Omgrepet «attraktive bukommunar» vert her definert som: Variert utval på bustadmarknaden, god tilgang på språkkurs, sosiale møtestader og eit lokalsamfunn som involverer seg i tilflyttarar. God kommunevertskap og gode rutinar for tilflytting i kommunane, inngår òg i omgrepet.
Vidare skal prosjektet involvera folk gjennom informasjon og deltaking i ulike fora. Endeleg, når gode bustader er på plass, skal ein driva marknadsføring og rekruttering av tilflyttarar. Regional nettportal flyttilhardanger.no.
Aktiviteter
- Arrangement utanfor kommunen for å rekruttera folk
- Annonsering i media
- Brosjyrer og liknande
- Tilrettelagt bustader for tilflyttarar
- Kampanje for å synleggjere regionen som bustad
- Samarbeid med næringsliv og/eller frivillege organisasjonar
- Vertsskapsordning
- Brev til potensielle tilbakeflyttarar
- Eigne nettsider
Viktigaste salgargument
- Livskvalitet
- Godt oppvekstmiljø
Samarbeidspartnarar
- Kommunane
- Hordaland fylkeskommune
- Placement
Hovudmål
Målgrupper
- Alle typer innflyttarar
- Tilbakeflyttarar
- Småbarnsfamiliar
- Livsstilsflyttere frå utlandet
Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommunar
«Flytt til Hardanger – attraktive bukommunar» er presentert med grunnleggjande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket er ein del av ”Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene”. Arbeidet er ein del av prosjektet ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomfører på oppdrag frå Distriktssenteret.