Grunna sterkt fallande folketal var det naudsynt for Fyresdal å undersøke moglegheiter for rekruttering av innbyggjarar. Historia til Fyresdal kommune fylgjer Vest-Telemark si i det store og det heile. På 70- og 80-talet var det ein periode med svak folketallsvekst, men i det lange løp har trenden vore negativ.
I tillegg til fyresdølar som har vakse opp i Fyresdal, er det ynskje om å trekkje til seg dei som har anna familiær eller eigedomsmessig tilknyting til Fyresdal. Dette kan vere familie dei har besøkt mykje, eller gardsbruk/hus/hytter som er mykje bruka som feriestad. Hypotesen er at røter og tilknyting er faktorar som skaper tilflytting og gjer at tilflyttarar blir verande.
Eit folketal på kring 1400 personar er ønskjeleg, men Fyresdal ynskjer ikkje berre å auke folketalet. Det er også viktig at dei som bur der og dei som flytter dit trivast i bygda.
Samarbeidspartnere
- Telemark Fylkeskommune
- Fyresdal Næringsorganisasjon
- Telemark Lys
- Fyresdal Ungdomsråd
- Fyresdal Ungdomsklubb
- Fyresdal Idrettslag
- Aktiv Lek
- Folkestadbyen – butikkane i sentrum
- Gimle Skule
- Fyresdal barnehage
Målgruppe
Målgruppene for hovudprosjektet er samansette, men kan oppsummerast slik:
- Potensielle tilflyttarar, spesielt: Barnefamiliar med tilknyting til Fyresdal gjennom oppvekst, familie eller eigedom
- Eigne innbyggjarar, spesielt: Barn og ungdom, utsette grupper, barnefamiliar.
- Brukarar av handels- og servicetilbud i Fyresdal: Eigne innbyggjarar, hytteigarar
- Utviklarar av næringsliv og handels- og servicetilbud: Butikkeigarar i Folkestadbyen og Molandsmoen, nye verksemder, eksisterande verksemder
Målgruppene for dei enkelte prosjekta vil i nokon grad vere ulike, og vil bli meir spesifisera i dei enkelte planar.
Aktiviteter
- Planlegge og finansiere prosjektet
- Koordinering av hovudprosjekt og delprosjekt
- Statusrapportering
- Oppfylging av heimflyttarar
- Attraktive bumiljø – delprosjekt
- Hamaren Aktivitetspark – delprosjekt
- Folkestadbyen – attraktivt og berekraftig sentrum-delprosjekt
- Aktiv i Fyresdal – delprosjekt
- Ungdom tar ansvar – delprosjekt
- Etablering og utvikling av næringshagemiljøet – referanseprosjekt
Delprosjektet Aktiv i Fyresdal har i tillegg laget en informasjonsfilm.
Prosjektet Heim = Fyresdal er tildelt inntil 2 520 000 kroner i Bolystmidler i 2013.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret.
Eierskap, organisering og formell forankring som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.
Forankring
Kommunestyret i Fyresdal løyvde 31.05 2012 700.000 frå næringsfondet til prosjekt ”Heim til Fyresdal” (Hovudprosjektnamn endra til Heim=Fyresdal). Prosjektperiode august 2012 til juli 2014. Rådmannen fekk fullmakt til å tilsette prosjektleiar i halv stilling og organisere prosjektet og stillinga slik han fann høveleg i organisasjonen.
Prosjektet tar utgangspunkt i eitt av hovudmåla i kommuneplanen for Fyresdal kommune 2005-2015: Auke folketalet for å trygge offentlege og private tilbod, og er såleis i tråd med kommunens mål og strategi.
Prosjektet samsvarer og godt med Mål1 i Arbeidsprogrammet 2012-2013 utarbeidd av Vest Telemarkrådet: Oppretthalde folketalet og busetnaden i heile Vest-Telemark.
Når det gjeld lokal forankring, er prosjektet godt forankra i fleire lag, organisasjonar, bedrifter og sektorar i kommunen. Alle verksemdene i Folkestadbyen har vore med å utarbeidd delprosjektplanen om Folkestadbyen. Idrettsrådet har vore med å utarbeidd prosjektplanen om integrering og inkludering. Ei utbygging av Hamaren Aktivitetspark er sett saman av innspel frå Fyresdal Idrettslag, Eldrerådet, Avdeling for Bygdeutvikling og sektor for kultur og oppvekst.
Ungdområdet har hatt workshop og diskutert innhald i planen «Ungdom tar ansvar». Då kommunen skulle avgjere kva for bustadfelt dei ville satse på, vart alternativa lagt ut på kommunens Facebook-side for diskusjon. Til slutt, alle verksemdene i næringshagen har vore med å jobba fram både organisering og utbyggingsplanar for næringshagen. I tillegg er Fyresdal Skogeigarlag engasjert og skal inn som ein av eigarane i det nye bygget.
Innbyggjarar og andre kan lese om og komme med innspill til prosjektet og planane via kommunens nettside, Facebook-side og kommuneinformasjonen (kjem i posten kvar månad til alle innbyggjarar).
Prosjektorganisering
- A-eigar: Fyresdal kommune, kommunestyret
- B/C-eigarar: Fyresdal Idrettsråd, Telemark Fylkeskommune, Kommunal- og regionaldepartementet
- Oppdragsgjevar: Kommunestyret (sak 42-12)
- Styringsgruppe: Ordførar, annan politikar, næringssjef (PA), hovudtillitsvald, Telemark Fylkeskommune
Målformulering som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.
Resultatmål
Oppretthalde og auke innbyggjartalet, for å trygge offentlege og private tilbod, ved å styrke bli-lyst og bulyst for både noverande innbyggjarar og tilflyttarar, særleg barnefamiliar.
Effektmål
År 2016 – 1360 innbyggjarar
År 2018 – 1380 innbyggjarar
År 2020 – 1400 innbyggjarar
Resultat og effekt som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.
Resultat og effekt
- Planlegge og finansiere prosjektet – resultat: gi trygghet og forutsigbarhet til gjennomføring av prosjektet.
- Koordinering av hovudprosjekt og delprosjekt – resultat: gje gode overføringsverdiar mellom alle aktivitetane i prosjektet og bidra til betre prosjektgjennomføring.
- Statusrapportering – resultat: god orientering om prosjekt på eigarnivå.
- Oppfylging av heimflyttarar – resultat: gje dei interesserte ei kjensle av at kommunen er genuint interessert i å få dei heim til Fyresdal. Vil og gje auka folketal.
- Attraktive bumiljø – resultat: aktivitetane vil gjere innbyggjarar merksame på behovet for tomter og leilighetar. Dei vil og få ein innblikk i marknaden og sjå at det er etterspurnad. Aktivitetane vil gjere innbyggjarane interesserte i utvikling av bumiljø og føre til fleire attraktive tomter og hus til sals.
- Hamaren Aktivitetspark – aktivitetane vil engasjere innbyggjarane til å skape ein aktivitetspark som inneheld dei mogleghetane dei ynskjer seg. Parken vil bli planlagt av fagpersonar og vil fylgje retningslinjer for friluftsområde. Innbyggjarar vil få eit eigarskap til parken og bruken den mykje.
- Folkestadbyen – attraktivt og berekraftig sentrum – resultat: aktivitetane vil føre gruppa av tilbydarar i Folkestadbyen endå tettare saman. Dei vil arbeide fram tiltak som gjer Folkestadbyen til ein attraksjon i Fyresdal. Dette vil føre til meir besøk og dermed trygge arbeidsplassane i Folkestadbyen. Ved å involvere andre innbyggjarar i utviklinga av Folkestadbyen vil dei få eit eigarskap til handlegata og dette vil styrkje Folkestadbyen som møteplass for innbyggjarar og besøkande.
- Aktiv i Fyresdal – resultat: aktivitetane vil bidra til at fleire i Fyresdal tek ansvar for integrering og inkludering i bygda vår. Med ein ekstra pådrivar og tilretteleggar kan dette arbeidet etterkvart bli ein naturleg del av måten vi driv lag og organisasjonar. Ved involvering av foreldre gjennom FAU, vil inkludering og bli ein naturleg del klassemiljøet. Resultatet blir at fleire nye trivast betre og fungerar betre saman med og ikkje på sida av, det etablerte miljøet.
- Ungdom tar ansvar – resultat: aktivitetane vil gje ungdommen eit eigarskap til utvikling av eit godt miljø i Fyresdal. Det vil gjennom prosjektet bli naturleg for dei og ta ansvar for å få til spennande ting og dei vil sjå si eiga gruppe i samanheng med andre grupper i bygda. Resultatet blir ein meir bevisst og stolt ungdomsgruppe som får sterke røter i Fyresdal og eit positivt syn på å flytte heim i etableringsfasen.
- Kontakt med Næringshageprosjektet – resultat: Ved å samarbeide med næringshageprosjektet vil prosjektleiar og prosjektgruppene i hovudprosjektet til ein kvar tid vite om utviklinga av arbeidsplassar i bygda. Ved rekruttering av nye familiar til bygda er det heilt naudsynt å vite om ledige jobbar, moglegheten for etablering av verksemd i Fyresdal, og utviding av eksisterande verksemder. Resultatet blir at prosjektet kan gje betre informasjon og betre mogleghetar til dei som ynskjer å flytte heim.