Dei seinare åra har Kvam herad vore pådrivar og vertskommune for kunst- og kulturprosjekt i Hardanger som har hatt til hensikt å auke folketalet. Gjennom dette arbeidet er det etablert fleire kunstinstitusjonar av høg kvalitet.
Planen er nå å organisere samarbeid mellom desse institusjonane for å nå nye mål om auke i verdiskapinga, fleire kunstopplevingar, meir bruk av kunstnarisk kompetanse i utvikkling og problemløysing.
Arbeidet er godt i gang, og planen vert utvikla i samråd med aktørane. I Fyrste fase av prosjektet er det innhenting av kunnskap, organisering og skriving av prosjektplan som har fokus. I andre fase av prosjektet skal denne organiseringa skape grunnlag for små og store prosjekt i Kvam og Hardanger. Fleire av aktørane har regional og internasjonal profil, så det er naturleg å innlemme dei andre Hardangerkommunane i programmet.
Samarbeidspartnere
Aktørane i fyrtste fase:
- Hardanger Kunstskule
- Harding Puls
- Kunstnarhuset Messen
- Kunsthuset Kabuso
- Galleri Puls
Målgrupper
Fyrste fase
- Profesjonelle kunstnarar
- Kunst og kulturinstitusjonar
- Samarbeidspartar i andre kommunar
- Internasjonalt nettverk
- I andre fase kjem desse i tillegg:
- Lokalbefolkning
- Skular
- Kulturskule
- Reiseliv
Aktiviteter
Fyrste fase inneheld research for kartlegging av verdiskaping i kunstfeltet. Miniseminar og gruppearbeid med skriving av planen. Organisering og politisk handsaming. Vidare er det arbeid med oppretting av kompetansedatabase, marknadsføringskanalar, definisjon av målgrupper og utvikling av marknads- og aktivitetsplan.
Andre fase er ein gjennomføringsfase med kvalitetssikring og justering.
I den tredje fasen skal det vere etablert ein organisering og koordinering som gjer det mogleg å ta inn fleire aktørar i planen og utvide samarbeidet til også å inkludere skule, barnehage, kulturskule, museum og bibliotek. I tillegg til frivillige og private organisasjonar. Til dømes mål om integrering og læring kan vere nye mål for eit slikt samarbeid.
Prosjektet Kvammalokk revisited – Lakmustesten er tildelt inntil 1 300 000 kroner i Bolystmidler i 2013.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggende informasjon uten vurdering fra Distriktssenteret.
Eierskap og forankring som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.
Forankring
Dette prosjektet har solid forankring blant deltakarane og i kommunen etablert gjennom samarbeid om prosjekter gjennomført frå 2005 til i dag.
Denne planen skal til politisk handsaming hausten 2013 for å vedta kommunal medverknad i gjennomføringsfasen.
Prosjektorganisering
Prosjekteigar: Kvam herad v/rådmannen
Prosjektansvarleg: Kvam herad v/sjef for samfunn og utvikling
Prosjektleiar: Kvam herad v/leiar kultur
Prosjektplanen vert utvikla med Kvam herad som initiativtakar og i samarbeid med aktørane i den fyrste fasen. Dette er delvis dugnad og innleige av kompetanse. Det er fleire vegar som fører mot målet i den vidare organiseringa og leiinga av prosjektet. Ei styringsgruppe og ein koordinator er føresetnader. Prosjektleiinga og ansvaret kan leggjast til ein av aktørane.
Kvam herad er ansvarleg for oppretting av prosjektet.
Planen vil bli fremma for politisk handsaming hausten 2013.
Målformulering som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.
Prosjektmål
Hovudmålsettinga er å skape meirverdi av den satsinga som har vore gjennomført dei seinare åra.
Kvam har utmerka seg i dette arbeidet, og har potensiale for utvikling.
Vidare er målet:
- Synleggjere verdiskapinga i kunstfeltet
- Synleggjere og tilpasse kommunalt tilskot
- Auke kunnskap om kunst blant folk
- Betre koordinering mellom aktørane
- Nettverksbygging og internasjonalisering
- Publikumsutvikling
- Fleire kunstopplevingar
- Nærings- og forretningsutvikling
- Samarbeid med reiseliv
- Auka merksemd rundt kunstskule og kunstilbod i Kvam
- Ressursutnytting av mangfaldig kompetanse
- Samarbeid med skule og offentlege institusjonar
Resultat og effekt som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.
Resultat
Organisering av kunstnarleg kompetanse
Database over kompetanse
Database over kundegrunnlag
Definerte målgrupper
Auka kunnskap
Fleire kunstopplevingar
Nettverk lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt
Reiselivsprosjekt
Meir kunst i skulen
Effekter
Auka attraktivitet som bu- og arbeidskommune
Auka trivnad
Auka merksemd om estetiske spørsmål
Auka identitetskjensle
Auka kjensle av stoltheit
Fleire grunderar
Meirverdi av tidlegare investeringar
Sikre og utvikle investeringar i kulturfeltet