På oppdrag frå Distriktssenteret har Møreforsking levert rapporten som skal auke kunnskapen om korleis regionale aktørar arbeider med bygde- og lokalsamfunnsutvikling. Arbeidet er avgrensa til fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Like oppdrag – ulike resultat
Med utgangspunkt i at fylka får likelydande oppdrag frå departementa, der berre pengesummen er spesialtilpassa det einskilde fylket, har dei lagt vekt på å få fram i kva grad, på kva måte og kvifor arbeidsmåtane likevel varierer frå fylke til fylke.
Representantar frå fylkesmannen og fylkeskommunen er blitt intervjua. Innovasjon Norge er blitt inkludert i undersøkinga der dei har vore sentral samarbeidspartnar.
Dette er bygde- og lokalsamfunnsutvikling
Forskaren definerer bygde- og lokalsamfunnsutvikling som arbeid og tiltak som stimulerer til at bygder og andre lokalsamfunn skal bli gode stader å bu i. Det er kollektive tiltak, som skil seg frå vanleg næringsutvikling ved at tiltaket skal kome lokalsamfunnet til gode og ikkje berre entreprenøren/bedriftseigaren.
Ulike strategiar i fylka
Dei fire vestlandsfylka har gripe handlingsrommet dei har fått av departementa på ulikt vis. Forskarane set desse klisterlappene på fylka:
- Rogaland: Marginal og integrert del av regional utvikling
- Hordaland: Proaktivt, ”ei dør”-politikk i velutvikla partnarskap
- Sogn og Fjordane: Tilbaketrekt rolle som finansiør av utviklingsprosjekt
- Møre og Romsdal: “Ei dør”-politikk med proaktiv rolle i lokale utviklingsprosjekt
Inngrodde arbeidsmåtar
Oppgåva til forskarane har vore å samanlikne og syne korleis dei fire fylka driv bygde- og lokalsamfunnsutvikling. Dei har difor ikkje gått i djupna på kvifor ulike modellar er blitt valde, men meiner skilnaden kan henge saman med den regionale konteksten. Med regional kontekst tenkjer dei ikkje berre på at behov og interesser knytt til ulike nærings- og busetnadsstruktur er ulike. Dei meiner også at kvart fylke gjennom tidene har utvikla arbeidsmåtar og nettverkskonstellasjonar som ikkje let seg endre over natta, trass i signal ovanfrå, frå staten eller frå eigne leiarar.
Den viktigaste målgruppa
Fylkesmannen og fylkeskommunen peiker på kommunen som si viktigaste målgruppe for dette arbeidet. Arbeidsmåtane er på ulikt vis lagt opp til å levere kompetanse, gi støtte og legge til rette for lokale utviklingsprosessar. Ein veit lite om korleis kommunane oppfattar dette oppdraget, korleis dei opplever at det blir utført eller kva dei eventuelt ynskjer å endre på. Samstundes ser staten på kommunane som den viktigaste utøvaren i dette arbeidet, med regionalt nivå som den viktigaste medspelaren.
Nye spørsmål treng svar
Det blir peika på enkelte område der informantane meiner det ligg forbetringspotensiale. Det gjeld spesielt det interne samarbeidet i det regionale apparatet og mellom aktørane.
– Denne studien viser at det er behov for meir kunnskap på fleire område, fastslår forskar Geirmund Dvergsdal.
I rapporten ramsar han opp dei ulike spørsmåla det er naturleg å gå vidare med:
- Korleis opplever kommunane at arbeidet med bygde- og lokalsamfunnsutvikling blir lagt til rette på lokalt nivå?
- Kva er det som hemmar eller fremjar samarbeidet internt og mellom dei regionale aktørane?
- Korleis samhandlar regionale aktørar i den “nye” regionale modellen med regional stat?