På oppdrag frå Distriktssenteret og Norges Frivilligsentraler har Ideas2evidence kartlagt kva som kjenneteiknar samarbeid om velferdstilbod mellom frivilligsentralar og andre aktørar i distriktssamfunn, med vekt på kommunen.
Alle kommunar, særleg dei minste, må omstille for å møte velferdsutfordringar knytt til demografi og arbeidskraftbehov. Samskaping, tverrsektorielle samarbeid og frivilligheita som ressurs er peikt på som del av løysinga. Kunnskap om korleis slike samarbeid fungerer i dag og kan utviklast framover, er viktig. Det er gjort forsking og kartlegging av frivilligsentralar i tenesteyting generelt, men lite med fokus på frivilligsentralane og tverrsektorielt samarbeid i små kommunar. Kunnskap om korleis slike samarbeid fungerer i dag, evt potensiale for styrking og kva som då må til, er viktig. Difor denne kunnskapsbestillinga.
Undersøkinga løftar fram sentrale kjenneteikn ved frivilligsentralane og deira tverrsektorielle samarbeid om velferdstilbod i distrikt. Vidare ser undersøkinga også på kva rolle frivilligsentralane spelar i utvikling og tilbod av velferdstenester, faktorar som hemmer og fremmer tverrsektorielle samarbeid, og korleis ulike aktørar vurderer verdien. Her blir også peika på grep som vil bidra til å styrke samarbeid, med forslag til rammeverk for ein samskapingsmodell om velferdstenester. Kunnskapen skal gje grunnlag for utvikling av strategiar og verktøy for styrkte tverrsektorielle samarbeid mellom kommune, frivilligsentralar og andre aktørar i distrikta.
Kartlegginga tek utgangspunkt i to overordna problemstillingar:
- I kva grad, og korleis, blir det drege nytte av frivilligsentralar som velferdstenesteytar i distriktskommunar, gjennom tverrsektorielle samarbeid?
- Kva fremmer og hemmer tverrsektorielt samarbeid mellom frivilligsentralar og andre aktørar i distriktskommunar?
Problemstillingane opnar for ei rekkje andre spørsmål, som rapporten belyser. Hovudfunn frå rapporten er:
- Frivilligsentralane er ein viktig aktør i distrikta, med sterk kopling til kommunen
- Frivilligsentralar og kommunar har eit utstrakt samarbeid om velferdstenester, særleg knytt til inkludering og integrering, helse, omsorg og eldre. Møteplassutvikling er sentralt.
- Frivilligsentralane i distriktskommunane kombinerer rollane som tilbydar av eigne aktivitetar med rollen som bindeledd. Det er likevel slik at eigne aktivitetar har høgare prioritet.
- Kommunar og frivilligsentralar har ulike syn på kva frivilligsentralen betyr for velferdstilbod i dag. Medan frivilligsentralane opplever at dei allereie har ei stor betydning, er kommunane meir opne til dette. Begge aktørar vurderer derimot at betydninga vil auke framover.
- Samarbeidet er prega av likeverdig samskaping, men ulike institusjonelle logikkar skaper friksjon og frustrasjon og krev jamnlege avklaringar. Medan dei frivillige er motiverte og drivne av den sosiale verdien som blir skapt, er kommunen som aktør også oppteken av at samarbeidet kan ha ein økonomisk verdi
- Sjølv om samskaping som tankesett står sterkt, er det ikkje alltid lett i praksis. Det er behov for avklaringar kring rollar og oppgåvefordeling, og om grensene mellom samskaping, samproduksjon
- Samlokalisering mellom frivilligsentralar, bibliotek, innbyggarservce og andre kommunale tenester synast å fremme dag-til-dag-samarbeidet, men krev god forståing for ulike rollar.
- Frivilligsentralen står i grenselandet mellom lokale myndigheiter, lokal frivilligheit og fleire stader også lokalt næringsliv. Ein frivilligpolitikk som synleggjer og sler fast ulike roller og oppgåver blir peikt på som sentralt for godt samspel. Frivilligpolitikk kan bidra til å bygge bruk mellom ulike institusjonelle logikkar, og bidra til avklaringar kring forventningar, ansvar og oppgåver.
Basert på kartlegging og funn presenterer rapporten eit forslag til rammeverk for ein samskapingsmodell for velferdstenester. Rapporten peikar på eit potensiale for å vidareutvikle lokale velferdstenester til beste for både frivilligheit, frivilligsentral, kommune og innbyggjarar. Det treng både frivilligsentralar og distriktskommunar i møte med store utfordringar og forventningar framover.