i planprogrammet for Knarvik og hjå interessentar til området. Interessentane har også høve til å konkretisere måla gjennom deltaking i arbeidsgruppe, grunneigargruppe og referansegruppe. Planprogram og områdeplan skildrar analysearbeidet, planprogrammet, vedtak og vidare framdriftsplan. Saman med utbyggingsavtalen mellom Knarvik senter og Lindås kommune skildrar desse dokumenta mål og planlagde tiltak for arbeidet. Etter vår vurdering tek Lindås kommune i bruk gode verktøy, med rammer for planlegging og gjennomføring av arbeidet.

Resultat og effekt

Tettstadutviklinga i Knarvik sentrum er planlagd i fleire steg og er under arbeid. So langt har arbeidet gitt ny vegløysing i sentrum, gangvegar og undergang for gåande og syklande. Nytt parkeringshus og nytt forretningsbygg er også bygd, i samarbeid med private aktørar.

Ny rundkøyring for E39 er også etablert, uavhengig av stadutviklingsprosjektet, men likevel med kopling til samarbeidet og nettverket mellom kommune og vegmyndigheiter. Som prosjektleiaren seier: «Kanskje fekk ein dette arbeidet til, delvis som følgje av nettverket som blei etablert gjennom Blest-prosjektet»?

Enno står mykje arbeid att og for tidleg å vurdere den totale måloppnåinga i arbeidet. Områdeplanen som er under utarbeiding, vil legge rammer for den vidare satsinga hjå både kommune og lokalt næringsliv. Planen er tenkt ferdigstilt i 2011.

Slik vi vurderer arbeidet so langt, har dei gjennomførde tiltaka allereie bidrege til eit tryggare og trivelegare sentrum og til eit godt  samarbeid mellom lokalt næringsliv, kommunen og Statens vegvesen.

Nyskapning og kreativitet

Det lokale samspelet og økonomiske spleiselaget mellom kommune og næringsliv, særleg Knarvik senterutvikling og Knarvi næringsforeining, er eit vesentleg trekk ved stadutviklingsarbeidet i Knarvik. For Lindås kommune har dette vore ein ny måte og jobbe på, og som synast å hatt avgjerande betydning for å lukkast med heilskapleg sentrumsutvikling. Etter vår meining har erfaringane som Lindås kommune her har gjort seg, god overføringsverdi for andre.

Kommunen har også tenkt nytt gjennom å etablere samarbeid mellom ulike arkitektfaglege miljø i fleire fasar av arbeidet. Dette har hatt  betydning for prosjektet ved at kommunen har opparbeidd seg brei kunnskap om mogelege steg vidare.

Stadutviklingsprosjektet i Knarvik er enno pågåande, men Distriktssenteret meiner at Lindås kommune, er på godt spor i å realisere målet om å utvikle Knarvik til ein triveleg og trygg tettstad for både bil og folk.

Læringsverdi

Fysisk stadutvikling tek tid. Det er ei viktig erfaring so langt. Det har vore nødvendig å bruke tid både på å utarbeide visjonar og planar, og å einast om strategi for korleis arbeidet skal gjerast. Langsiktig planlegging, men realisering av tiltak undervegs er Lindås kommune sin strategi for tettstadutviklinga. Slik veks stadutviklingsarbeidet fram meir som prosess, enn prosjekt.

Kommunen erfarer også at involvering av sentrale interessegrupper er avgjerande for å få realisert dei konkrete tiltaka. Fokuset på involvering synast å ha direkte samanheng med kommunen si deltaking i Husbankens stadutviklingsprogram BLEST, der lokal medverknad blei sett som premiss for arbeidet. Den vidare planlegginga skjer no også i samarbeid med det lokale næringslivet og grunneigarane, bl.a med arbeidsseminar for utarbeiding av områdeplan.

Samarbeidet og det økonomiske spleiselaget mellom kommunen og det lokale næringslivet er eit vesentleg trekk ved arbeidet i Knarvik. Det synast å vere avgjerande for å få realisert dei planlagde tiltaka. Slik vi vurderer det, har spleiselaget vakse fram som følgje av god dialog og involvering lokalt. Områdeanalysa for Knarvik sentrum er resultat av offentleg-privat samarbeid, og ny rundkøyring er finansiert med privat forskottering. Tilsvarande løysingar blir vurderte som aktuelle også i det vidare arbeidet.

Mål og resultat

Eit overordna mål i kommunedelplan for Knarvik – Alversund, frå 2007, er å utvikle Knarvik til ein funksjonelt, triveleg by med lokalt særpreg, og med vekt på estetikk og miljø i alle løysingar. Sentrum i Knarvik har gjennom åra utvikla seg på ein slik måte at det ikkje er attraktivt å gå mellom og til og frå ulike gjeremål. Bilen er det dominerande framkomstmiddelet, med mykje lokaltrafikk i ei sentrumskjerne som også er prega av at europaveg 39 deler tettstaden i to. E39 i tunnell under sentrum er skissert, men gjennomgangstrafikken i dag er ikkje så stor at kommunen forventar ei slik løysing i nær framtid.  Gode løysingar for lokaltrafikken, med E39 der den no ligg, er difor konkrete mål for arbeidet. So langt har arbeidet gitt ny rundkøyring på E39, parkeringshus, utvida gangvegsystem og undergang for gåande og syklande. Erfaringa etter etablering av rundkøyring er mindre kø-problem.

Prosess

Lindås kommune har over lang tid fått utarbeidd analysar og utgreiingar for vidare utvikling av Knarvik sentrum, og fleire ulike fagmiljø har vore involverte. Arbeidet har teke tid, men har samstundes gjeve kommunen eit breitt grunnlag for å gjere sine val. Tettstadutviklinga er planlagd i fleire steg og arbeidet er ikkje avslutta, men i Knarvik byrjar ein no å sjå resultat av prosessen. Dialogen med og involveringa av det lokale næringslivet og grunneigarane er god. Interessegruppene deltek i planlegginga og bidreg med finansiering av fleire tiltak.

Vegen vidare

Lindås kommune starta våren 2010 planarbeidet gjennom å vedta planprogram for områdeplan Knarvik sentrum. I arbeidet med reguleringsplanen har kommunen dialog med grunneigarar, lag og foreiningar, og lokale og regionale fagmynde.Fram til ny plan er vedteken, er det lagt ned bygge- og deleforbod i planområdet.

Etter ein lengre analyse- og planleggingsfase, meiner vi at Lindås kommune er undervegs i å nå viktige mål for arbeidet. Godt samspel med Statens vegvesen, Hordaland fylkeskommune og involvering av grunneigarar og lokalt næringsliv meiner vi er sentrale føresetnader for å lukkast, også i det vidare arbeidet.

Distriktssenteret vil presentere meir informasjon og erfaringar i ei seinare fase av prosjektet. Vår kunnskap om prosjektet, slik det her blir presentert, baserer seg på to eksterne kjelder.