Fagområde: Tilflytting

Bustadsatsing i Balestrand

Talet på arbeidsplassar aukar. Folketalet stig derimot ikkje i same takten. No tek Balestrand grep i den lokale bustadpolitikken. Kommunen er ein av tolv pilotkommunar i den nasjonale satsinga «Boligetablering i distrikta».

Balestrand er ein liten kommune i Sogn og Fjordane med omlag 1340 innbyggarar. Kommunen er eit attraktivt reisemål og turisme er viktig næring.

Sidan 2001 har folketalet hatt ein jamn nedgang, med noko utflating frå 2009. Dette har skjedd, sjølv om kommunen dei siste åra har hatt vekst i arbeidsplassar. Ein stor del av dei som arbeider i kommunen bur i nabokommunane.

Bu-kommunen Balestrand

Vinteren 2012 søkte Balestrand status som deltakarkommune i den nasjonale satsinga Boligetablering i distrikta. Målet er å styrke kunnskapen og den strategiske satsinga på bustadutvikling, for å auke busettinga i kommunen. Konkret delmål er å få bygd ti nye hus, der fem av dei skal vere med utleige-eining.

Gjennom satsinga bidreg Husbanken med kunnskapsutvikling, rådgjeving og økonomiske tilskot, ut frå søknad og tiltaksplan. I løpet av prosjektperioden skal Balestrand også utarbeide ein bustadstrategisk plan, som skal ligge til grunn for vidare arbeid og tiltak.

Satsar på einebustader med utleige

Statistikk frå SSB viser at det i perioden 2002-2007 var liten omsetnad av eksisterande bustader i Balestrand, medan det vart sett i gong ein del nye prosjekt. Frå 2007 har omsetnaden teke seg noko opp, men få nye bustadprosjekt er sett i gong.

Balestrand kommune er oppteken av at nybygg medfører tap i den lokale bustadmarknaden, og at utleigetilbodet er for lite og for dårleg. Kommunen har so langt difor valgt å nytte tilskotsmidlar på bustadprosjekt hjå private hushald. I 2012 fekk kommunen økonomisk tilskot til fire prioriterte prosjekt, som totalt skal bidra til å realisere fire eigebustader og fire leigebustader i kommunen. Både ombygging og nybygging har fått støtte, også  utleigeeiningar i einebustadene.

Balestrand jobbar no aktivt mot utbyggarar og grunneigarar, for å få realisert nye bustadprosjekt. Kommunen har også vedteke å tilby gratis bustadtomter.

Prosjektinformasjonen er henta frå søknader og frå rapporten Midtveisevaluering Boligetablering i distriktene (Rambøll). Distriktssenteret vil formidle erfaringar, tiltak og resultat undervegs og når satsinga blir avslutta.