Fagområde: Tilflytting

Lys og varme i alle hus

I Hyllestad satsar dei på å få fast busetting på fråflytta gardsbruk gjennom prosjektet ”Lys og varme i alle hus”.

Hyllestad kommune har som mål å utvikle kommunen til eit godt lokalsamfunn. Kommunen ynskjer å arbeide for gode butilhøve og ein variert arbeidsmarknad. Dette skal skje i samhandling med innbyggjarar, næringsliv og eksterne samarbeidspartar. Det er i tillegg ønskje om å skape aktive og levande grender, auke folketalet og legge til rette for etablering av arbeidsplassar.

Kommunen har utfordringar knytt til folketalsutvikling, og fokuserer difor på tilflytting, integrering og næringsutvikling, der eit av satsingsområda er fast busetting på fråflytta gardsbruk. Dette er hovudfokus i prosjektet”Lys og varme i alle hus”.

Prosjektet vert finansiert av kommunen, Sogn- og Fjordane fylkeskommune og Innovasjon Noreg. Hyllestad kommune har omstillingsstatus og i samband med dette er “Lys og varme i alle hus” eit av fleire prosjekt i samband med omstillingsarbeidet i kommunen.

Mål med prosjektet

”Lys og varme i alle hus” blir vurdert som pilotprosjekt i Sogn- og Fjordane. Prosjektet starta i 2009 og målet er at Hyllestad skal ha minst 20 nyetableringar på tomme gardsbruk innan 2014.

I arbeidet har det vorte oppretta ei eige heimside. På heimesida kan ein finne informasjon om Hyllestad kommune, ledige stillingar, informasjon til dei som enten ønskjer å selje eller leige ut, eller er på utkikk etter bustad. Heimesida skal nyttast som ein kommunikasjon – og diskusjonskanal og fortløpande verte oppdatert når arbeidet skrid fram.

Prosjektet fokuserer på bygdeutvikling og levande bygdesamfunn der dei som bur og har sin kvardag skal trivast. Det er viktig med levande, aktive og gode lokalsamfunn for å skape tilflytting.

Arbeidsmåtar

Det har vorte sendt ut brev til ei avgrensa gruppe eigarar, som vidare vert følgt opp med ein telefonsamtale. Prosjektleiar tek fyrste kontakten med eigarar av tome gardsbruk, og har ansvar for samhandling mellom ressursgruppa, eigarar og omstillingsorganisasjonen.

Det er ønskjeleg å involvera så mange som mogleg. Det blir oppfordra til at kvar enkelt er aktiv og bidreg til å skapa engasjement og involvering i dei ulike bygdene i kommunen.

Det har vorte utarbeida ein modell for samarbeid mellom dei ulike grendene, og mellom kommunen og grendene. Kommunen er delt i fire områder, med kvar sin kontaktperson. Kontaktpersonane skal vere knutepunkt mellom lag, organisasjonar og innbyggjarane i kommunen. Møter i gruppene vert dokumenter. Dette for å kommunisere kva som vert gjort og for å synleggjere kvalitetane og dei aktivitetane som skjer, i tillegg til å skapa god flyt av informasjon mellom dei ulike deltakarane i kommunen.

Erfaringar så langt

Prosjektet har gjort seg ei rekkje erfaringar så langt i arbeidet:

  • Det er fleire utfordringar knytt til teknologi, lokalt samfunnsarbeid, kommunal administrasjon, fylkeskommunal deltaking og verknadane av departementa sine føringar.
  • Dei erfarer at det krevjast deltaking frå fleire eksterne institusjonar og det er nødvendig med eit mangfald av tilnærmingar til arbeidet.
  • Avgjerande at det er god breiband – og mobiltelefondekking, mangel på dette hemmar tilflytting.

I Luster er det starta opp eit liknande pilotprosjekt, ”Folk i fleire hus

”,  der dei arbeider med å få til sal og overdraging av landbrukseigedomar. Desse to prosjekta kan begge vere med på å gje innspel til å utforme ein modell som kan brukast i andre kommunar og fylke.

Distriktssenteret vil følgje med på det vidare arbeidet og hente inn erfaringar som vert gjort.