Fagområde: Næringsutvikling

Innomind – Outatown- innovasjonskraft i periferien

Prosjektet ynskjer å øke innovasjonskraft og bolyst gjennom å ta tak i utviklingspotensialet på to områder: å skape og å vokse.

Prosjektet er eit utviklingsprosjekt for å legge til rette for auka innovasjonslyst og utviklingskraft. Globalisering i form av sentralisering, migrasjon og klima står på dagsorden. Globale utfordringar skal møtast med lokal handling og lokale/ regionale ressursar.

Innomind – Outatown tar utgangspunkt i økokommunens verdisett – og korleis dei gjennom dennen plattformen kan få økt innovasjonskraft og bolyst gjennom konkrete tiltak: Å skape og Å vokse

Samarbeidspartnere

  • Tingvoll Videregående skole
  • Bioforsk økologisk
  • Tingvoll Næringsforum
  • Referansegruppe: Handelsstanden, Flerkulturelt senter, overnattingsbedrifter, Innvandrerråd
  • Ungdomsrådet/elevråd ved skolene
  • Fylkeskommunen

Målgruppe

Skape:

  • Etnisk entreprenørskap – innvandrarar og asylsøkjarar i Tingvoll
  • Alfa og Omega – innvandrarar med god språkkunnskap og ungdom ( 8 klasse)
  • Bittelitteraturhuset – alle innbyggjarar, cafear, hotell, bibliotek

Vokse:

  • VGS i 200 – ungdom i Tingvoll og i regionen på Nordmøre ( 16 – 21 år) , institusjonane Tingvoll vidaregåande skole og Bioforsk økologisk
  • Bli treffsikker ! Ungdom, frivillige organisasjonar, oppvekstsektoren
  • Ungt demokrati – stemmer ! Ungdom 13-25 i Tingvoll
  • Realisere økoparken – offentlege myndigheter for etablering, alle innbyggjarar og besøkjande etter realisering.

Aktiviteter

  1. Skape: Etnisk entreprenørskap, Alfa og omega og Bittelitteraturhuset
  2. Vokse: Å bli ein foretrekt kommune for ungdom. VGS i 200, Bli treffsikker! og Ungt demokrati – stemmer!

Prosjektet Innomind – Outatown er tildelt  inntil 1 650 000 kroner i Bolystmidler i 2013.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret.

Eierskap, organisering og formell forankring

Eierskap, organisering og formell forankring som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Forankring

Vedtatt av kommunestyret 28.11.2012 som ein del av kommunens handlingsprogram for 2013.

Mål og innsatsområde er ein del av planprogrammet for ny kommuneplan vedtatt i formannskapet 21.01.2013.

Søknaden har vore drøfta i formannskapet i 2 møter 19 februar og 4 mars 2013.

Møte med Tingvoll vidaregåande skole 8 mars 2013. Kommunestyret har vedtatt har 3 årig partnerskapsavtale med Tingvoll vidaregåande skole.

Samarbeidsavtale med Tingvoll Næringsforum for 2013 og 2014.

Møte med handelsstanden 7.mars om hva som skal til for å få auka attraktivitet.

Prosjektorganisering

Prosjekteier: Tingvoll kommune
Prosjektansvarlig: Rådmannen
Prosjektleder: tilsetting av to prosjektledere, en PL for hvert fokusområde.

Styringsgruppe sammensatt av seks personer fra:

  1. Politisk ledelse i kommunen
  2. Tingvoll Næringsforum
  3. Bioforsk Økologisk
  4. Handelsstanden/serveringsbedrifter
  5. Kultur og næringsavdelinga, Tingvoll kommune
  6. Fylkeskommunen/andre med kompetanse i forhold til ungdom

Det vil for hvert delprosjekt bli etableret egen prosjektgruppe, med delprosjektleder. De rapporterer opp til prosjektleder.

Målformulering

Målformulering som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Prosjektmål

Gjennom tiltak som fremmer vår profil som økokommune vil vi auka folketalet, auka mangfoldet i næringslivet og vår attraktivitet.

Resultat og effekt

Resultat og effekt som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Effekter

Effektmål: Auka folketalsveksten til nasjonalt gjennomsnitt fordelt på 20 % fødselsoverskudd og 80 % tilflytting.

  • Skape

Effektmål: Vi aukar verdiskapinga i Tingvoll gjennom å utvikle noko særeige eller vidareutviklar vår styrke. Vi fornyar møteplassane mellom folk og har initiativ og kunnskap til å utløyse nye idear som skapar arbeidsplassar.

  • Vokse

Effektmål: Tingvoll er ein foretrekt kommune for ungdom og elevtalet på VGS i Tingvoll aukar vesentleg. Vi tiltrekkjer oss ungdom frå heile regionen som er opptatt av miljø og kunnskap om internasjonale forhold.

Resultat

  • Skape

Resultatmål: Minst 3 nye bedrifter med folk med innvandrerbakgrunn som entreprenør innan 2 år.

Resultatmål: Alle 8 klassingar skal kunne minst eit alfabet av følgjande språk Russisk (Kyrillisk alfabet), Arabisk, Eritreisk eller Kinesisk .

Resultatmål: Etablere Bittelitteraturhuset.

  • Vokse

Resultatmål: Tingvoll vidaregåande i 200! Frå 130 til 200 elevar før 2017.

Resultatmål: I løpet av prosjektperioden utvikle fornya og attraktiv realfagsopplæring og helsefagopplæring i VGS i realistiske omgjevnader ved bruk av Biogassanlegget , bio- og solenegisenteret , forskningsfelt i landbruket, studere klimagassutslepp, økologisk dyrking utan bruk av sprøytemidlar, vekstskifte, økologisk matproduksjon, miljøverknader, ernæring og folkehelse osv.

Resultatmål: Gjennomfør forprosjekt for samarbeid med ein høgskole/ universitet for utdanning av bachelor eller mastergrad innan desse fagområda.

Resultatmål: Bli treffsikker! Å forstå og overføre suksess blant ungdom til nye arenaer. Invitere eit kunnskapsmiljø til å gjennomføre ein studie av suksessfaktorar.

Resultatmål: Delta i internasjonale program for ungdomsutveksling og sende ut eller ta imot 5 – 10 unge kvart år. Utvikle lokale møteplasser for vennskap og solidaritet mellom unge fra ulike delar av verda. 70 % av ungdom under 25 år stemmer ved lokalvalget i 2015

Resultatmål: Etablere økoparken innan utgangen av 2014.