Odda, Ullensvang, Jondal, Etne og Kvinnherad ønskjer å få fleire interessert i naturverdiane i området. Det skal resultere i inntektsgivande aktivitetar, auka helsegevinst og skape nye møteplassar.
Skattekammer i naturen
Naturområda for prosjektet strekker seg frå fjordlandskapet, gjennom kulturlandskapet og opp på isbreen Folgefonna. Turløypene inneheld ein svært variert flora fra strandsona og opp til arktisk flora ved brekanten, variert dyreliv med sjeldne fugleartar og stor hjortestamme og geologiske fenomen som jettegryter. I det særprega brelandskapet er det mange kulturminne i form av spor etter menneske; som ferdselsårer, busetnad og seterdrift.
Kommunen som tilretteleggjar
Det ligg mange historier i ferdselsårene. Dei formidlar naturverdiar innafor plante- og dyreliv, klima og vatn, geologi og kulturminne. Desse historiene skal formidlast gjennom informasjon i landskapet, på internett og i skriftleg produkt. Rutene skal merkast, utbetrast og sikrast med bruer og passasjar i landskapet. Kommunane skal gjennom prosjektet, leggje til rette for parkering, utsiktspunkt, observasjonsplassar og toalett i tilknyting til rutene.
Meir attraktivt for fastbuande
Målet med prosjektet er å få fastbuande og tilreisande ut i naturen. Tilrettelegginga vil auke trivselen for dei fastbuande; noko som gjer det meir attraktivt å bu og arbeide i bygdene rundt Folgefonna nasjonalpark.
Prosjektet skal også medverke til utdanning av lokale naturrettleiarar, og utvikle opplæringstilbod for lokale grunn- og vidaregåande skular.
Breitt samarbeid
Dei fem kommunane samarbeider med Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, Sunnhordland Kraftlag og Folgefonna nasjonalparksenter. Prosjektet vil også samarbeide med utdannings- og FoU-institusjonar om kompetanseutvikling, og ikkje minst; med grunneigarane om arbeid og skjøtsel av naturverdiane. I tillegg er prosjektet forankra i sentrale planar og strategiar på lokalt og regionalt nivå.
Rundt om i heile landet er det gamle ferdselsårer som gjerne kan kome til nytte att. Prosjektet i Hordaland syner kor mykje det kan vere å hente på å grave fram gamle spor og ressursar i naturen.
Naturarven som verdiskapar
Dette er eit av totalt 15 prosjekt i programmet Naturarven som verdiskapar.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.