Fagområde: Næringsutvikling

Sauda vidaregåande skule som utviklingsaktør

I Rogaland fylke har fylkeskommunen prioritert ressursar til regional utvikling ved å bruke Sauda vidaregåande skule som regional utviklingsaktør.

Sauda vidaregåande skule (vgs) er lokalisert med to avdelingar i Sauda kommune, og ein avdeling på Sand i Suldal kommune. Den vidaregåande skulen i Sauda har hatt fokus på å tenkje utvikling i mange år. Bakgrunnen for deira arbeid har vore negativ folketalsutvikling i Indre Ryfylke, negativ fødselstalsutvikling og dermed manglande elevgrunnlag for vanleg skuledrift på sikt. Om ein ikkje gjorde noko, ville skulen bli styrt mot ei avvikling.

Dette har gjort at skulen har tenkt annleis. I lag med skuleeigar Rogaland fylkeskommune har dei jobba etter visjonen ”Me vil meir”. I dette ligg det at i tillegg til å drive ein vidaregåande skule, vil dei også vere ein regional utviklingsaktør og kompetansesenter for Indre Ryfylke. Som regional utviklingsaktør vil dei skapa gode arenaer for utdanning og utvikling, og samarbeider tett med offentlege verksemder og regionalt næringsliv.

Distriktssenteret har sett på korleis Sauda som vidaregåande skule har vore ein lokal og regional utviklingsaktør, og kva ringverknadar dette har gjeve lokalsamfunna. Sauda vgs har jobba med utviklingsprosjekt i mange år. Distriktssenteret har sett på eit utval av prosjekt der vi har leita etter gode måtar å jobbe på som kan ha læringsverdi for andre. Vi har sett på utviklingsprosjekt som det har vore jobba med over tid, og som samla sett har gjort Sauda vgs til ein interessant utviklingsaktør både lokalt og regionalt i Ryfylke. Vi har også leita etter viktige koplingar mellom dei ulike prosjekta. Av regionale utviklingsprosjekt har vi sett på:

Oppstart prosjekt Omhandlar
2004 Pilotprosjekt Regionalutvikling – ”Eit hopp inn i framtida” – ToppVolley Norge lagt til Sauda vgs, avd Sand i Suldal kommune
2007 Nettskolen Rogaland – kompetanse, nettbasert undervisning
2009 Skreddersydd utdanning – ”Gå vidare der du er”

Sauda vgs har også vore involvert i lokale utviklingsprosjekt som Distriktssenteret ser i samanheng med dei regionale prosjekta. Her vil vi spesielt nemne:

  • Adresse Sauda – lokalt utviklingsprosjekt i Sauda med fokus på rekruttering
  • Omdømmebygging og attraktivitet – internt omdømmearbeid på Sauda vgs der fokuset er at ein god Sauda vgs gir dei beste ambassadørane med tanke på rekruttering og tilflytting seinare i livet.

ToppVolley Norge

Sauda vgs var i 2004 involvert i etablering av ToppVolley Norge. Arbeidet resulterte i at det vart etablert ein landsdekkande vidaregåande skule med volleyballmiljø på landslagsnivå på Sand, i Suldal kommune. Bak suksessen stod eit viktig partnarskap med Rogaland fylkeskommune som eigar, Sauda vgs, Suldal kommune, Statkraft og andre utviklingsaktørar både i Sauda og Suldal.

I samband med at ToppVolley Norge vart lagt til Sauda vidaregåande skule, avd. Sand, sette Fylkeskommunen i den samanheng i gang eit tre-årig «Pilotprosjekt Regionalutvikling”, for å sjå på ringverknader ToppVolley Norge skapte lokalt og regionalt. Fylkestinget sette av 2,4 millionar i perioden 2004 til 2007 til «Pilotprosjektet Regionalutvikling – Eit hopp inn i framtida”. Utviklingsprosjektet hadde eigen prosjektleiar i 100% stilling, med kontorstad Sauda vgs.

Kompetansen som ein fekk gjennom ”Eit hopp inn i framtida” vart drivkraft til å tenkje nytt på fleire områder for den vidaregåande skulen. Ein såg ringverknadane ToppVolley Norge gav lokalsamfunnet med 25 – 30 nye arbeidsplassar, investeringar i bygningsmasse og infrastruktur tilrettelagt for nettbaserte studiar.

For Sauda vidaregåande skule resulterte dette utviklingsarbeidet i noko nytt. Skulen fekk eit nytt oppdrag der dei var regional og lokal utviklingsaktør i tillegg til å drive tradisjonell opplæring i form av vidaregåande skule. Dette opna også nye kontaktpunkt inn mot Fylkeskommunen. Ein ny og viktig samarbeidsaktør var no regionalutviklingsavdelinga i tillegg til opplæringsavdelinga i Rogaland fylkeskommune.

Nettskulen Rogaland

I 2007 blei Nettskolen Rogaland etablert som eit tre-årig fylkeskommunalt prosjekt. Det overordna målet var å utvikle kompetansen på nettbasert undervisning i Rogaland fylke. Vidare skulle dette gjere distriktsskulane konkurransedyktige, og halde oppe eit breitt utdanningstilbod i distrikta. Dette skulle igjen gje dei vidaregåande skulane eit nytt bein å stå på. Prosjektet blei organisert med Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen og skulane på Strand, Ølen, Dalane og Sauda. Prosjektleiinga vart lagt til Sauda vgs.

I løpet av prosjektperioden vart det etablert gode tekniske løysingar som gjorde at skulane no kan gje tilbod om undervisningsopplegg via nettet. Det er gjort undersøkingar på kva fag som best egner seg for denne typen undervisning, korleis elevane opplever og leverer etter denne metoden, og korleis lærarane opplever ein slik undervisningssituasjon. Nettskulen i Rogaland er no over i ordinær drift, og tilbodet blir marknadsført som:

”Uten fastlagt undervisningstid og vanlig direktekontakt med faglærer møter både nettlærere og nettelevene nye utfordringer til struktur og systematikk i arbeidet. Nettskolen Rogaland er et kontaktskapende samarbeid og døråpner til moderne arbeids og studiemetoder. Sauda videregående skole har det administrative ansvaret, men det er egen kontaktperson for nettskolen ved hver av skolene.”

Skreddarsydd utdanning – ”Gå vidare der du er”

I 2009 vart det etablert eit nytt utviklingsprosjekt kalla Skreddarsydd utdanning. Initiativet kom frå Sauda vgs til eit regionalt samarbeid om utdanning og vidareutdanning mot private og offentlege verksemder. Prosjektet retta seg i første omgang mot regionen Sauda, Suldal og Vindafjord.  ”Gå vidare der du er”, var slagordet.

Prosjektet baserte seg vidare på at lokalsamfunn må utviklast ved å kvalifisere dei som er der. Prosjektet er tre-årig og varer fram til sommaren 2012. Det er organisert med partnarskapsavtale mellom Høgskulen Stord/Haugesund, Sauda vgs, Suldal kommune, Sauda kommune, Suldal Utviklingsselskap og Sauda Vest. Prosjektet hadde eigen prosjektleiar (50%) og prosjektmedarbeidar (40%). Gjennom prosjektet skulle utdanningsbehovet i offentleg og privat sektor i regionen kartleggast. Allereie hausten 2009 var dei i gang med fagtilbod på Sauda vgs og gjennom nettbasert utdanningstilbod.

Omstillingslære er eit av studia som vart gjennomført i 2011. ”Studiet er tilpasset lokale miljø og tar sikte på å gi kompetanse til å starte, stimulere og styre omstillingsprosesser i lokalsamfunn.” Det var i alt 85 deltakarar på studiet – fordelt med 70 personar i Sauda og 15 personar i Suldal.

I løpet av to år har 600 personar delteke på tilbod gjennom skreddarsydd utdanning. Dette er langt over måltala som vart sett ved prosjektstart.

Adresse Sauda

Sauda vgs har også vore involvert i lokale utviklingsprosjekt. I 2007 gjekk dei i lag med Sauda kommune, NAV, Sauda Vekst, Sauda Idrettslag og fleire bedrifter og etablerte prosjektet ”Adresse Sauda”. Målet med prosjektet var å styrke arbeidet med rekruttering til ledige jobbar og tilflytting til Sauda. Målgruppa er utflytta saudabuere, studentar og elles andre som ser Sauda som ein framtidig bu-kommune. Prosjektet er no over i meir ordinær driftsfase, der Sauda Vekst har eit ansvar for vidare drift og tiltak. Nettverket mellom dei lokale utviklingsaktørane held fram med jamleg møte ca ein gong i månaden.

”God skule”-effekten – omdømmefokus på Sauda vgs

Utan at det er organisert som eit eige utviklingsprosjekt, har Sauda vgs eit kontinuerlig fokus på handlingar som gir skulen eit godt omdømme. Skulen er tydeleg på kven dei vil vere. Dei skal vere kjent for gode skreddarsydde løysingar, høg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø blant elevar og tilsette. Dei legg vekt på å gi elevane tett oppfølging og eit fagleg godt utdanningstilbod. Skulen uttrykker at eit godt omdømme er svært viktig for deira framtidige utvikling.

Det at elevane trivast på skulen, lite fråfall under utdanning, er eit viktig kvalitetsstempel. Desse elevane blir også dei beste ambassadørane Sauda vgs kan få. Eit godt omdømme er vidare viktig for å rekruttere kompetente tilsette, som igjen har samanheng med det faglege tilbodet til elevane. Skulen legg i dette arbeidet også vekt på samarbeid med føresette, næringslivet, og det å bli oppfatta som ein samfunnsaktør med integritet.

Eierskap, organisering og formell forankring

Distriktssenteret har sett på fleire utviklingsprosjekt der Sauda vgs har hatt ein rolle som lokal og regional utviklingsaktør. For å lettare sjå samanheng mellom dei ulike prosjekta, har vi laga ein tabelloversikt over utviklingsarbeid som Distriktssenteret har sett på.

Prosjekt-periode Utviklingsprosjekt Omhandlar Prosjekteigar Prosjektleiing Status
2004-2007 Pilotprosjekt Regionalutvikling – ”Eit hopp inn i framtida” ToppVolly Norge. Etablering av nasjonalt volleyballtilbod ved Sauda vgs på Sand Rogaland Fylkeskommune Sauda vgs I drift frå 2006
2007-2010 Nettskolen Rogaland Tilrettelagt undervisning via nett til skulane Strand, Ølen, Dalane og Sauda vgs Rogaland Fylkeskommune Sauda vgs I drift frå 2008
2009-2012 Skreddersydd utdanning «Gå vidare der du er”. Kompetanseutvikling og vidareutdanning for privat og offentleg verksemder i Indre Ryfylke Regionalt partnerskap Sauda vgs Studietilbod i gang frå hausten 2009

Prosjekta er forankra i Fylkesplan for Rogaland fylkeskommune og Regionalt utviklingsprogram 2006 – 2009. Rogaland fylkeskommune har vore pådrivar for at det vert etablert partnarskap i samband med eit utviklingsprosjekt. Med partnarskap meiner ein her at deltakarane legg ressursar, kompetanse, nettverk eller økonomiske midlar inn i eit samarbeid for å skape vinn-vinn. Dette er ein skriftleg avtale mellom dei involverte partnarane i utviklingsprosjektet. Avtalen definerer også rolla dei ulike partnarane har i arbeidet.

Det har vore etablert partnarskapsavtaler for alle desse utviklingsprosjekta (aktørane er lista opp i beskrivelsen). Distriktssenteret vurderer at desse partnarskapa har vore svært viktig for forankring og eigarskap. Partnarskapa blir også beskrive som fora for idéutvikling og gode samarbeidsløysingar, og etter prosjektets slutt, har partnarskapa halde fram sitt samarbeid. Gjennom partnarskapsavtalane vert også medlemmane beskrive som likeverdige representantar, og mykje kan tyde på at denne type organisering bidrar til eit sterkt og breitt eigarskap.

Fylkeskommunen har vore representert i utviklingsprosjekta både ved opplæringsavdelinga og regionalutviklingsavdelinga. For Sauda vgs har det vore viktig at fylkeskommunen har prioritert ressursar til å drive utviklingsarbeid ved sidan av å drive ein vidaregåande skule. Distriktssenteret meiner Rogaland fylkeskommune har sett på ein spennande kopling mellom regional utvikling og utdanningstilbodet i Indre Ryfylke i dei utviklingsprosjekta dei har jobba med.

Alle utviklingsprosjekta har vore godt organisert med 100% stillingsressurs til prosjektleiar, prosjektgruppe og styringsgruppe. Styringsgruppe for dei ulike prosjekta har vore etablert med at samtlege medlemmar i den omtalte partnarskapen har vore likeverdig representert. Prosjektleiar har jobba aktivt inn mot fylkespolitikarar på Fylkesting og lokale politikarar med å gje informasjon. Det blir også fortalt om representantar frå Fylkestinget som aktivt har oppsøkt Sauda vidaregåande skule for å høyre meir om arbeidet som det har vore jobba med.

Prosjektleiar beskriver at det heile vegen har vore fokus på at prosjektet skal leve vidare etter at prosjektperioden er slutt. Distriktssenteret vurderer at dette også er tilfelle i dei aktuelle prosjekta vi har sett på. Vi ser dette i samanheng med god organisering og forankring i prosjektperioden.

Mobilisering, involvering og medvirkning

Då Sauda vgs vart trekt inn i utviklingsprosjektet med ToppVolley Norge og Pilotprosjekt Regionalutvikling, vart det etablert ein 100% prosjektleiarstilling i tilknytning til skulen for å jobbe med utviklingsarbeid. For skulen var dette ein ny rolle. Frå å vere ein tradisjonell vidaregåande skule, til også å vere ein regional utviklingsaktør.

Rektor ved Sauda vgs har lagt stor vekt på god involvering blant dei tilsette på skulen. Det å jobbe med utviklingsarbeid krev ressursar, og er ikkje noko ein kan gjere samtidig med å vere lærar på fullt. I strategiarbeidet rundt ”kven ein vil vere” har skulen lagt stor vekt på gode prosesser med involvering av dei tilsette. Arbeidet er også kopla i hop med skulen sitt fokus på eit godt omdømme. Skuleleiinga har lagt vekt på at skal ein bli oppfatta som ein samfunnsaktør med integritet, er skulen sitt omdømme viktig. Dette heng igjen saman med den faglige leveransen som skulen og lærarane leverer som kompetansesenter.
Distriktssenteret vurderer at dei tre utviklingsprosjekta vi har sett på, kunne ikkje vore gjennomført utan at lærarkrefter på Sauda vgs var positive til å delta. T d Nettskolen Rogaland har kravd nye måtar å jobbe på som lærar. Skreddersydd utdanning har gitt andre studentar enn det ein er vand med frå vidaregåande.

Representantar frå kommunane Distriktssenteret har vore i kontakt med beskriver at dei har vore tett på prosjekta gjennom partnarskap og prosjektmøte. Det er vidare lagt vekt på orientering lokalt for politikarane.

Sauda kommune beskriver Sauda vgs som ein viktig utviklingsaktør lokalt og regionalt. Dei har etablert eit fast møteforum siste fredag i månaden der kommunen, Sauda Vekst og Sauda vgs møtast. Dette er eit viktig fora for informasjonsutveksling på kva som skjer i utviklingsarbeidet, og ein møteplass der lokalt utviklingsarbeid kan diskuterast.

Skreddarsydd utdanning, der målgruppa er offentleg og privat sektor i regionen, var der brei mobilisering. Kommunane gav eit breitt tilbod til sine tilsette. Sauda vgs hadde opne informasjonsmøte i kommunane. Suldal Vekst og Sauda Vekst jobba aktivt mot lokalt næringsliv og bedrifter. Når 600 personar deltek på ulike utdanningstilbod i løpet av to år, meiner Distriktssenteret at dette tyder på god kartlegging av kva tilbod brukarane ønskja, og god mobilisering når så mange deltok.

Innbyggjarar og næringsliv i Ryfylke har gjennom annonsering og mediaoppslag blitt kjent med nye tilbod som Sauda vgs leverer. Dei har blitt oppfordra til å ta kontakt og definere sine behov for ny kompetanse, og skulen har laga tilpassa opplæringstilbod i samsvar med desse.

Distriktssenteret meiner at det har vore jobba godt med mobilisering og involvering i dei tre utviklingsprosjekta vi har sett på. Dette har vore gjort på mange arenaer som gjennom partnarskap, kommuneleiing, politikarar, innbyggjarar og lokalt næringsliv. Vi-følelsen er sterk. Fleire av aktørane Distriktssenteret har vore i kontakt med snakker om «vi» når dei snakkar om sitt engasjement opp mot Sauda vgs og deira utviklingsprosjekt.

Kompetanse og menneskelige ressurser

Rogaland fylkeskommunen har hatt ein svært aktiv rolle som prosjekteigar. Målsettinga til fylke om å ha eit likeverdig vidaregåande opplæringstilbod av høg kvalitet til alle mellom 16 og 21 år, har vore eit viktig grunnlag for utviklingsprosjekta. I tillegg til å delta aktivt i arbeidet gjennom partnarskap og styringsgrupper, har Fylkeskommunen også bevilga pengar til prosjekta. Dette har nok vore ein viktig føresetnad for at utviklingsprosjekta har hatt nok ressursar og eiga prosjektleiing.

I dei utviklingsprosjekta Distriktssenteret har sett på, har Sauda vgs hatt ansvar for prosjektleiinga. Det er også same prosjektleiar i dei ulike utviklingsprosjekta. Sauda vgs såg at om dei skulle ha ei rolle som regional og lokal utviklingsaktør, så måtte dei prioritere ressursar til utviklingsarbeid. Dei starta med at prosjektleiar for ToppVolley Norge hadde kontorstad på Sauda vgs. I dag har skulen to årsverk som dei brukar på utviklingsarbeid og tilrettelegging av studietilbod for offentlege og private bedrifter i Ryfylke. Rektor beskriver utviklingsarbeid som eit ”handverk der ein byggjer stein på stein”, og ser verdien som ligg i kompetansen her.

Distriktssenteret meiner at det har vore høg kompetanse på utviklingsarbeid i desse prosjekta vi har sett på. Dette meiner vi med bakgrunn i resultata prosjekta kan vise til (sjå eige punkt), forankringa som er skapt mot involverte partar og sluttrapportane som ligg føre etter at prosjekta er avslutta. Vi legg også vekt på at kompetansen frå eit prosjekt har blitt ført vidare til neste utviklingsprosjekt. Sauda vgs har med dette skaffa seg varig kompetanse på utviklingsarbeid. Mange har vore involvert, utviklingsarbeidet som er gjennomført er godt dokumentert og på denne måten er kompetansen godt forankra i organisasjonen.

Distriktssenteret ser også døme på at denne kompetansen på utviklingsarbeid kjem lokalsamfunna til gode. Gjennom samarbeidsprosjekt som Adresse Sauda vert det i lag med Sauda kommune og Sauda Vekst, sett fokus på rekrutteringsarbeid og tilflytting lokalt til Sauda.
Suldal kommune beskriver partnarskapen som vart etablert i samband med Topp Volley som eit viktig utviklingsfora for kommunen i dag. Dei viser til at ToppVolley Norge og innnadørs sandhall har skapt mange og nye utviklingsprosjekt for lokalsamfunnet, og at dei brukar utviklingskompetansen ved Sauda vgs aktivt i sitt arbeid vidare.

Kommunens rolle

I desse tre utviklingsprosjekta vi har sett på, er fleire kommunar involvert. I alle utviklingsprosjekta har organiseringa innehalde partnarskapsavtalar og styringsgrupper der kommunane har delteke.

Kommunane har ein viktig rolle som aktiv støttespelar i utviklingsarbeidet, og det å vere ein god tilretteleggar på lokalt nivå. Eit døme her er kommunen si rolle som tilretteleggar for ungdom. Det er ikkje nok at Sauda vgs jobbar aktivt for at dei skal trivast på skulen. Kommunen må legge til rette for at dei også har det kjekt på fritida. Kva tilbod er viktig for denne aldersgruppa? Korleis tek ein vare på ungdom som flyttar til bygda, og er det nok hyblar? Korleis kan ein engasjere dei unge til å vere aktive ressursar for lokalsamfunnet?

Sauda kommune har vore ein stor brukar av dei regionale studietilboda som Sauda vgs har gitt. Mange kommunalt tilsette har fått tilbod om kompetanseheving. Dette har skapt forankring av det arbeidet Sauda vgs gjer blant dei tilsette i kommunen.

Vidare har studietilbod frå Sauda vgs skapt lokal forankring til mange i næringslivet både lokalt og regionalt. Sauda kommune trekker fram studien i omstillingslære der 70 personar deltok, som eit godt døme. Her vart det etablert nettverk på tvers av arbeidsplassar og ein jobba i grupper med eksamensbesvarelsar.

Distriktssenteret har også vore i kontakt med Suldal som er vertskommune for ToppVolley Norge. Dei var aktivt med i utviklingsprosjektet når det nasjonale volleyballtilbodet vart lagt til Sand i Suldal kommune. Dette vedtaket har hatt svært stor betydning for kommunen. Historia til Suldal var ein nedlagt folkehøgskule der bygga stod tomme, og ein bygglinje på den vidaregåande skulen der elevtalet var synkande. Situasjonen er no endra til ein sterk vidaregåande skule med 100 elevar, og der det er kamp om plassane. Internatet til det som ein gong var folkehøgskule er no teke i bruk til elevar ved ToppVolley linja og byggelevar.

Partnarskapen som blei etablert i samband med ToppVolley Norge eksisterer enno, og er eit viktig utviklingsfora for Suldal kommune. I 2011 opna dei ein innandørs sandhall som er den einaste hallen i Norge som er godkjent for internasjonale meisterskap. Suldal kommune opplever ein svært positiv spiral av utvikling som har skjedd i tilknytning til den vidaregåande skulen. Dei ser at dei har ei viktig oppgåve i å vere tett på skulen i vidare arbeid, både som tilretteleggarar og medspelarar.

Distriktssenteret har sett på korleis kommunane har samarbeida med Sauda vgs som regional- og lokal utviklingsaktør. Vi ser at kommunane har jobba tett mot den vidaregåande skulen i deira utviklingsarbeid. Kommunane har vore med i partnarskapsavtalar og styringsgrupper. Nettverka som har vorte etablert under prosjektperioden har halde fram etter prosjektet slutt. Kommunane har teke ei aktiv rolle som medspelar, støttespelar og tilretteleggar for utviklingsprosjekta.

Distriktssenteret meiner kommunane kunne teke ein endå sterkare rolle som ansvarleg for lokalt utviklingsarbeid. Ei målretta styring på utviklingsarbeidet lokalt er med å skape eit tydelig bilde av kommunen utad, og kan på denne måten vere med å gje kommunen som lokalsamfunn eit godt omdømme. Dette arbeidet må forankrast i samfunnsdelen av kommuneplanen.
Sauda vgs legg stor vekt på arbeidet med å bygge eit godt omdømme for skulen – både mot eigne tilsette, elevar og føresette. Kommunane har eit hovudansvar for at deira lokalsamfunn har eit godt omdømme. I dette arbeidet må dei spele på lag med lokale og regionale utviklingsaktørar. For kommunane i Ryfylke sit Sauda vgs på ein nyttig og god kompetanse på utviklingsarbeid.

Målformulering

I og med at Distriktssenteret her har sett på samanhengen mellom fleire utviklingsprosjekt, ønskjer vi ikkje å gå i dybden på målformuleringar ved kvart enkelt prosjekt. Alle utviklingsprosjekta har vore godt definert, med mål og visjon. Prosjektleiar og styringsgruppe har vore aktivt med på å utforme mål og delmål, og det har gitt dei eit sterkt eigarforhold til arbeidet. Vi finn det likevel interessant å trekke ut nokre mål som er meir overordna og på ein måte knyttar dei ulike prosjekta saman.

ToppVolley Norge

  • Vise fram ToppVolley Norge ved arrangement for å bygge lokal identitet og synleggjere sideeffektar ved ei slik etablering lokalt og regionalt.

Nettskolen Rogaland

  • Utvikle kompetanse på nettbasert undervisning i Rogaland fylkeskommune, og la distriktsskulane få eit særskilt høve til å utvikle denne kompetansen for å styrke eige opplæringstilbod.
  • Gjere distriktsskulane konkurransedyktige på tilbodssida samanlikna med byskulane og privatskulane.

Skreddarsydd utdanning

  • Lokalsamfunn kan utviklast ved å kvalifisere dei som er der
  • Utvikle og drifte eit system for varig etter- og vidareutdanning i regionen Sauda, Suldal og Vindafjord.
Resultat og effekt

Når Distriktssenteret her har vurdert måloppnåing, har vi ikkje sett på resultata dei enkelte utviklingstiltaka har hatt. Vi har leita etter ringverknader og effektar lokalt og regionalt som følgje av utviklingstiltaka samla sett.

Sauda vgs

Kanskje den viktigaste effekten er elevtala ved Sauda vidaregåande skule. Her peikar søkjartala no oppover stikk i strid mot prognosane. Frå rapportar ser vi at dette har samanheng med ToppVolley Norge, breiare elevtilbod som følgje av Nettskolen Rogaland, Skreddarsydd Utdanning der tilsette i offentlege og private bedrifter tek vidareutdanning, og elles Sauda vgs sitt fokus på å tilretteleggje for studietilbod som vert etterspurt og evna til å fornye seg. Eit godt døme er prosjektet Skreddarsydd utdanning. Berre i løpet av to år har 600 personar (tilsvarer 20 bachelorgrader) delteke på kompetanseheving i tilknyting til dette prosjektet. Dette er langt over måltala som vart sett ved prosjektstart. Prosjektet Skreddarsydd Utdanning har vorte ein slik suksess at Rogaland fylkeskommune ønskjer at det vert utvida i 2012 frå å gjelde tre kommunar til å gjelde heile Ryfylke.

Vidare kan vi lese av elevundersøkingar at Sauda vgs har svært motiverte elevar, og er blant dei beste i fylke på tal elevar som fullfører eksamen/har låg ”drop-out”. Distriktssenteret ser dette i samanheng med omdømmearbeidet til Sauda vgs, at dette har hatt god effekt og at skulen vert oppfatta som ein attraktiv stad å gå på vidaregåande.

Ser ein samanhengen mellom Nettskolen i Rogaland og Skreddarsydd utdanning, har desse prosjekta gitt eit unikt tilbod til innbyggjarane i Ryfylke. Dei som er interessert i vidareutdanning får høve til dette, utan at dei må reise vekk for å studere –  jamfør slagordet ”Gå vidare der du er”.

Rogaland fylkeskommune

For Rogaland fylkeskommune har dei valgt ein spennande regionalpolitisk inngang. I desse prosjekta har det vore tett samarbeid mellom opplæringsavdelinga og regionalutviklingsavdelinga. Gjennom sitt fokus på eit likeverdig opplæringstilbod, tilrettelegging med digital infrastruktur, har dette gitt distriktsskulane eit nytt bein å stå på. Ringverknadane regionalt har gitt lokalsamfunn med eit godt studietilbod til ungdom, men også tilbod til offentleg og private bedrifter. Det blir spennande å følgje utviklinga i lokalsamfunna etter at så mange har fått kompetanseheving gjennom studiar ved Sauda vgs. Distriktssenteret har tru på at dette vil skape robuste lokalsamfunn, som har evna til å omstille seg for endringar som måtte komme i arbeidsmarknaden.

Vidare synest Distriktssenteret det blir spennande å følgje Rogaland fylkeskommune sitt arbeid mot Sauda vgs som utviklingsaktør. Å jobbe med utviklingsarbeid krev ressursar. I dag er dette arbeidet finansiert gjennom utviklingsprosjekt heilt tilbake til 2004. Ringverknadane av desse utviklingsprosjekta må seiast å vere positive for heile regionen.

Sauda kommune

For Sauda kommune er Sauda vgs ein hjørnesteinsbedrift med 100 tilsette. For dei er det svært viktig at skulen har hatt ei slik positiv utvikling. Dei får behalde viktige arbeidsplassar i kommunen. Dei har eit tilbod til ungdomar etter grunnskulen. Dette kan igjen ha innverknad på kvar folk vel å busette seg. Berre dei siste fire åra har det flytta 60 personar til Sauda med familiar, noko som kommunen knyttar sterkt til skuleutviklinga. For å tilrettelegge for at ein familie med to vaksne skal bu og jobbe i Sauda, er det etablert eit pendlar-kontor i kommunen som gjere det lettare for dei som kan ta med seg jobben/ha nokre dagar i byn.

Elles betyr det mykje for eit lokalsamfunn å få behalde ungdomane fram til dei er 19 år. Ungdomane er ein viktig ressurs som skaper aktivitetar, kulturtilbod og eit levande samfunn.

Vidare tilfører Sauda vgs mykje kompetanse lokalt både til offentleg og private bedrifter. Kommunen har vore aktiv brukar av skulen sitt studietilbod i samband med Skreddarsydd utdanning. Kommunen er spent på kva positive effektar dette vil ha på sikt, og har laga eit system for å følgje opp ringverknader og knoppskyting.

Sauda som lokalsamfunn nyter også godt av kompetansen Sauda vgs har på utviklingsarbeid. Det er etablert eit utviklingsfora der kommunen, Sauda Vekst og Sauda vgs deltek. Adresse Sauda er eit døme på felles utviklingsprosjekt lokalt retta mot rekruttering og tilflytting. I 2009 vart Sauda vgs kåra som årets Sauda-bedrift for det utviklingsarbeidet dei har jobba med.

Suldal kommune

Det at ToppVolley Norge vart lagt til Sand i Suldal kommune har hatt veldig positive konsekvensar for kommunen. Det har gitt kommunen 25 – 30 nye arbeidsplassar sidan 2007. Det er lagt store investeringar i infrastruktur i samband med skulen, som kjem heile kommunen til gode. Folkehøgskulen, som var nedlagt og stod tom, er no rusta opp og teke i bruk som internat for studentar.

Ny innandørshall for sandvolleyball opna i 2011. I 2012 vert det arrangert internasjonalt meisterskap her. Hallen er også ettertrakta som treningsarena for ulike volleyballag langt utom fylkesgrensene. Dette gir igjen vekst for overnattingsbedrifter og lokalt næringsliv.

Årleg kjem det 35 nye ungdomar til Suldal for å gå på vidaregåande med volleyballinje. Tilsaman er det 100 ungdomar ved ToppVolley Norge og bygglinja på Sand, og desse ungdomane er ein viktig ressurs for kommunen. Dei fungerar t d som trenarar for ungdom i Suldal i volleyball. Treningslokalet i Suldalshallen og sandhallen er blitt ein viktig møteplass spesielt for dei unge, men også for heile lokalbefolkningen.

Partnarskapen som vart oppretta som samarbeidsforum då ToppVolley Norge vart etablert, er framleis eit viktig fora for utvikling i Suldal. Her møtast Sauda vgs, Fylkeskommunen, Suldal kommune, Suldal Vekst og Statkraft. Det vert no skissert eit nytt utviklingsprosjekt der ein ser på ringverknadane ToppVolly Norge og sandhallen kan ha både lokalt og regionalt.

Frå Suldal vert det også trekt fram gode døme på at næringslivet ser vinn-vinn med den positive utviklinga som har vore rundt den vidaregåande skulen i Sauda. Statkraft er ein stor og viktig arbeidsplass i Suldal. Dei ser på elevane ved ToppVolley og Sauda vgs som viktige og ei potensiell framtidig arbeidskraft. Dei er aktive sponsorar for ulike aktivitetar, og lagar eigne arrangement for elevar og foreldre for å marknadsføre sin arbeidsplass.

Konklusjon og oppsummering

Distriktssenteret har sett på måten Rogaland fylkeskommune og Sauda vgs har jobba i lag om regional utvikling gjennom tre ulike prosjekt. Sauda vgs har vore meir enn ein vidaregåande skule. Dei har gjennom fleire utviklingsprosjekt tilpassa seg opplæringsbehovet til lokalsamfunna rundt, både innanfor private og offentlege verksemder, og laga skreddarsydde løysingar for kompetanseheving. Dette har gitt Sauda vgs nye studentar, og slik sett gitt dei nye føresetnader for å levere eit godt og fagleg vidaregåande skuletilbod.

Læringsverdi

Distriktssenteret meiner Rogaland fylkeskommune gjennom sine utviklingsprosjekt opp mot Sauda vgs har jobba med distriktsutvikling på ein ny og spennande måte. Gjennom sitt fokus på eit likeverdig opplæringstilbod og tilrettelegging med digital infrastruktur, har dette gitt distriktsskulane eit nytt bein å stå på. Ein god vidaregåande skule som gjere at ungdom i små lokalsamfunn kan bu heime i tre år ekstra, har mykje å seie for attraktiviteten i dette området.

I lokale og regionale utviklingsprosjekt ligg der mykje utviklingskraft i å få fleire aktørar til å jobba i lag. I dei utviklingsprosjekta vi har sett på har det vore skrive partnarskapsavtalar. Dette er forpliktande avtaler der aktørar som ser nytte av utviklingsprosjektet går inn med ressursar, kompetanse, nettverk eller økonomiske midlar.
Distriktssenteret meiner desse avtalane har skapt forankring og eit breitt eigarskap til utviklingsarbeidet. Det har gitt aktørane ei god opplevelse av å lukkast i lag, og skapt driv til vidare utvikling. Gjennom avtalane er det etablert eit viktig nettverk mellom fylkeskommunen som regional utviklingsaktør og lokale aktørar. Etter at prosjektperioden for utviklingsarbeidet er avslutta har fora for partnarskapen halde fram samarbeidet. Dette for å sikre vidare drift, men kommunane beskriver også dette fora som ein arena for idéutvikling og samarbeid.

Distriktssenteret ser også ein viktig samanheng mellom dei ulike utviklingsprosjekta. Kompetanse og utvikling i eitt prosjekt har gjort nye prosjekt mogeleg. Nettskolen Rogaland la forutsetningar for at Skreddarsydd utdanning kunne gjennomførast når digital infrastruktur alt var på plass. Det at leiinga for alle tre prosjekta var lagt til Sauda vgs, meiner vi har vore ein styrke for kompetanseoverføring og det at eit utviklingsprosjekt genererte nye. Det å få ressursar til å drive samanhengande utviklingsarbeid i ein region, ser vi har hatt positive effektar for lokalsamfunna som har vore involvert.

Mål og resultat

Distriktssenteret ser mange gode resultat av utviklingsprosjekta som har vore gjennomført. Elevtala ved Sauda vgs viser no ein positiv utvikling. Dette har samanheng med ToppVolley Norge, breiare elevtal som følgje av Nettskolen Rogaland, Skreddarsydd utdanning og elles Sauda vgs sitt fokus på å tilretteleggje for studietilbod som vert etterspurt, og evna til å fornye seg.

Lokalt ser vi også positive ringverknader av utviklingsarbeidet.
I Suldal kommune har ToppVolly Norge gitt 25 – 30 nye arbeidsplassar sidan 2007. Kommunen ser no nye utviklingsprosjekt i samband med ToppVolley Norge og sandhallen. Dei merkar stor pågang regionalt og nasjonalt for å bruke anlegget til samlingar og treningshelgar, noko som igjen får konsekvensar for overnattingsbedrifter og lokalt næringsliv i kommunen.
I Suldal kommune har befolkningstalet gått jamt nedover fram til 2008, men har deretter peika positivt oppover frå 3.823 innbyggjarar i 2008 til 3850 i 2011.

For Sauda kommune har det vore viktig å behalde hjørnesteinsbedrifta som Sauda vgs er med om lag 100 tilsette og mange ungdomar som blir værande i lokalsamfunnet til dei er 19 år.
Elevundersøkingar viser at Sauda vgs har svært motiverte elevar, og er blant dei beste i fylke på tal elevar som fullfører eksamen/har låg ”drop-out”. Distriktssenteret ser dette i samanheng med Sauda vgs sitt fokus på omdømmearbeid og kvalitet, og at skulen vert oppfatta som ein attraktiv stad å gå på vidaregåande.

Vidare vil vi trekke fram oppslutninga regionen har vist over kompetansetilboda som Sauda vgs har tilbutt offentlege og private bedrifter gjennom Skreddarsydd utdanning. Berre i løpet av to år har 600 personar (tilsvarer 20 bachelorgrader) delteke fordelt på kommunane Vindafjord, Suldal og Sauda. Målsettinga om at ”lokalsamfunna kan utviklast ved å kvalifisere dei som er der” synest Distriktssenteret er god, og positivt at det er knytta opp til ein utdanningsinstitusjon. Vi har tru på at kompetansehevinga kan bidra til å skape robuste lokalsamfunn som evnar å omstille seg for endringar som måtte komme i arbeidsmarknaden. Sauda Vekst har fått eit ansvar for å følgje opp kva positive effektar kompetansetilboda kan ha på sikt, og skal sjå på ringverknader og knoppskyting.
Sauda kommune har hatt ein negativ folketalsutvikling fram til 2007. Etter den tid har befolkningstalet halde seg jamt på rundt 4.700 innbyggjarar.

Prosess og vurdering

Distriktssenteret sin vurdering er at utviklingsprosjekta har hatt god kompetanse på utviklingsarbeid, og dei har vore godt organisert. Gjennom partnarskapsavtalane er det etablert eit breitt eigarskap til prosjekta hjå regionale og lokale utviklingsaktørar. Det er skapt ein sterk «vi»-følelse og ein utviklingskraft når fleire aktørar jobbar i lag om å skape utvikling.

Vi vil også trekke fram Fylkeskommunen sin rolle som prosjekteigar, og meiner dei har jobba godt på tvers i eigen organisasjon. Opplæringsavdelinga og regionalutviklingsavdelinga har delteke i utviklingsarbeidet. Dei har sett regionale effektar av satsing på opplæringstilbod og digital infrastruktur, og at dette har hatt ein god effekt for distrikta i Rogaland.

Vegen vidare

Distriktssenteret ser med spenning på korleis Rogaland fylkeskommune definerer rolla til Sauda vgs etter fleire vellukka utviklingsprosjekt. Det å vere ein utviklingsaktør og få ressursar til dette arbeidet, kan gje skulen fleire bein å stå på gjennom å vere eit regionalt kompetansesenter for offentlege og private bedrifter, i tillegg til å vere ein god vidaregåande skule.

Distriktssenteret har også forventingar til kommunane og deira rolle som lokal utviklingsaktør vidare framover. Vi meinar det er viktig at kommunane tek ein aktiv rolle, og gjer koplingar opp mot samfunnsdelen i kommuneplanen der dei definerer ønskja utvikling for sitt lokalsamfunn. Vidare har utviklingsprosjekta her vist at det å samle fleire utviklingsaktørar har god effekt. Kommunane har eit ansvar for at alle interessene i eit lokalsamfunn blir ivareteke, og må spele på lag med næringsliv og frivillige organisasjonar.