Hovudmålet var å marknadsføra regionen sine tilbod og kvalitetar, og på den måten oppnå ein positiv flyttestraum. Etter kvart vart det og eit mål å styrka identiteten i regionen, slik at ein kunne framstå som ein region snarare enn sju einskildkommunar. I 2009 fekk Hardanger netto innflytting. Regional profileringsportal er flyttilhardanger.no.
Prosjektet var organisert i 10 grupper: Styringsgruppa vedtok overordna planar og disponerte midlar. Prosjektgruppa var eit utspring frå styringsgruppa og fungerte som eit diskusjonsforum for prosjektleiar. Det praktiske arbeidet var organisert i åtte arbeidsgrupper som styrte kvart sitt delprosjekt. På nokre av delprosjekta er det leigd inn eksterne delprosjektleiarar.
Dei åtte delprosjekta er: Kommunegruppa, marknadsføringsgruppa, databasegruppa, Placementgruppa, næringslivsgruppa, Hardangerlokkgruppa, grunnskulegruppa og fylkesgruppa.
Aktiviteter
- Arrangement utanfor kommunen for å rekruttera folk
- Annonsering i media
- Brosjyrer og liknande
- Tilrettelagt bustader for tilflyttere
- Kampanje for å synleggjere regionen som bustad
- Samarbeid med næringsliv og/eller frivillege organisasjonar
- Vertsskapsordning
- Brev til potensielle tilbakeflyttarar
- Eigne nettsider
Viktigaste salsargument
- Livskvalitet
- Godt oppvekstmiljø
Samarbeidspartnarar
- Kommunane
- Hordaland fylkeskommune
- Placement
Hovudmål
Målgrupper
- Alle typer innflyttarar
- Tilbakeflyttarar
- Småbarnsfamiliar
- Livsstilsflyttarar frå utlandet
Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner
Flytt til Hardanger er presentert med grunnleggjande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket er ein del av ”Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene”. Arbeidet er ein del av prosjektet ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.