Fagområde: Næringsutvikling

Agro Business Park

Prosjektet Agro Business Park har som mål å samle eksisterande fag- og produsentmiljø for betre å nytte ressursane i landbruket.

Ein studietur til Danmark med faglaga i landbruket i Gloppen, Gloppen kommune v/ landbrukssjefen, næringshageverksemder og Norsk landbruksrådgiving i Sogn og Fjordane, var startskotet for å skipa Agro Buisness Park – ABP.

Ein fellesnemnar i ABP-prosjektet er å få samle eksisterande fag- og produsentmiljø for betre å nytte ressursane i landbruket. Auka samarbeid i og mellom landbruket og anna næring kan utløyse gode synergiar. Det er gode eksempel på dette i prosjektet. Styringsgruppa i ABP er breitt samansett av personar med bakgrunn frå landbruket, landbruksorganisasjonar og næringslivet elles.

ABP vart i 2006 ein av pilotane i Kommunal- opg regionaldepartementets (KRD) Småsamfunnssatsing, etter at det i 2006 ble gjennomført ei forstudie for å kartlegge relevante kompetanse ressursar i regionen. Pilotprosjektet skulle etter planen bli avslutta i løpet av 2009, men fekk ei tilleggsløving for å koma fram til ei ny og permanent organisering gjennom ein SA-modell.

Satsinga i prosjektet so langt

ABP Bioenergi

Informasjon- og motivasjons-program for utskifting av oljebasert oppvarming i større verksemder til bruk av pellets og flis som energiberar.

Fjordenergi AS

Den 3. april 2007 vart det etablert eit nytt selskap: Fjordenergi AS,  som skal sikre at produsentane frå småkraftverka i regionen får best mogleg pris på straumen dei sel. Dette segmentet på kraftmekling er krevjande og stiller høge krav til kompetanse for å få best moglege prisar og avtalar. Selskapet har tilsett ein kraftmeglar. Aksjekapital er kr. 260000, og eigarane produserer i dag 100 GWh. Målsetjinga er minimum 500 GWh i porteføljen innan 2012.  Nordvestlandet er definert som vekstområde.

I tillegg til å arbeide for at småkrafteigarane set att med fleire kroner ved sal av krafta si, er det også eit stort potensial å redusere kostnader med drift og vedlikehald av kraftstasjonane.

Overskotet frå sal av straum frå småkraftverka er etter kvart ein del av bygdeøkonomien og eit dermed grunnlag for busetjing og utvikling. Det nye selskapet skal og ha fokus på korleis ein kan investert kapital lokalt og på denne måten plassere overskotet på kraftproduksjonen.

Aksjonærane til selskapet er småkraftverkseigarar, og næringshagen har gått inn med ca.10% av aksjekapitalen for å opprettehalde nettverket. Satsinga Fjord Energi AS avspeglar godt målsetjinga til ABP om at det er produsentane som skal sitje tilbake med mest mogeleg av verdiskapinga.

Dette vart den første etableringa i ABP der faglaga er aksjonærar og Sandane Næringshage er inne med 10% eigarskap. ABP Bygdeservice er etablert med felles dagleg leiar i avløysarkontoret i næringshagen. Prosjektet har hausta gode synergiar av felles nettverk saman med avløysarkontoret. ABP Bygdeservice er grunnlagt for å gje bønder som har ledig arbeidskapasitet og maskiner til å utføre div. arbeid som linerydding for Sogn og Fjordane Energiverk, vegkantslått for vegvesenet, felling av vanskeleg tre i private hagar og liknande arbeidsoppgåver.

ABP Opplevingsturisme

Innanfor satsinga på ABP opplevinsturisme har vi fått med sentrale aktørar både frå fylkesnivå og destinasjonsselskapet i Nordfjord i styringsgruppa.Det er  jobba med følgjande satsingar:

  1. Kvalitetsikring av tilretteleggingar på overnatting og aktivitetar for funksjonshemma.
  2. Naturbaserte aktivitetar og etablering av nytt aktivitetsselskap.
  3. Utleige av støylshus: Prosjektet gjennom to sesongar tilbydd utleige av stølshus i kommunen.

Det har vore jobba med kvalitetstandardar og prisvurdering. Stølshusa vert utleigd via Bygdeservice AS, som er lokalisert i Næringshagen og gjennom Reisemål Stryn&Nordfjord. Det vert og jobba med vandreruter i tilknyting til desse stølane og nytt turkart for Gloppen. Målet er å få fleire stølshuseigarar med vidare, og skape meirsal ved sal av opplevingsaktivitets-pakkar og lokal mat og drikke.

ABP Inn på tunet

Inn på tunet er eit utdanningstilbod knytta til skulen, eller eit aktivitets- og arbeidstreningstilbod gjennom helse- og omsorgstenesta. Aktivitetane i tilbodet byggjer på garden og bonden sine ressursar, og er tilrettelagt for målgruppe/brukar.

Her var ABP prosjektkoordinator og starta opp prosjektet der Gloppen kommune kjøper tenester av bonden og bonden er tenesteleverandør. Dette er eit 3-årig utvilingsprosjekt i samarbeid med Fylkesmannen sin landbruksavdeling, kommunen og ABP.

Prosjektet er pilot for Fylkesmannens landbruksavdeling for å utvikle eit tilbod for demente. Gloppen kommune tok over prosjektet i 2009 og er ansvarleg for drift og vidare finansiering. Gloppen kommune har tilsett spesialutdanna sykepleiar innan fagfeltet demens.

Frukt, bær Nordfjord rundt

Dette prosjektet set fokus på tiltak for å auke lønsemda til frukt- og bær-produsenten i Nordfjord. ABP samarbeider med produsentane og lokale reiselivsaktørar i Nordfjord for å utvikle nye produkt og tenester. Design og merkevarebygging rundt namnet NORDFJORD er sentralt arbeid i dette. Innvik Fruktlager og Gloppen Produsentlag har saman med ABP fått tildelt midlar hjå Fylkesmannen sin landbruksavdeling for å få sett i gong utviklingsarbeidet.

I tillegg til å bygge opp eit samarbeidsnettverk i Nordfjord, har ABP utført ulike studieturar og kompetansehevingstiltak for bønder og produsentar. På produktutvikling-sida har det vore mest fokus på eplesaft, eplesider og plommebrennevin.

Eierskap, organisering og formell forankring

Gloppen kommune og Sandane Næringshage er formelle eigarar av prosjektet. I tillegg har prosjektet kopla til seg mange offentlege og private verksemder til prosjektarbeidet. Distriktssenteret meiner difor at prosjektet er godt forankra ved at ulike relevante partar og aktører har representanter i styrings- og ulike prosjektgruppe/bedriftsstyre. Desse representantene har arbeidd aktivt med forankring og involvering i dei organisasjonene/gruppene dei representerer.

Mobilisering, involvering og medvirkning

Distriktssenteret meiner småsamfunnsprosjektet har involvert aktuelle og relevante målgrupper i planleggingsfasen, gjennomføring og evaluering av prosjektet. Dei aktuelle målgruppene er representert i styringsgruppe, prosjektgrupper og bedriftsstyrer som er etablert både i hovudprosjekt og i delprosjekta.

ABP har engasjert fleire målgrupper ved å tilrettelegge for studieturar. I tillegg har dei vore flinke å nytta ut andre kompetansemiljø for å kunne tilføre ny kunnskap til dei nye etableringane.

Kompetanse og menneskelige ressurser

Distriktssenteret meiner at den gode forankringa som er lagt til grunn, har vore ein av suksessfaktorane til god gjennomføringsevne. Dei har avgrensa satsinga til tilleggsnæringane i landbruket, men har vore innom for mange prosjekt i startfasen. Prosjekta som har hatt definerte styringsgrupper har klart seg betre enn dei prosjekta som ein har vald å ikkje etablere styringsgruppe.

Kommunens rolle

Distriktssenteret meiner at Gloppen kommune har aktivt støtta opp om prosjektet både i planleggings-, gjennomførings- og evalueringsfasa. Kommunen har bidrege til nettverk og møteplassar mellom utviklingsaktørar og kompetansemiljøa i landbruket lokalt og regionalt.

Kommunen har også bidrege til å skape arenaer for kunnskapsdeling, inspirasjon og læring i tillegg til å kople sine tilsette til å vere aktive i nettverk og møteplassar. Kommunen har fungert som førstelinjeteneste for regionale aktørar gjennom å informere om finansieringsordningar, programsatsingar og informert om regionale støttespelarar og bidrege til at disse har blitt kopla opp mot prosjektet. Her har landbrukssjefen hatt ei sentral rolle i prosjektet.

Fylkeskommunens rolle

Distriktssenteret vurdere Fylkeskommunen som ein god medspelar til småsamfunnsprosjektet. Dei var aktivt med før oppstart og i oppstartsfasen. I ettertid har nok fylkeskommunen vore ein støtte til prosjekta gjennom dei økonomiske i bidraga og med nokre praktiske utfordringar i høve til rapportering og utbetaling.

Målformulering

Agro Business Park (ABP) si målsetjing er å vere eit verktøy for å skape tilleggsnæringar i landbruket. ABP arbeider for at ressursane i landbruket også i framtida skal nyttast og gje grunnlag for verdiskaping og arbeidsplassar samt å vere eit vekst- og kompetansemiljø for landbruksnæringa. ABP har ei langsiktig målsetting om å oppnå status som ein statleg landbruksinkubator.

Då Sandane Næringshage vart ein node i Fjordinkubator som Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane administrer i fylket med midlar frå SIVA, fall denne målsettinga bort i 2009. Ein har sidan dette arbeidd med å etablere ein varig organisasjon, då prosjekt må vere tidsavgrensa. Dette ligg godt an til å lukkast med då målet no er å få etablert eit nytt ABP SA innan påske 2011.

Eigarane her er faglaga, som seinare vil invitere med seg fleire eigarar/medlemmer innan landbrukssamvirke, kommunar, FOU-landbruk og andre som har interesse av å bygge eit regionalt kompetansemiljø. ABP SA skal på denne måten førast vidare med eit sterkt eigarskap i landbruksnæringa der årlege medlemsavgifter skal sikre ei stabil økonomisk drift i tillegg til prosjektfinansiering.

Resultat og effekt

ABP kan vise til gode resultat og god effekt (nye produkt, nye arb.plassar og nye bedriftsetableringar) ut fra definerte mål. Desse vil de m.a. finne att i beskrivelsen av prosjektet

Nyskapning og kreativitet

Distriktssenteret ser at småsamfunnsprosjektet i regi av Agro Buisness Park har vore viktig i utviklinga av brennevinsproduskjon (plomme og bringebær) gjennom delprosjektet «frukt og bær», som er ei satsing av programsatsinga til LMD på området. Dette er også gjort i eit nært samarbeid med Arcus og Agder Brenneri i Grimstad.

Læringsverdi

Distriktssenteret meiner at Agro Business Park (ABP)  har vore og er ein pådrivar til å utvikle og initiere nyskapingar og tilleggsnæringar innan landbruket. Dei har gått grundig til verks i oppstartsfasen; dialog med produsentar, drøftingar, undersøkingar og felles utvikling av søknader. Dette har resultert i fleire etableringar av nye verksemder og arbeidsplassar, gjennom eit sterkt fokus på ei «kollektiv» næringsutvikling mot produsentar/tilbydarar gjennom fag- og produsentlaga i landbruket. Difor skil dei seg ut frå den tradisjonelle inkubator-rolla.

Mål og resultat

Agro Business Park (ABP) si målsetjing er å vere eit verktøy for å skape tilleggsnæringar i landbruket. ABP arbeider for at ressursane i landbruket også i framtida skal nyttast og gje grunnlag for verdiskaping og arbeidsplassar samt å vere eit vekst- og kompetansemiljø for landbruksnæringa. ABP har ei langsiktig målsetting om å oppnå status som ein statleg landbruksinkubator.

Ved å ha sterk fokus på næringsutvikling, meiner Distriktssenteret at ABP sine mål har gitt konkrete resultat i skipinga av fleire selskap og nettverkskonstellasjonar med basis i landbruket.  Dette gjeld m.a. ABP Bygdeservice AS, Fjordenergi AS, (småkraftproduksjon), ABP Inn på Tunet-satsinga og nye næringar i frukt- og bærproduksjonen i Nordfjord.

Prosess og vurderingar

Distriktssenteret har vurdert småsamfunnsprosjektet til å vera god på samarbeid med verksemder og organisasjonar som aktive medspelarar i kompetanse- , teneste- og produktutvikling. ABP har i dei nye prosjekta eit spesielt fokus på å gje tilbod om deltaking og involvering til eit større geografisk nedslagsfelt på tvers av kommunegrensene og i det siste også over regiongrensene.

Vegen vidare

ABP fekk ein liten ekstraløyving frå Kommunal- og regionaldepartementet (KRD), som har vore svært viktig og avgjerande for å kunne avslutte prosjektet ved å skipa Agro Buisness Park SA. Dette skjedde våren 2011, der 5 faglag i Gloppen og 5 faglag i Jølster innan landbruket er med. Distriktssenteret meiner at dette gjer at ABP SA. vil få ein sterkare eigarstruktur som gjer at ein kan halde oppe eit høgt aktivitetsnivå. Målet er å få med dei to kommunane og private verksemder som eigarar i det nye selskapet.