Skatter for fremtiden

Nasjonalparkar i Nord-Norge og Midt-Norge samarbeider om å finne attende til gamal kunnskap om naturtyper, planter og dyr og gjere det om til ”skatter for fremtiden”.

Lierne Nasjonalparksenter har satt i gang to delprosjekt, som fokuserer på kva verdi naturressursane har i kulturhistoria. Prosjekta skal gjennomførast i samarbeid med fire nasjonalparksenter:

  • Øvre Pasvik og Stabbursnes i Finnmark
  • Lierne i Nord-Trøndelag
  • Femundsmarka i Hedmark og Sør-Trøndelag

Målet er å finne attende til gamle kulturskattar, vere ein aktiv formidlar av denne kunnskapen og ut frå dette skape nye produkt og opplevingar.

Planter og dyr

I Finnmark vil Øvre Pasvik nasjonalparksenter og Stabbursnes naturhus og museum sjå på kva planter, dyr og naturtyper som er brukt av dei ulike folkegruppene (nordmenn, samar, kvener, russarar og finnar) som har levd og virka i verneområda.

Maten i naturen

I Midt-Norge vil Lierne nasjonalparksenter og Femundsmarka nasjonalparksenter, avdeling Røros, sjå på tradisjonell bruk av naturen i høve mat. Midt-Norge har alt gjort ein del innsamlingsarbeid med tanke på tradisjonell utnytting av naturressursar. Dette prosjektet vil mellom anna ta tak i områda som enno ikkje er kartlagt, og sjå korleis lokalsamfunn har utnytta ressursar i naturen som næringsemne, råmateriale eller medisin.

Prosjektet vil skape verdiar på fleire område. Innsamling av informasjon vil auke forståinga for vern og rett bruk av naturen. På lang sikt kan dette gi stor verdi for planlegging av arealbruk.

Samarbeid for å skape mye produkt

I tillegg til Lierne Nasjonalparksenter og partane i pilotprosjekta, vil ein også samarbeide med lokale historielag, bygdelag, skuleverket, media og føretak som vil lage produkt basert på råvarer frå naturen.

Naturarven som verdiskapar

Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet ”Naturarven som verdiskapar”.

Prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.