Fagområde: Tilflytting

Omstilling av fråflytta gardsbruk i Hyllestad

Prosjekt som skal arbeide for aktive og levande grender, auke folketalet og legge til rette for etablering av nye arbeidsplassar.

Prosjektet Lys og varme i alle hus er eit prosjekt der Hyllestad kommune ynskjer å arbeide for aktive og levande grender, auke folketalet og legge til rette for etablering av nye arbeidsplassar.

Prosjektet rettar merksemda mot fråflytta gardsbruk. Kommunen vil ta kontakt med eigarar av fråflytta bruk. Den første kontakt med eigar(ar) vil være utsending av brev, der dei vert spurde  om det er ynskje om busetting/aktivitet på bruka. Målet er at minst 20 fråflytta gardsbruk får fast busetnad innan 31. desember 2013.

I samband med dette har dei etablert ei heimeside (http://lysiallehus.no. Nede pr 02.12.2013) som dei vonar skal være med på å få fram kva som rører seg i kommunen av ulike hendingar. Dei vonar at sidene vil bli brukt aktivt og får fram dei mange aktivitetane som er i grendene, og at eigarar av tomme gardsbruk opplever at eigedomen har ein plass og verdi i og for lokalsamfunnet. Dette kan motivere eigarar til sjølv å busette seg eller avklåre om ein vil selje/leige ut eigedomen.

Aktivitetar

  • Arrangement utanfor kommunen for å rekruttere folk
  • Arrangement i kommunen for å stimulere bortebuarar til å flytte heim
  • Annonsering i media
  • Deltatt på utstillingar/stand
  • Integreringstiltak for tilflyttande

Viktigaste salgsargument

  • Godt oppvekstmiljø
  • Arbeidsplasser
  • Gode tenestetilbod

Samarbeidspartarar

  • Sogn og Fjordane Fylkeskommune(finansiell støtte)
  • Næringslivet

Hovedmål

Aktive og levande grender, auke folketalet og legge til rette for etablering av nye arbeidsplassar.

Målgrupper

  • Alle typar innflyttarar

Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner

Omstilling av fråflytta gardsbruk i Hyllestad er presantert med grunnleggjande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket inngår som ein del av ”Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene”. Arbeidet er ein del av eit større prosjekt ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.