Småsamfunnsprosjektet Lårdal Liv Laga var eit treårig prosjekt der Lårdal Vel fekk økonomisk stønad av Tokke kommune, fylkeskommunen og departementet. Lårdal sleit med fråflytting og nedlegging av arbeidsplassar og var redd for at skule, barnehage og butikk skulle stengje. Ein såg vekst i busetnaden og vekst av verksemder knappe året etter at prosjektet kom i gong. Prosjektet satsa i stor grad på ungdom.
Bulystprosjektet Dalen+ fekk Bulystmidler 2012-2014 for å arbeide med å leggje til rette for at lokalsamfunnet Dalen blir attraktiv å bu i og flytte til. Prosjektet skal fokusere på verdiar som er attraktive for unge vaksne når dei skal finne ein stad å busetje seg. Prosjektet ønskjer å engasjere lokalsamfunnet og eldsjeler til å drive eit aktivt arbeid for å styrke vekstkrafta. Det er oppretta eiga stilling for denne type arbeid.
Aktivitetar
- Arrangement utanfor kommunen for å rekruttere folk
- Arrangement i kommunen for å stimulere bortebuarar til å flytte heim
- Brev til potensielle utflyttarar
- Annonsering i media
- Eigen nettstad
- Deltaking på utstilling/stand
- Samarbeid med næringsliv og/eller frivillige organisasjonar for å gjere staden attraktiv
- Vertskapsordning
- Tilrettelegging av bustad for tilflyttande
- Integreringstiltak for tilflyttende
Viktigste salgsargument
- Livskvalitet
- Bydemiljø/sosialt miljø
- Arbeidsplassar
Samarbeidspartnarar
- Grende- og bygdelag
- Telemark fylkeskommune
- Næringslivet
- Frivillege lag og organisasjonar
- Regionrådet for Vest-Telemark, Vest-Telemarkrådet
Hovudmål
Målgrupper
- Alle typer innflyttarar
Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommunar
Småsamfunnsprosjekt og bulyst i Tokke er presentert med grunnleggjande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket er ein del av ”Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene”. Arbeidet er ein del av prosjektet ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.