Fagområde: Næringsutvikling

Diktarvegen Rv 13

Diktarvegen RV 13 fra Jæren til Sunnfjord – den første ”litteraturvegen” i Norge.

Eit felles litteratur- og kulturnettverk langs RV 13 der dei fem forfattarane Jakob Sande, Per Sivle, Olav H. Hauge, Rasmus Løland og Arne Garborg skal vera i fokus, var resultatet av Diktarvegkonferansen i Ulvik i april 2009. Dessa er grunnmuren for eit prosjekt som går til 2012, som har fått stønad frå kommunal- og regionaldepartementet.

Nettverket rundt Diktarvegen skal nyttast aktivt i dei respektive kommunane sine strategiar for omdømebygging og næringsutvikling. Prosjektet skal utvikla RV 13 som stamveg på same tid som dei tre strekningane på RV 13 har fått kvalitetstempel som Nasjonal turistveg.

Målet for organisasjonane/litteraturselskapa som har teke initiativ til prosjektet er å få ein ny og spennande møteplass der ulike profesjonar møtes ”på tvers” for utvikling av kommunikasjonar, kultur, nærings- og reiselivsutvikling, og der ein får til samordning og utvikling til beste for RV 13.

Vegen går langs mest 20 kommunar og tre fylkeskommunar, og mest alle desse er medlemer i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).  Alle ligg i regionar som har svært mange like utfordringar dei står overfor i  utviklinga av lokalsamfunna sine.

LNK er prosjekteigar og praktisk tilretteleggjar av prosjektet Diktarvegen.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.