Fagområde: Tilflytting

Program for integrering i Haram

Haram kommune skal utvikle eit berekraftig program for å ta mot og integrere innvandrarar slik at dei vert aktive deltakarar i arbeidlivet og lokalsamfunn.

Haram kommune har i mange år arbeidd aktivt med mottak av flyktningar. Mange av dei har fått arbeid, bustad og fungerer godt i samfunnet. Sidan 2007 har talet på innvandrarar dobla seg, noko som gir oss nye utfordringar – og mulegheiter.

Kommunen startar ikkje på null. Mange tiltak er prøvd ut, og no vil dei utvikle system/modell for korleis dette kan verte heilskapleg som ein del av kommunen sitt arbeid.

Haram kommune har i samarbeid med bedrifter sett i verk prosjekt for å utvikle tiltak som gjer at arbeidsinnvandrarar får informasjon dei treng, kan føle seg velkomne og at dei lærer norsk. Nå vil dei utvikle ein modell som uttrykkjer felles forståelse og handling for arbeidet med integrering av innvandrarar i kommunen sett i eit livssyklusperspektiv.

Det skal lagast ei oversikt over tiltak som finst, finne fram til område som må gjerast betre og kva nye tiltak som må settast i verk når det kjem så mange frå utlandet til kommunen.

Samarbeidspartnere

  • Haram Innovasjonsstudio
  • Haram vidaregåande skule
  • Bedrifter
  • Frivillege lag/organisasjonar
  • Frivillegsentralen i Haram
  • Kommunale tenester – einingar
  • Biblioteket i Haram
  • NIBR
  • NHO Møre og Romsdal

Målgrupper

Arbeidsinnvandrarar og familiane deira er hovudmålgruppe, men dei fleste mål og tiltak vil vere like aktuelle for flykningar og andre innvandrarar. Barn og unge er viktig målgruppe.

Aktiviteter

  • Utvikle eit heilheitleg program som syner korleis arbeidet med innvandring er tenkt organisert og gjennomført i framtida sett inn i ein strategisk samanheng.
  • Utvikle og prøve ut nye metodar for arbeidsretta språkopplæringa.
  • Utvikle språkopplæringa i grunnskulen og samarbeide med Haram vidaregåande skule om dette.
  • Utvikle tiltak for å forbetre overgang grunnskule – vidaregåande.
  • Utvikle tiltak for å forbetre overgang utdanning til arbeidsliv.
  • Tilbod om trening av munnleg språk med lokalt innhald og deltaking i lokale aktivitetar som implementering av utprøvde tiltak.
  • Utvikle tiltak for språktrening på arbeidsplassen.
  • Utvikle tiltak for å få barn og vaksne med i lag og organisasjonar.
  • Kurse foreldre i leksehjelp
  • Ha godt tilgjengeleg informasjon som innvandrarar treng – mellom anna på kommunen si heimeside og andre medier. Utvikle tiltak for at innflyttarar føler seg velkomne, etablere følgeforsking i tillegg til NIBR sitt forkingsprosjekt og tiltak som måtte kome til undervegs i prosjektet

Prosjektet Program for integrering i Haram er tildelt  inntil 1 900 000 kroner i Bolystmidler i 2013.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret.

Eierskap, organisering og formell forankring

Eierskap, organisering og formell forankring som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Forankring

Prosjektet er forankra hos rådmann og einingsleiarar i Haram kommune som ei vidareføring av det arbeidet som er gjort innanfor vedtekne satsingsområde.

Det er og forankra i kommunen sin strategiplan 2007 – 2017 og i partnerskap med næringslivet gjennom KompetanseHaram som er oppgradert handlingsprogram til strategiplanen.

I strageiplanen 2007 – 2017 er Haram Innovasjonsstudio definert som iverksettingsorgan for kommune og næringsliv for felles strategiske tema.

Prosjektorganisering

Prosjektet skal ha styringsgruppe med representasjon frå kommune, frivillege lag/organisasjonar og bedrifter og eigen prosjektleiing i Haram Innovasjonsstudio.

Prosjektleiinga si viktigaste oppgåve vert å initiere og iverksette konkrete tiltak og aktivitetar i samarbeid med kommune og samarbeidspartane. Ulike tiltak og aktivitetar krev samhandling og utarbeiding av felles forståelse.

Målformulering

Målformulering som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Prosjektmål

Haram kommune skal utvikle eit berekraftig program for å ta mot og integrere innvandrarar slik at dei vert aktive deltakarar i arbeidlivet og lokalsamfunn.

Resultat og effekt

Resultat og effekt som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Resultat

Innsatsfaktorar: Prosjektleiar som har tid, ressursar og kompetanse til å koordinere målretta arbeid med dette. Kommune, bedrifter og frivillege med aktiv deltaking.

Aktivitetar: Nettverk som utviklar felles tenking i kommune, skule, bedrifter og lag/organisasjonar. Konkrete utviklingstiltak som vert implementert.

Produkt/tenester: Kurs, møte, nettverk, tilpassa tenester til gruppa, informasjonsmateriell, dokumentasjon.

Effekter

Brukareffekter: Ferdigheiter i norsk, norske venner og kjende, deltar i lokale aktivitetar/lag, kjensle av tilhørigheit i arbeidsmiljø og lokalmiljø, inkludert i sitt nye lokalsamfunn, hjelp til lokalt å bli betre i stand til å ta mot nye innbyggjarar, senke terskel for deltaking på felles arenaer og møteplassar.

Samfunnseffektar: Deltaking i samfunnsaktivitetar, kan utvikle kompetanse for deltaking i arbeidsliv, ungdom som gjennomfører utdanning, kunnskap om eit sunt liv, inkluderte innvandrarar som evnar å delta i det norske samfunnet lokalt og nasjonalt, minske avtand mellom etnisk norske og innvandrarar og unngå framandfrykt