Økosystem Dokkadelta

Fire kommunar i Dokkaregionen skal gjere våtmark og nedbør til attraksjon. Vatn er ein viktig del av identiteten i området, og skal brukast i marknadsføringa av regionen.

Kompetanse og identitet

Økosystemet Dokkadelta skal bygge opp kompetanse om natur. Dei er godt i gang med dette gjennom nettsida dokkadelta.com. Tiltaka dreier seg om informasjon- og formidling, skjøtsel og restaurering, rettleiing for elevar og lærarar og utvikle opplevingar og attraksjonar. Det handlar mellom anna å skape ein identitet for reiselivet i regionen.

Over og under vatn

Vatn, planter, fugl og fisk. Kulturminne og spor etter levd liv. Det er mykje spennande over og under vatn som vil overraske fastbuande og tilreisande. Prosjektet er del av internasjonalt samarbeid når det gjeld ornitologi. Planen er å setje opp fugletårn, lage fuglestiar, blogg, utstillingar og fuglekart.

Området er også ein del av Ramsar, ein internasjonal avtale som verner utvalde våtmarksområde. Det er til no gjort lite arbeid på våtmarker i Norge. Difor kan dette prosjektet vere nyttig eksempel for andre våtmarksområde.

Våtmarkssenter med erfaringsstolar

I 2008 skipa Nordre Land og Søndre Land kommunar Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter AS. Våtmarkssenteret har besøksadresse i Landsbyen Næringshagen på Dokka. Til utstillingar og undervisning vel dei ulike naturrom i heile Økosystem Dokkadelta. Slik blir eit økosystem til eit erfaringsrom.

Sommaren 2010 vart seks ulike kunstnarar utfordra til å lage stolar som ga uttrykk og inntrykk av eit naturrom i Land og Etnedal. Det resulterte i 13 erfaringsstolar spreidd utover i Dokkadeltaet. Filosofien bak er: ”Sansane er mennesket sine dørar til å oppleve natur. Gjennom medvitgjering av oppleving, blir opplevinga til ei erfaring.”

”Ta en tur til kunsten, lytt til en brusende elv, lukt på myra og blomstene, føl på vinden, regndråpen og stillheten, smak på bær og vann og balanser på en bølge. Ta deg tid i naturen.” Med desse orda inviterer våtmarksenteret innbyggjarane og tilreisande til å ta naturreservatet i bruk.

Naturarven som verdiskapar

Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet ”Naturarven som verdiskapar”. Økosystem Dokkadelta femner om økosystemet i nedbørsfeltet til Randsfjorden og i elvane Etna og Dokka som møter kvarandre i Dokkadeltaet. Målet med prosjektet er å skape ein attraksjon av økosystemet i ferskvatn og våtmark gjennom ulike tiltak.

Prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.