Det viser analysa av «små, usikre eller stagnerende boligmarkeder» som Norut Alta har gjort, på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet. Funn og konklusjonar baserer seg på gjennomførte dokumentstudier, statistiske analyser og datakjelder, samt intervju i 8 casekommunar. Distriktssenteret har delteke i referansegruppa for arbeidet, saman med Kommunal- og regionaldepartementet og Husbanken.
Analysa ser på kjenneteikn ved kommunar som har små, usikre eller stagnerande bustadmarknader,kva som finst av verkemiddel for å møte denne utfordringa og korleis kommunar og andre lokale aktørar brukar desse. Analysa gjev også råd om tiltak som kan bidra til ein meir fungerande bustadmarknad. Tiltaka rettar seg mot både dei som etterspør bustader og mot aktuelle tilbydarar av bustader og bustadverkemiddel. Her blir kommunen si rolle særleg omtala.
Sentrale funn i analysa
- Omlag halvparten av kommunane i landet har små, usikre eller stagnerande bustadmarknader. Dette er særleg kommunar med lengre avstandar til byområde, og som tilhøyrer bygderegionar, tettstadregionar, til dels også mindre byregionar.
- Små, usikre eller stagnerande bustadmarknader finst i innlandet østafjells og på Sørlandet, i fjordområde på Vestlandet, i store deler av Trøndelag og i det meste av Nord-Noreg.
- Små bustadmarknader viser til omfanget av bustadeiningar og av omsetnad. Det kan også vise til liten variasjon i type bustader som finst og som blir omsette.
- Usikre bustadmarknader er knytt til økonomisk risiko. Marknadsprisen er lågare enn kostnadane ved å bygge eller renovere. Ved sal vil ein ikkje få att dei pengane som er lagt ned i bustaden. Ein usikker marknad er også kjenneteikna av vanskar med å få finansiering, samt manglande bustadtilbod som ei følgje av liten tru på langvarig auke i etterspurnaden.
- Stagnerande bustadmarknader inneber stagnerande verdi- eller prisutvikling, og avtakande eller ingen byggjeaktivitet, som igjen fører til aldrande og lite attraktiv bustadmasse.
- Variasjonar i bustadmarknadsforholda i slike marknader er først og fremst knytt til den langvarige befolkningsutviklinga. Samanhengane med sysselsettingsutvikling og arbeidsmarknaden er ikkje så klare, og når det gjeld busettingsmønsteret i kommunane, ser det ikkje ut til å påverke bustadmarknadforholda på kommunenivå. Men svært små bustadmarknader med lang avstand til andre bustadmarknader, skil seg ut.
- Bruken av startlån er noko større i område med små, usikre eller stagnerande bustadmarknader enn i store marknader. Samstundes er det fleire små kommunar som i liten grad nyttar dette verkemiddelet. Grunnlån blir oftare brukt i større bustadmarknader.
- Det er stor variasjon i kunnskapen som kommunane har om ulike verkemiddel, samstundes som Husbanken sine regionkontor synast å ha ulik arbeidspraksis og prioritering av virkemiddelbruk.
- Samanhengane mellom lokale utviklingstrekk og bustadforhold er komplekse og samansette. Lokale analyser må difor ligge i botn i utforminga av lokale bustadstrategiar.
- Erfaringane frå case-kommunane viser at dei fleste kommunane har ei viss rolle som tilretteleggar og samarbeidspart i bustadutviklinga. Men det er få kommunar som tek rolla som utviklingsaktør og bidreg med bygging av bustader utover behova til vansklegstilte.
- Det viser også at engasjementet og rolla til kommunane i bustadpolitikken heng tett saman med andre lokale aktørar, som lokalt næringsliv, bankar, utbyggarar, verkemiddelaktørar og innbyggarane sjølve. Hva rolle kommunen tek, er avhengig av kven dei samarbeider med, kva politisk oppfatning som rår med omsyn til å ta grep i bustadmarknaden og kva forventningar som blir stilte.
- I område som er kjenneteikna av ikkje-fungerande bustadmarknader er lokalt samspel og lokale løysingar gjerne utløysande for ein betre balanse på bustadsida. Lokale bustadstrategiar og kommunen si rolle kan her vere heilt avgjerande for å løyse ut busetting og næringsutvikling.
Kommunane som blir presenterte som case synleggjer ulike utfordringar som kommunar i små, usikre eller stagnerande bustadmarknader har. Les meir om konklusjonar og råd, og om kommunane Lierne, Vardø, Vinje, Rollag, Sande, Meløy, Odda og Herøy i rapporten.