Fagområde: Tilflytting

Bulyst – gje det vidare!

Ein vidareføring av «Vi snur vinden – fleire folk til Vest-Telemark».

Prosjektet Bulyst – gje det vidare! er ein vidareføring av «Vi snur viden». Prosjektet har fokus på vertskapsrolla og mottakarapparatet, og jobber for å skape blilyst. På denne måten ynskjer ein å bidra til å skape ein region som er attraktiv å bu i og flytte til, utvikle trygge og bærekraftige bustadmiljø, og gjennom dette oppnå befolkningsauke.

I prosjektet jobbar ein spesielt med å bygge opp eit nettverk av kommune- og grendekontaktar i regionen. Desse skal kunne mobiliserast som lokale guidar når nokon ynskjer å flytte hit. Eit døme på at slike lokale kontaktar er viktige, er dømet på at mange ledige hus berre vert «lagt ut på jungeltelegrafen». I dette arbeidet vert det samstundes viktig å gjere innbyggarane i Vest-Telemark medvitne om rolla si som vertsskap for nye innbyggarar.

Nettportal er: www.vest-telemark.no.

Aktivitetar

  • Arrangement utanfor kommunen for å rekruttere folk
  • Brev til potensielle tilflyttarar
  • Annonsering i media
  • Eigen nettstad
  • Tilrettelagt bustadar for tilflyttarar
  • Kampanje for å synliggjere regionen som busetjing
  • Kampanje for å skaffe arbeidskraft/synliggjere jobbmogelegheiter
  • Samarbeid med næringsliv og/eller frivillige organisasjonar
  • Vertskapsordning

Viktigste salgsargument

  •  Livskvalitet
  • Godt oppvekstmiljø
  • Gode tenestetilbod

Samarbeidspartnere

  • Grende- /bygdelag
  • Telemark Fylkeskommune
  • Fylkesmannen i Telemark
  • Regionråd i Vest-Telemark, Vest- Telemarkrådet
  • Næringslivet
  • Frivillige lag og organisasjonar
  • Næringsutviklingsselskap for Vest-Telemark

Hovedmål

Skape blilyst, og gjennom dette oppnå befolkningsauke.

Målgrupper

  • Arbeidskraft generelt
  • Ungdom
  • Barnefamiliar
  • Potensielle tilbakeflyttarar
  • Flyttarar frå storbyområder
  • Entreprenørar
  • Hyttefolk

Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner

Bulyst – gje det vidare! er presantert med grunnleggjande informasjon utan vurdering frå Distriktssenteret. Tiltaket er ein del av ”Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene”. Arbeidet er ein del av prosjektet ”Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner”, som Ideas2evidence og Norut gjennomførar på oppdrag frå Distriktssenteret.