Bustadsatsing i Hitra

Kystkommunen Hitra har hatt ei sterk næringsutvikling og stor arbeidsinnvandring dei siste åra. Men bustadmangel bremsar for varig busetting og vidare tilflytting.

Hitra er ein kystkommune i Sør-Trøndelag med omlag 4400 innbyggarar. Havbruk er ei sterk næring, men Hitra er også ein attraktiv hyttekommune med omlag 2000 ferie- og fritidsbustader.

I 2011 blei kommunen rangert blant dei beste distriktskommunane på utvikling, i Telemarkforsking si analyse av «Suksessrike distriktskommunar«, utført på oppdrag for Distriktssenteret.

Treng fleire folk, som treng fleire hus

Den sterke næringsveksten har ført til stor etterspurnad etter arbeidskraft, og kommunen har dei siste åra hatt god tilflytting, hovudsakleg av arbeidsinnvandrarar. Bustadutviklinga har derimot ikkje hatt same takten. Kommunen har difor som mål å få til variert bustadbygging som støttar vidare næringsutvikling og tilflytting.

Ein aukande og sterk fritidsbustadmarknad er del av utfordringa, særleg i tettstadene som har sjønære bustader og tomter. Her blir ledige bustader gjerne kjøpte som fritidshus, med ungdom og andre etablerarar som tapande part. Dette skaper utfordringar for kommunen, som ventar fortsatt arbeidsplassvekst, behov for tilflytting og eit godt bustadtilbod.

Bustadprogram og tydeleg kommunal rolle

Hitra deltek i den nasjonale satsinga «Boligetablering i distriktene», og kommunen har utarbeidd bustadprogram for perioden 2011-2014. Her blir den kommunale rolla som bustadplanleggar- og tilretteleggar understreka. Bustadprogrammet har eit heilskapleg fokus, der bustadsosiale mål og tiltak blir sett i samanheng med den generelle bustad- og samfunnsutviklinga elles.

Samarbeid med lokale utbyggarar og entreprenørar blir peikt på som viktig verktøy i det bustadpolitiske arbeidet.

Kommunen deltek også i det regionale samarbeidet «Kysten er klar» som i 2011 fekk tildelt Bolyst-midlar til prosjektet «Rekruttering av utenlandsk arbeidskraft som grunnlag for bosetting og næringsutvikling«. Læringa frå den nasjonale bustadsatsinga vil Hitra bruke inn i det regionale arbeidet med rekruttering og busetting.

I bustadsatsinga vil kommunen vere ein ressurs med omsyn til erfaringar med busetting av arbeidsinnvandrarar.

Tilskot frå den nasjonale satsinga

Ut frå SSBs bustadstatistikk har talet på omsette og igangsette bustader auka dei siste åra. i 2012 vart det sett i gong bygging av heile 52 bustader. Tilskotsmidlar frå den nasjonale satsinga er brukt som delfinansiering av 12 av desse; tre leilegheitskompleks med fire bueiningar kvar.

Prosjektinformasjonen er henta frå søknader og rapportar hjå Husbanken. Distriktssenteret   formidlar erfaringar, tiltak og resultat undervegs og i etterkant av prosjektslutt.  Hovedmål