Verdiskaping basert på natur- og kulturressursar

Denne arbeidsrapporten gir deg læringshistorier frå Lom, Vega, Røros og Lysefjorden. Historiene gir eksempel på korleis natur- og kulturressursane kan bli ei positiv drivkraft i utviklinga av ein kommune eller ein region.

Vi har leita etter områder som kan visa til resultat innan brei verdiskaping. Brei verdiskaping er ein strategi for bærekraftig samfunnsutvikling. Arbeid med brei verdiskaping handlar om å sjå samanhengar mellom økonomisk, miljømessig, kulturell og sosial verdiskaping, og å nytta dette samspelet til å skape større lokal meirverdi.

Dette er ikkje ein forskingsrapport, men ein erfaringsbasert rapport der læringshistoriene vert kopla mot tidligare forsking og arbeid på området. Rapporten er utarbeidd av Distriktssenteret for Regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Hovudfunn

Ei viktig erfaring frå læringshistoriene er at den breie verdiskapinga er resultat av kontinuerleg arbeid med forvaltning, formidling og forankring. Samstundes ser vi at omgrep som tillit, identitet og stadtilhøyrsle gjer seg gjeldande. Felles for arbeidet hjå områda som lukkast med brei verdiskaping er:

  • tydlege prioriteringar
  • langsiktig planlegging
  • investering i fellesgode
  • lokal forankring og brei involvering
  • samhandling på tvers av mange aktørar

Kommunane tek ei aktiv rolle

Eit særtrekk som går att hjå kommunane som lukkast med brei verdiskaping er prioritering og strategisk planlegging. Dei har teke aktive val, noko som inneber å seia ja til noko, samstundes som ein seier nei, eller stiller strenge krav til andre former for utvikling.

Vi ser at kommunale planar og arenaer for medverknad har mykje å seie i arbeidet med brei verdiskaping, gjerne gjennom å kopla vernearbeid saman med næringsutvikling i det kommunale planarbeidet. Gjennom å legge til rette for samhandling på tvers av ulike interesser, kan ein skape tillit og felles målbilete der ulike samfunnsaktørar spelar på lag. På denne måten kan ein skapa eit betre grunnlag for prioriteringar, og ta i bruk handlingsromma som finst lokalt.

Investering i miljømessig, kulturell og sosial verdiskaping

Alle områda vi har henta læringshistorier frå har delteke i ulike program eller satsingar som har gitt dei ekstra ressursar til å jobbe med å styrke og utvikle fellesgoda. Eit viktig poeng her er at arbeid med å styrke miljømessige, kulturelle og sosiale verdiar handlar om viktige investeringar i den lokale samfunnsutviklinga.

Arbeid med sosial verdiskaping

Strategisk arbeid med brei verdiskaping krev at ein tek vare på og utviklar natur- og kulturressursane som ligg på staden. Dette inneber å kople natur- og kulturressursane på staden saman med dei folka som bur der.

Den sosiale verdiskapinga er limet i den breie verdiskapinga, og vi ser at kommunane som lykkast, arbeidar aktivt med tillitsskapande arbeid og styrking av formelle og uformelle nettverk. Gjennom samhandling i tillitsfulle nettverk kan ein kommunisere på tvers av interesser, skape vinn-vinn situasjonar og nye handlingsrom. Vi erfarer at områda som lykkast jobbar breitt – både horisontalt og vertikalt. Dette betyr at kommunane involverer innbyggjarar og jobbar på tvers av sektorar, samstundes som dei også samarbeid med regionale og nasjonale styresmakter.

Breitt spekter av nasjonale og regionale bidragsytarar

Gjennom læringshistoriene ser vi eksempel på stadar som foredlar sine eigne ressursar. Lokal utviklingskraft er heilt sentralt, men merksemd utanfrå kan utløyse viljen til å ta vare på verdiane lokalt. Mange ulike aktørar og sektorinteresser har spela ei rolle i samfunnsutviklinga i områda vi har besøkt. Vi har sett mange eksempel på at bidrag frå nasjonale og regionale aktørar er viktig for den breie verdiskapinga lokalt.

Stadane vi besøkte

Lom

Norsk Fjellsenter i Lom. Bygning i forgrunn, bebyggelse og fjell i bakgrunn.

Norsk Fjellsenter i Lom. Foto: Kristoffer Mæle Thuestad.

Røros

Gate i Røros. Svarte lafta trehus. Mann med gåstaver i forgrunn.

Røros.Foto: Ingunn Høyvik, Distriktssenteret.

Vega

Gullvågtind. Fiskebåter.

Gullvågtind, Vega. Foto: Ingunn Høyvik, Distirktssenteret.

Lysefjorden

Fjellformasjonen Preikestolen. Fotturistar.

Preikestolen ved Lysefjorden. Foto: Ingunn Høyvik, Disiriktssenteret.

Fire faglege innspel til nasjonal politikkutvikling

Natur- og kulturverdiar i norske lokalsamfunn representerer viktige nasjonale interesser. Nasjonale styresmakter ynskjer å gjere det attraktivt for kommunane å ta vare på og forvalte natur- og kulturressursane på ein berekraftig måte. Her er fire faglege innspel som vi kjem med i rapporten.

1 Auka kunnskap og kompetanse om berekraftig lokal samfunnsutvikling

Både nasjonale, regionale og lokale styresmakter må ha kunnskap om korleis dei ulike formene for verdiskaping spelar saman, og korleis val i samfunnsplanlegginga kan påverka dette samspelet. Dette inneber å forstå korleis vala kan bidra til å styrka eller svekka ulike former for verdiskaping lokalt, og korleis kommunar kan utvikla og gripa handlingsromma som ligg innanfor brei verdiskaping.

2 Styrka samhandling nasjonalt

Vi har vist til eksempel der kommunane på lokalt nivå ynskjer å sjå kulturarv, naturarv og samfunnsutvikling i ein større samanheng, samstundes som dei opplever at nasjonalt nivå ikkje alltid har samordna bodskap og verkemiddel. I eit sektorisert samfunn, er det ei stor og viktig oppgåve å skape felles målbilete. Vi har lært at å bygge tillit mellom aktørar, og å finne gode løysingar på tvers av sektorinteresser, er avgjerande for den breie verdiskapinga.

3 Syne samanhengar og gjere koplingar

I fleire av våre læringshistorier, m.a. Vega, har kommunen teke grep for å fylle «tomrom» i skjeringspunktet mellom ulike sektorar, og på denne måten har dei skapt store ringverknadar med små ressursar.  Arbeid med brei verdiskaping handlar ofte om utløyse samspelseffektar som ligg i romma mellom dei ulike formene for verdiskaping, og mellom dei ulike sektorane og nivåa i samfunnet. Nasjonale styresmakter kan ta grep for å kopla ulike aktørar og funksjonar saman, og legge til rette for samhandling mellom aktørar som ikkje har naturlege møtepunkt.

4 Styrke arbeid med involvering og medverknad i kommunane

I læringshistoriene finn vi at utviklingskultur, tillit, stoltheit og identitet er viktige faktorar i arbeidet med den breie verdiskapinga. Den sosiale verdiskapinga er limet i berekraftig lokal samfunnsutvikling. Gjennom å legge til rette for samhandling på tvers av ulike interesser kan ein skape tillit og felles målbilete, der ulike samfunnsaktørar spelar på lag. På denne måten kan ein skapa eit betre grunnlag for prioriteringar, og for å ta i bruk handlingsromma som finst lokalt. I det strategiske arbeidet med brei verdiskaping er det viktig at kommunane får kunnskap og arbeidsmetodar for å jobba med involvering og medverknad, på tvers av ulike interesser.