Reisemålsutvikling i Nordfjord – kommunane si rolle i utviklinga

Interkommunalt samarbeid om reisemålsutvikling i Nordfjord.

Reisemål Stryn og Nordfjord (RS&N) vart skipa i 1997 og består av kommunane Stryn, Eid, Selje, Hornindal, Vågsøy og Gloppen. Reisemålsselskapet har ein tredelt struktur kor dei sel reiselivsprodukt lokalt, regionalt og nasjonalt. Dei har fleire samarbeidspartnarar, blant anna Fjord Norge AS og Innovasjon Norge.

RS&N er opptekne av å vere eit fellesorgan for reiselivsnæringa i regionen og eit verktøy som kan skapa verdiar for næringslivet. Forretningsideen bygger på at selskapet skal samordne marknadsføring, informasjon, sal og produktutvikling som skal gjere næringa i Nordfjord meir lønsam. Dei tilbyr tenester som bransjesider på nett, nyheitsbrev, medlemsmøte, online booking, kurs- og kompetansehevingstiltak og dei deltek på Nordfjordrådet sine møte når det er aktuelt. Samstundes er dei koordinator for pressebesøk, driv turistinformasjonar og gjer medlemmane synleg i publikasjonar og på internett.

Ei av årsakene til at dei har eksistert så lenge, er eit langsiktig og godt samarbeid med reiselivsnæringa, Nordfjordkommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Samspelet i regionen og langsiktige avtaler med Sogn og Fjordane fylkeskommune, dialog med medlemmer, kommuneadministrasjon og politikarar i Nordfjord har vore viktig. I arbeidet med handlingsplanen for 2011 har dei teke omsyn til regionen og aktørane sin nosituasjon, framtidige satsingsområde og samsvar med fylkesplan og landsdelsplanar for å utnytte ressursane best mogleg.

Eierskap, organisering og formell forankring

Reisemål Stryn & Nordfjord er eigd av kommunane i regionen, aktivitet – og opplevingstilbydarar, transportbedrifter, hotell og andre overnattingsbedrifter.ᅠReisemålsselskapet har 248 aksjonærar (pr. 31.12.2010). Kommunane utgjer 33 prosent og det private næringsliv 67 prosent av aksjekapitalen.

Styret i Reisemål Stryn & Nordfjord består av sju personar, sett saman av aktørar frå næringslivet, i tillegg til representantar får fylkes- og kommunepolitikken og kulturlivet i regionen.

Reiselivsverksemder i regionen har fått marknadsmidlar frå RS&N, i tillegg til at dei har brukt pengar på produktmessige fellestiltak. Dei seks kommunane som inngår i RS&N er ulike med tanke på omfang av reiselivsaktivitet. Stryn er den største aktøren, med attraksjonar som trekker mange turistar. Det er viktig å tenkje region, og ha ein heilskapleg tankegang når det gjeld reiseliv.

Sjølv om store og mindre næringsaktørar har ulike forventingar til destinasjonsselskapet, meiner Distriktssenteret at RS&N har god forankring i næringslivet og kommunane.

Mobilisering, involvering og medvirkning

Reisemål Stryn og Nordfjord er eit veletablert selskap, som gjennom 14 år har mobilisert reiselivsaktørar i kommunane i regionen. Utviklinga i reiselivet skjer gjennom eit samarbeid mellom reisemålsselskap, reiselivsnæringa, Nordfjordkommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

RS&N har oppretta ein blogg for sine medlemmer, kor dei legg ut aktuelle nyhende. I tillegg sender dei ut ”Nordfjord Nytt” fire gonger i året, kor dei orienterer om kva som skjer i selskapet. Gjennom deltaking i Nordfjordrådet opprettheld dei dialog med medlemskommunane og får presentert aktiviteten i selskapet.

Distriktssenteret meiner det er avgjerande at kommunane er aktivt inne og deltek i planlegginga av reiselivet, i tillegg til at det er viktig med kommunikasjon på tvers av kommunegrenser. I 2010 starta RS&N opp eit arbeid med å lage pakketurar på tvers av fleire kommunar i regionen, noko som kan skape meir samarbeid og heilskapeleg reiselivstankegang i regionen.

Kompetanse og menneskelige ressurser

RS&N har lang fartstid som destinasjonsselskap for Nordfjord – regionen og har opparbeida seg brei erfaring. Distriktssenteret meiner at RS&N fungerer etter føremålet, og er ein viktig aktør i reiselivet i regionen. Kommunane i regionen har tilgang på gode og menneskelege ressursar. Både kompetansen i reisemålsselskapet og ressursar i fleire av kommunane har bidrege i arbeidet med å byggje opp Nordfjord som eit attraktivt reisemål. I det vidare arbeidet er det viktig at kommunane deltek aktivt i utviklinga og i større grad tek med reiseliv inn i sitt planleggingsarbeid.

Distriktssenteret meiner det er viktig at både kommunane og næringsaktørane har fokus på å styrke kompetansen for å utvikle sin stad som reisemål. Ei tydeleg ansvarsavklaring kan vere nyttig, då fleire opplever utfordringar knytt til drift av turistkontor, kopling mot lokale utviklingsprosjekt, skilting og infrastruktur. Dette vil kunna ha ringverknader både for reiselivsnæringa og innbyggjarane, med tanke på bulyst.

Kommunens rolle

Reisemål Stryn & Nordfjord har inngått 3- årige avtalar med dei seks Nordfjordkommunane. Alle kommunane bidreg med dette inn i selskapet og ynskjer å vere ein del av ei heilskapeleg utvikling av reiselivet i regionen. Fleire reiselivsprosjekt går på tvers av kommunegrenser. Dette gjeld mellom anna enkelte arrangement, festivalar og utvikling av grunnleggjande infrastruktur.

Distriktssenteret meiner det er viktig å ta omsyn til at kommunane i regionen har ulike utfordringar. Det er samstundes sentralt at kommunaneᅡᅠ og reisemålsselskapet har ein aktiv dialog, for å kunne få ei heilskapeleg utvikling. Kommunane må utøve eit aktivt eigarskap i RS&N og bevisst bruke dette som eit verkty for aktiv lokalsamfunnsutvikling.

Fylkeskommunens rolle

RS&N har inngått langsiktige avtalar med Sogn og Fjordane fylkeskommune på tre år. Distriktssenteret meiner fylkeskommunen har vist eit aktivt engasjement for reiselivssatsinga i fylket gjennom å utvikle ein langsiktig reiselivsplan: ”Fjordane frå bre til hav”. Planen er eit verkty for korleis ein skal arbeide med reiselivet i fylket fram mot 2025, og kan vere til hjelp både for kommunane og næringa når dei skal gjere sine prioriteringar.

Målformulering

I handlingsplanen for Reisemål Stryn & Nordfjord for 2011 blir visjonen formulert på følgjande måte:

«Reisemål Stryn & Nordfjord skal medverke til at Nordfjord vert eitt av dei mest besøkte reisemåla i Norge, både for norske og utanlandske turistar.»

Reisemålselskapet skal behalde og utvikle det fagmiljøet dei har skapt og prioritere arbeidsoppgåver som gjev både legitimitet og inntekter til selskapet. Dei skisserer vidare overordna mål for RS&N som føretak knytt til både marknad, produkt, medlemsbedrifter og kommunar. Reisemålsselskapet skal arbeide for vekst i omsetnad både for medlemsbedriftene og kommunane. I samband med produkta dei tilbyr ønskjer dei å utvikle fleire tilleggstenester. Dei skal vidareføre arbeidet med å utvile ein oversikt over publikasjonane som medlemsbedriftene kan delta i. I samband med kommunane trekker dei fram at det kan vere aktuelt å lage samarbeidsprosjekt knytt til infrastruktur, produktutvikling og kompetanseheving.

Distriktssenteret meiner at visjonen og målsetjingane er vide, men at dette kan vere ein fordel med tanke på at kommunane og medlemsbedriftene er svært ulike når det gjeld reiselivsaktivitet.

Kommunane har i ulik grad klare målsetjingar i sitt reiselivsarbeid og det er sjeldan utvikla klare resultatindikatorar i planane, som gjer definerte mål å jobbe mot. Dei må arbeide for å utvikle tydelege målbare målsetjingar i sine utviklingsplanar for kommunen som reisemål. Gjennom å tenkje heilskapeleg kan dei ideelt sett arbeide med reisemålsutvikling, stadutvikling og bulyst i dei same utviklingsprosjekta.

Resultat og effekt

Distriktssenteret meiner at Reisemål Stryn og Nordfjord marknadsfører regionen på ein god måte. Selskapet har gjennom si lange levetid opparbeida seg mykje erfaring og kompetanse. Effekten av arbeidet er mellom anna at kommunane blir marknadsført og betre kjent. Dette bidreg positivt på kommunane sitt omdømme som ein attraktiv stad for etablering av næringsverksemd og busetnad, og kan i tillegg vere ein medverkande faktor til folketalsauke i fleire av kommunane. Reisemålsselskapet er ein stabil utviklingsaktør som jobbar langsiktig med produktutvikling, mellom anna ved å satse på pakketurar. Fornying og nyskaping vil vere viktig i arbeidet framover, i tillegg til å utvikle gode modellar på lokalt og regionalt nivå.

Kommunikasjonen mellom næringsaktørar, kommune og destinasjonsselskap har eit forbetringspotensial. Det er viktig at kommunane tek ansvar, ei aktiv rolle og tenkjer heilskapleg reisemålsutvikling og inkluderar dette i sitt planarbeid.

Reisemål Stryn & Nordfjord (RS&N) har sidan skipinga i 1997 arbeidd med utvikling av reiselivet i Nordfjordregionen. Reisemålsselskapet består av kommunane Stryn, Eid, Selje, Hornindal, Vågsøy og Gloppen. Hovudoppgåvene til selskapet er marknadsføring og profilering, informasjon, produktutvikling, drift av bookingteneste, turistinformasjonar og koordinering av pressebesøk.

For å utvikle reiselivet i ein region er det fleire roller som må fyllast. Innovasjon Norge si ”Hvitebok for reisemålsutvikling” peikar på fire rollar kommunane må ta omsyn til i samband med reisemålsutvikling.

  • Produkteigar (Dette gjeld mellom anna offentlege rom, strender, parkar, kulturhus, museum og anna som inngår i reiselivsproduktet på staden, og som er med å danne totaltilbodet og attraksjonskrafta.)
  • Rammesetjar (Dette gjeld mellom anna planmyndigheit, opningstider, skjenkeløyve, som er med å gi lokale aktørar ei «plattform» for å utvikle næringsgrunnlaget i denne sektoren. Kommuneplanen sin arealdel er svært viktig rammesetjar for mange destinasjonar, spesielt langs sjøen og i fjellet.)
  • Utviklingspartnar (Dette gjeld mellom anna bruk av næringsfond, næringsplanar, vere medinvestorar, stimulere til engasjement i destinasjonsselskap.  Her ligg ofte det lokalpolitiske grunnlaget for å ville satse på denne næringa, og å løyve midlar.)
  • Vertskapsfunksjonar (Dette gjeld mellom anna turistkontor, informasjon, skilting, offentlege toalett. Her ligg også ein del av problematikken i reiselivet i høve fellesgodene, og vilje til å finansiere slike med kommunale midlar, til dømes å drifte turistkontor, finansiere brosjyrar og nettstader).

Læringsverdi

Distriktssenteret meiner at Reisemål Stryn & Nordfjord gjennom drift i fleire år har opparbeida seg god erfaring og kompetanse på å fremje sal av produkt og tenester til medlemsbedrifter og kommunane i regionen. Selskapets si levetid og det dei har oppnådd, tyder på at dei har lukkast i mykje av sitt arbeid. Samarbeid mellom kommunane for å styrke kompetansen til kvarandre vil vere viktig i tida som kjem. I det følgjande vil det bli gitt nokre døme på korleis kommunar utfører sine roller i reisemålsutviklinga.

Som produkteigar: Eid kommune vert ofte omtala som kulturhovudstaden i Sogn og Fjordane, og har kulturelle fyrtårn som Operahuset Nordfjord og Malakoff  Rockfestival. Operahuset er ein kulturell samlingsstad i kommunen og har bidrege til ei kopling mellom opera, kultur og skule. Huset er kommunalt eigd og vert leigd ut på timesbasis. I tillegg er det mogleg å få guida turar med ei innføring i historia og ideen bak Operaen.

Malakoff festivalen blir gjennomført med mellom anna tilskot frå Eid kommune. Vidare stiller Eid kommune ein kommunal park til disposisjon for festivalen. Kommunen har i dag fleire satsingar på reiseliv, mellom anna i samband med Sagastad og Harpefossen skisenter. Dei har teke initiativ til å lage ein ridesti, då Norsk Fjordhestsenter er lokalisert i Eid og folkehøgskulen har ei eiga hestelinje. Kommunen har teke initiativ til eit profileringsprosjekt kalla ”Inviter Eid”, som skal bidra til å gjere staden meir attraktiv både for fastbuande og tilreisande.

Som rammesetjar: Gloppen kommune har hatt fokus på ein meir heilskapleg tankegang knytt til reiselivet i utarbeidinga av ein ny reiselivsplan, som skal ut på høyring sommaren 2011. I planarbeidet har dei lagt vekt på å vere aktivt medverkande og tenkje næringsstrategisk. I planen har dei mellom anna sett av område til hytter og camping. I tillegg ynskjer dei i arbeidet med reisemålsutvikling å dra nytte av at dei er den største landbrukskommunen i Sogn og Fjordane.

Som utviklingspartnar: Stryn er den største reiselivskommunen på Vestlandet, når vi ser bort frå dei store bykommunane. Reiselivet har lange tradisjonar i Stryn og dei har store attraksjonar som Briksdalsbreen, Jostedalen nasjonalpark og Hotel Alexandra. Kommunen bidreg betydeleg økonomisk inn i Reisemål Stryn & Nordfjord, i tillegg til at dei har satsa på kompetansefremjande tiltak. Andre aktørar i regionen kan dra nytte av kompetansen Stryn kommune har bygd opp. Dette kan gje gode synergieffektar, som til dømes samarbeidet mellom Stryn og Hornindal. Dei har utarbeidd ein ”samla utviklingsplan for Indre Nordfjord som reisemål”, kor dei skisserer ein strategi for korleis dei kan arbeide for å vere ein del av ei heilskapleg utvikling av regionen.

Som vertskap: Gjennom sin satsing på reiseliv har Stryn kommune tilegna seg kompetanse på å vere vertskap.  Dei er opptekne av å tilpasse nye typar reiselivsaktivitetar til eksisterande aktivitetar. I kommuneplanen viser dei  korleis Stryn arbeider med å utvikle eigne ressursar. Kommunen har mellom anna samarbeida med reiselivet og grunneigarar for å utarbeide ein marknadsanalyse for hyttebygging. Dei arbeider vidare med å vurdere om hyttebygging kan tilpassast andre reiselivsinteresser og kva for ringverknader det vil få i kommunen.

Kva har satsinga på reisemålsutvikling bidrege med i dei seks kommunane med tanke på lokal samfunnsutvikling? Dei fire eksempla på korleis kommunane fyller rollene som produkteigar, rammesetjar, utviklingsaktør og vertskap viser eksempel på tiltak og aktivitetar som har betyding i utviklinga av attraktive lokalsamfunn for fastbuande. For eksempel har Eid kommune si satsing på kultur og kulturtilbod vore eit viktig bidrag til befolkningsutvikling i kommunen. Stryn sin satsing på reiseliv gjer mellom anna ringverknader til det øvrige næringslivet i kommunen og på den måten styrkas nærings- og busetnadsgrunnlag.

Distriktssenteret meiner andre regionar kan lære av Nordfjord og deira arbeid med reisemålstutvikling. Dette både i samband med korleis reisemålsselskapet har virka samlande på dei ulike kommunane, og korleis Reisemål Stryn & Nordfjord har bidrege til utvikling i reiselivet i regionen gjennom fleire år.

Mål og resultat

Visjonen til Reisemål Stryn & Nordfjord er at dei skal medverke til at Nordfjord vert eit av dei mest besøkte reisemåla i Stryn.Distriktssenteret meiner at denne er generell og vid. Det er viktig for selskapet og kommunane å einast om nokre felles satsingsområde for å utvikle gode modellar i regionen. Kommunane må vere aktive på plansida og samarbeide på ei rekkje område, blant anna med tanke på infrastruktur.

Prosess og vurderingar

Reisemål Stryn & Nordfjord har vore ein sterk aktør og representant for reiselivet i Nordfjord sidan dei starta i 1997. Både kommunen, fylkeskommunen og private næringsaktørar er engasjert i drifta av selskapet.

I det vidare arbeidet har kommunane utfordringar knytt til kopling mot lokale utviklingsprosjekt og infrastruktur. Det er i tillegg behov for klare retningslinjer for korleis oppgåver som skal gjerast lokalt og regionalt. Det kan være nyttig å tenkje på tvers av sektorar og gå inn for fleire samarbeidsprosjekt på tvers av kommunegrensene.

Det kan vere ei utfordring for reisemålsselskap at dei både skal representere dei store og dei noko mindre reiselivsaktørane i ein region. Reisemålsselskapet er forankra hos dei ulike partane, men forventingane og krava dei ulike kommunane stiller, varierer.

Vegen vidare

Distriktssenteret meiner det er god dialog mellom kommunane og reisemålsselskapet i regionen. Kontinuerleg og god informasjonsflyt er likevel ei utfordring. Det er i tillegg utfordringar knytt til korleis kommunane jobbar opp mot dei fire rollene som er nemnt. Avgjersler som blir tekne i dag, vil få konsekvensar for korleis reiselivet i den enkelte kommunen vil bli utforma. Rolleforståing og ei velfungerande rollefordeling er sentral for å utvikle reisemålet i eit heilskapeleg perspektiv. Dette er viktig for å kunne administrere heilskapen og skape eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i samband med reisemålsutviklinga.

Difor meiner Distriktssenteret at  kommunane må styrkja kompetansen, og bli meir medvitne sine viktige roller i arbeidet med reisemålsutvikling. Kva gjer kommunar som utviklar moglegheitene som ligg i eige område? Korleis inkluderer kommunane reiseliv i sine planer og korleis kan dei ha fokus på bulyst samstundes som dei tenkjer på reisemålsutvikling?

Kommunen si rolle i reisemålsutvikling

Distriktssenteret skal kartlegge og byggje kunnskap omkring kommunar sin rolle i reisemålsutvikling og synleggjere koplingar mellom utøving av denne rolla og utvikling av attraktive lokalsamfunn. Vi ønskjer å formidle eventuelle synergiar mellom reisemålsutvikling, generell næringsetablering og ein positiv befolkningsutvikling.

I denne samanhengen har Mimir AS, på oppdrag for Distriktssenteret, gjennomført ein case studie av ni regionar i Norge. Rapporten ”Kommunen si rolle i reisemålsutvikling” fokuserer på den heilskaplege utviklinga som er viktig for at turisten skal oppfatte staden som attraktiv. Kommunane i Reisemål Stryn og Nordfjord var ein av regionane som var med i studien.