Prøvebustadprosjektet i bygda Øyfjell

Mange bygder ønskjer seg nye innbyggjarar, men få lokkar med eigen prøvebustad, slik Øyfjell gjer.

Bygda Øyfjell, i Vinje kommune, har hatt eigen prøvebustad sidan hausten 2010. Dette har vore eit av fleire tiltak, for å stabilisere og auke folketalet i kommunen.

Stimulere barnefamiliar til å prøve ut Øyfjell

Ideen med prøvebustaden er å minske risikoen ved å flytte til ein ny stad. Ved å kunne leige ein prøvebustad i inntil tre år, kan ein bu godt, medan ein testar ut korleis det er å bu i bygda. Eventuelt bu mellombels i prøvebustaden under husbygging, uavhengig om ein er tilbakeflyttar eller tilflyttar elles.

Tilbodet i Øyfjell rettar seg mot tilflyttar- og tilbakeflyttarfamiliar med born, og både bustad og bumiljø er utforma med kvalitetar som er viktige for barnefamiliar som vil bu i eit bygdemiljø. Leigeprisen er noko subsidiert, med ein kostnad som gjer at ein kan ha råd til å flytte mellombels og leige ut den bustaden ein gjerne allereie har. Tanken er at dette vil stimulere fleire til å ta sjangsen på å prøve ut noko nytt.

Frå bygdeutviklingsprosjekt til kommunal bustadetablering

Med bakgrunn i initiativet frå tomtegruppa i Øyfjell City-prosjektet, løyvde Vinje kommune midlar til opparbeiding av tomteareal og bygging av ein tradisjonell einebustad. Undervegs i planlegginga fekk Øyfjell City tilbod frå ei gruppe arkitektar om å delta i eit pilotprosjekt i bruk av moderne arkitektur, med tradisjonelle materialar og bygningsprinsipp.

I samarbeid med tomtegruppa kom arkitektane fram til utforming av eit bustadfelt med 3 bustader. Kommunen kjøpte ei tomt til prøvebustadføremålet, ei tomt blei seld til ein utbyggjar, medan kommunen forskotterte for ei tomt. Denne blei seinare seld vidare til ein utbyggar.

I utgangspunktet skulle utviklingsselskapet Øyfjell Utvikling stå som utbyggar, eigar og utleigar av bustaden, med eit kommunalt tilskot i botn. Dette viste seg å vere arbeidskrevjande og ein vanskeleg modell. Kommunen tok difor over ansvaret for byggjeleiinga og eigarskapen til prøvebustaden.

Samarbeid om finansiering og planlegging

Ut frå pilotprosjektstatusen fekk Vinje kommune tilskot frå Husbanken og Landbruks- og matdepartementet. Tilskota gjekk til prosjektering og konseptutvikling. Husbanken har også bidrege med rådgjeving. Andre samarbeidspartar har vore Øyfjell city, arkitektar, lokale handverkarar og høgskulen i Telemark.

Øyfjell city-prosjektet har vore sentrale initiativtakarar og dugnadsressursar, og dei lokale kreftene har no den daglege oppfølginga av prøvebustadtilbodet.

Kommunen eig og bygda driv

Vinje kommune eig bustaden, medan Øyfjell Utvikling har ei sentral rolle i å profilere tilbodet, blant anna gjennom heimesida vest-telemark.no, ein felles nettstad for kommunar og bygder i Vest-Telemark. Øyfjell Utvikling er også med å gjere val av leigetakarar og ivaretek dialogen med prøvebuarane. Samarbeidet er regulert i eigne retningsliner og rutinar.

Sidan august 2010 er prøvebustaden leigd ut til ein familie med tre born, medan to tilflyttar-familiar bygde tilsvarande hus på dei andre tomtene i feltet.

Bakgrunn

I 2006 etablerte engasjerte innbyggarar i bygda Øyfjell, bygdeutviklingsprosjektet Øyfjell City, med eit overordna mål om «å bli fleire». Færre elevar på skulen og uro for nedlegging blei til ei brei mobilisering for å få busett fleire barnefamiliar. Tilrettelegging av tomter og bygging av prøvebustad blei prioriterte tiltak, då det sjeldan er bustader til salgs i bygda, og lite til leige.

Prøvebustadprosjektet i Øyfjell starta opp etter initiativ frå bygdeutviklingsprosjektet Øyfjell City, som mobiliserte for å trekke fleire folk til bygda. Tilrettelegging av tomter og bygging av prøvebustad var sentrale tiltak. Undervegs i arbeidet tok Vinje kommune over prosjektleiing og eigarskap. Her oppsummerer vi erfaringar og vurderingar sett frå kommunen si side.

Gode resultat

I sluttrapport for prøvebustadprosjektet oppsummerer prosjektleiinga at prosjektet med etablering av bustadfelt og bygging av prøvebustad var ein suksess:

  • Tre nye bustader blei etablert som direkte resultat av prosjektet. Ein barnefamilie flytta inn i prøvebustaden i 2010, og to andre barnefamiliar kjøpte og bygde hus på nabotomtene.
  • I tillegg flytta 22 personar til Øyfjell i prosjektperioden, både tilbakeflyttarar og tilflyttarar elles.
  • Pr. oktober 2013 var det 29 ungar med tilbod i barnehagen og 32 elevar i skulen. For skuleåret 2015/2016 seier prognosen at det vil vere 40 elevar i skulen. Ei sterk auke sidan prosjektet starta i 2006.
  • Øyfjell Utvikling starta opp mange prosessar og tiltak, som i sum har bidrege til god bulyst, og som kommunen vurderer også vil gje ringverknader for nyetableringar
  • Bygda Øyfjell og Vinje kommune har fått positiv mediemerksemd og det har vore stor interesse rundt bygdeutviklings- og prøvebustadprosjektet.

Krevjande prosess, med monaleg kostnad

Samstundes legg ikkje kommunen skjul på at prosjektet har vore krevjande. Å drive fram pilotprosjekt har ein risiko ved seg, då poenget nettopp er å prøve ut nye ting. I arbeidet med prøvebustaden vart særleg prosjektmodellen og den økonomiske kostnadssida utfordringa:

  • Overgangen frå å vere idealistisk drive til at kommunen overtok eigarskap og ansvar som byggherre, sette krav til arbeidsinnsats og samarbeidsevne, med avstemming av forventningar og krav
  • Pilotprosjektet blei etablert utan avklarte kostnadsrammer, noko som bidrog til uvisse. Dersom kommunen hadde vore byggherre frå starten av, ville ein hatt kontroll over planlegging og økonomi, og ansvarsforholda ville ha vore tydelege
  • Plan- og miljøutvalet var heile vegen positive til satsinga på «skreddarsydd» prøvebustad, men prosjektet blei dyrare enn kva det ville ha vorte om kommunen kjøpte ein eksisterande bustad

Likevel erkjenner kommunen betydninga av det lokale engasjementet som prosjektet skapte, noko som er avgjerande for at slike lokale tiltak skal leve og utvikle seg vidare.

Effekt på tilflytting og etablering?

Det er vanskeleg å måle effektar av enkelttiltak i lokalt utviklingsarbeid: mange faktorar spelar inn og dei verkar saman. Vinje kommune peikar på at det, samstundes som prosjektet vart gjennomført, var eit generasjonsskifte, der mange unge etablerte seg med familiar. Heile 10 hus blei ferdigstilt eller var under bygging. Likevel: det er ikkje sjølvsagt at etableringa skulle skje i Øyfjell.

Om ikkje prøvebustadprosjektet kan ta æra direkte, så synast det vere semje om, både i Vinje kommune og Øyfjell Utvikling, at dette var tiltaket som fekk snøballen til å rulle. Nybygging og ungt initiativ har skapt ny giv i den vetle fjellbygda.