Nærøyfjorden Verdsarvpark

Nærøyfjorden Verdsarvpark er pådrivar for natur- og kulturbasert nærings- og samfunnsutvikling i dei 3 kommunane, Aurland, Lærdal, VIk i Sogn og Fjordane og Voss kommune i Hordaland.

Nærøyfjorden verdsarvpark med sine 4 kommunar i to fylke, er i dag på UNESCO si verdsarvliste. Småsamfunnsprosjektet i regi Kommunal- og regionaldepartementet var ein bidragsytar til å utvikla ei ny organisering og eit strategisk grep om arbeidet med nærings- og lokalsamfunnsutvikling.

Nærøyfjorden Verdsarvpark er framleis i ei tidleg fase i sitt utviklingarbeid. Stiftinga har kopla til seg mange ulike kjelder for prosjektfinansiering og har knytta til seg fleire dyktige medarbeidarar. Kontaktpersonen for stiftinga deler også sekretariatsansvaret for Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap som består av dei to områda Nærøyfjorden i sør og Geirangerfjorden i nord.

Nærøyfjorden Verdsarvpark har i dag ein parkplan med fleire interessegrupper tilstades og eit styre på ni personar som fungerer som høgaste organ. fem av desse vert peika ut av stiftinga, medan dei fire andre vert valde på parkmøtet  kvart år. Parkplanen er ramma og retningsgivande for det samarbeidet som er lagt. Grunnleggande prinsipp er å involvera lokalsamfunna i utvikling av strategiar og tiltak og å utvikla eit samla produkt basert på lokale ressursar.

Dei har fleire tilsette og dagleg leiar for parken er Erling Oppheim. I tillegg har parken knytt til seg to medarbeidarar, som skal arbeide med ulike innsatsområde som ligg inne i tiltaksplanen.

Parkplanen vart vedteken den 15. desember 2009 og i visjonen til parkplanen står det;

«Verdiskapinga skjer i møtet».

Verdsarvparken skal utvikle eigarskap til landskaps- og kulturverdiane og aktivt fremje internasjonale vernverdiar gjennom lokal økonomisk, kulturell og identitetsmessig utvikling

Vidare er parkplanen delt i 3 hovudbolkar:

  1. Mål og strategiar – kva skal verdsarvparken vere?
  2. Utfordringar for verdsarvparken
  3. Satsingar og tiltak – kva skal verdsarvparken gjere?

Parken er blitt eiga juridisk eining og har gått frå prosjektorganisering til permanent satsing.

Eierskap, organisering og formell forankring

Nærøyfjorden Verdsarvpark vart skipa som stifting 25. januar 2008, som ei vidareføring av Aurland natur- og kulturpark. Formelle stiftarar og eiagarar er Sogn og Fjordane fylkeskommune, Aurland, Lærdal, Vik og Voss kommunar. Distriktssenteret vurderer forankringa som god, og spesielt etter at ein i fjor fekk på plass ein parkavtale. Eit viktig mål må vera å formidla denne parkavtalen på ein måte som gjer at forankringa til verdsarvparken vert endå betre. Stiftinga har i dag eit styre der stiftarane i tillegg til representantar for næringsliv og lokalsamfunn har plass.

I dag er arbeidet godt forankra spesielt i kjerneområdet som er Aurland, men også i dei andre kommunane. Den enkelte kommune har forankra prosjektavtalen gjennom politiske vedtak i kommunestyret.

Fylkeskommunen som er med i styret i stiftinga, har ikkje derimot den sterke eigarskapen i Nærøyfjorden Verdsarvpark. Dette er ei utfordring som begge partar må ta med seg vidare inn i det permanente arbeidet.

Mobilisering, involvering og medvirkning

Nærøyfjorden Verdsarvpark var eit av ti prosjekt som kom med i det nasjonale programmet «Naturarven som verdiskapar«. Distriktssenteret meiner dette viser at Nærøyfjorden verdsarvpark blir sett på ein viktig utviklingsarena for samhandling om berekraftig næringsutvikling, planlegging og forvaltning i og utanfor verneområde. Målet er å forankra verneverdiane i den lokale identiteten og folkesjela, og formidla dette til turistane og andre som kjem på besøk.

Distriktssenteret ser at det er ei utfordring for den daglege leiinga å få med alle partar på dei måla og tiltaka som er sett opp i parkplanen. Samstundes har det vore mange prosessar med involvering i bygdene som har fått lokalbefolkninga til å ta del i arbeidet med parken. Dette gjer at mange i dag, er engasjert i parken.

Kompetanse og menneskelige ressurser

Nærøyfjorden Verdsarvpark har i dag ein tilsett dagleg leiar i full stilling, med kompetanse og erfaring innan arbeidsområdet. Slik Distriktssenteret vurderer det, har tilsetjingar av kulturminnemedarbeidar og kulturlandskapsarbeidar vore viktig for å nå dei måla som er sett frå parken si side. Dei har utført og skal utføra praktiske tiltak som ligg i planen, og ikkje minst vera tilretteleggarar og rådgjevarar for dei som bur inne i og i randsona av verdsarvparken.

Det skjer eit kontinuerleg arbeid for knyte til seg fleire ressursar til dei tiltaka som skal gjennomførast. Det å bygge opp god og varig kompetanse i området er viktig og fram til i dag har dei vore flinke til det.

Vi ser også at dei har vore flinke til å spele på lag med eksterne fagmiljø som dei har nytta i utviklinga av arbeidet fram mot stiftinga. Dette gjeld også til nettverk mot liknande område i andre deler av landet.

Kommunens rolle

Distriktssenteret si vurdering er at kommunane, og då spesielt Aurland kommune, har vore svært viktige for etableringa av stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark. Dette er også naturleg, då småsamfunnsprosjektet hadde sitt utspring som Aurland natur- og kulturpark. Stiftinga er framleis i ein tidleg fase, og vi ser at kommunane tek stiftinga alvorleg gjennom at ordførarane er aktivt med i arbeidet.

Den politiske leiinga i Aurland har vore aktivt med i heile prosessen kring etableringa av verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, som Nærøyfjorden er ein del av. Dette har vore viktig for den betydninga alle fire kommunane har for at verdsarvparken og heile området skal ha ei sentral rolle i den vidare samfunnsutviklinga.

Fylkeskommunens rolle

Sogn og Fjordane Fylkeskommune som er eigar og sit i styret for stiftinga, skal vera ein viktig utviklingsaktør i Nærøyfjorden Verdsarvpark. Distriktssenteret ser at samarbeidet og kommunikasjonen mellom fylkeskommunen og Nærøyfjorden Verdsarvpark bør styrkast. Ei av årsakene til at dette samarbeidet har vore nedtona, er spørsmålet om at fylkeskommunen aktivt skal vera med i ei slik stifting eller ikkje.

Samstundes vert det no gitt støtte frå fylkeskommunen til medfinansiering av prosjektet som omhandlar naturarven som verdiskapar. Her har Nærøyfjorden Verdsarvpark fått statlege løyvingar til vidare utvikling.

Målformulering

Målsettinga til Nærøyfjorden Verdsarvpark, er at den skal vera ein pådrivar for berekraftig natur- og kulturbasert samfunnsutvikling med forankring i verdsarvstatusen for Vestnorsk Fjordlandskap. Vidare står det at ein skal oppnå ei velfungerande ivaretaking av kvalitetane i området.

Målformuleringa er i tråd med det arbeidet som om vera ein del av Vestnorsk Fjordlandskap saman med Geirangerområdet i Møre og Romsdal.

Resultat og effekt

Distriktssenteret meiner at prosjektarbeidet har nådd eit viktig mål gjennom å få på plass ein parkplan for området. Denne er med å skapa endå sterkare forankring og medverknad til det vidare utviklingsarbeidet.

Vidare ser vi at målet om å få til ein god dialog med det andre verdsarvområdet har vore bra. Dette gjennom sterk og god deltaking frå dei aktuelle kommunane og regionale og nasjonale samarbeidspartnarar på fellesmøta gjennom året, og på andre møter som omhandlar Vestnorsk Fjordlandskap.

Nyskapning og kreativitet

Nærøyfjorden Verdsarvpark er ein del av det første naturområdet i Norge som har fått verdsarvstatus. Lokale styresmakter og deler av lokalbefolkninga har arbeidd hardt for å nå dette målet.

Berekraftutfordringar i høve til lokalsamfunn og reiseliv er svært viktig for parken. Dette er ei utfordring i eit område med svært stor sommartrafikk. Distriktssenteret meiner at ideane og tankane som er meisla fram i Nærøyfjorden Verdsarvpark, er svært interessante for fleire område rundt om i landet. Prosjektet og parken er blitt ein viktig formidlingaraena både nasjonalt og internasjonalt. Dette gjer at Nærøyfjorden verdsarvpark bidreg både til nyskaping og krerativitet, spesielt når det gjeld å knyte arbeidet sterkare til lokale nivået.

Læringsverdi

Distriktssenteret meiner at arbeidet med Nærøyfjorden Verdsarvpark har stor læringsverdi for andre lokale utviklingsprosjekt. Det er mellom anna eit utfordrande, men godt, samarbeid mellom dei to områda i Vestnorsk Fjordlandskap (Nærøyfjorden og Geirangerfjorden). Dette gjeld både politisk og administrativt. Det er også lærerikt korleis lokale aktørar viser eit stort engasjement i bruk og vern-debatten. Dei har saman med Geirangerområdet fått utarbeida ein tiltaksplan for kulturlandskapsarbeidet, der gardbruk med beitedyr både innanfor og i randsona av verdsarvområda, får ekstra areal- og beitebidrag.

Mål og resultat

Nærøyfjorden Verdsarvpark fekk status som verdsarvområde og vart ein del av Vestnorsk Fjordlandskap den 14. juli 2005. Distriktssenteret meiner at midlane som vart gitt frå småsamfunnsprosjektet, har vore svært viktige for å få arbeidet frå ein prosjektfase til permanent fase med ein parkplan i botn. Dette fordi midlane har vore fleksible for prosjekteigar, og er blitt nytta til å kunne halde menneskelege ressursar i arbeid for å nå målet med ein parkvatale. I parkavtalen står det at ein skal utvikla eigarskap til landskaps- og kulturverdiane og aktivt fremja internasjonale verneverdiar gjennom lokal økonomisk, kulturell og identitetsmessig utvikling.

Prosess og vurderingar

Nærøyfjorden Verdsarvpark involverer fire kommunar og to fylke. Samstundes er størstedelen av verdsarvområdet i Aurland kommune. Distriktssenteret ser at det har vore utfordringar å få så sterk involvering som ein ynskjer. Likevel har det blitt gjennomført prosessar i alle kommunar og i bygdelaga, noko som gjer at mange veit kva betyding Nærøyfjorden Verdsarvpark har i dag både lokalt og nasjonalt.

Vegen vidare

Nærøyfjorden Verdsarvpark har kome inn i ein meir permanent fase, der det er utforma ein parkplan som skal staka ut kursen framover. Distriktssenteret meiner det lagt eit godt grunnlag for å kunne forsterke og utvikle dei måla som er sett i parkavtalen. Det vert lagt opp til eit årleg parkmøte, der alle partnarane vert invitert. Møtet er er ope for alle. Målsetjinga er at parkplanen skal forankrast som ein felles kommunedelplan i alle dei fire samarbeidskommunane. Vi trur samstundes at det heile tida må jobbast godt med å formidla kva for verdiar som ligg til grunn, mellom anna for å kunne halde verdsarvstatusen som dei fekk tildelt i 2005 vedlike.

Distriktssenteret vil fylgje med vidare arbeidet i Nærøyfjorden Verdsarvpark. Dette gjeld spesielt i samanheng med utviklingstiltak og samarbeid med andre område som arbeider innanfor same tematikk inne i og i randsona av verneområde.