Fagområde: Næringsutvikling

Kommunikasjon uavhengig av stad

Rapporten «Kommunikasjon uavhengig av stad» oppsummerer funn og konklusjonar frå ei undersøking om bruken av videomøte og nettoverføring, og kva som hemmer og fremjer auka bruk.

Utgreiinga, utarbeidd av Vestlandsforsking på oppdrag frå Distriktssenteret, gjev også råd om kva som bør gjerast for å auke bruken av videomøte og nettoverføring. I botn for arbeidet ligg forståinga av at slik bruk gjev store gevinstar knytt til reduserte reisekostnader, effektiv tidsbruk, miljø og kunnskapsutvikling. Oppsummerte funn og konklusjonar frå utgreiinga:

Viktige hinder og motivasjonsfaktorar for auka bruk av videomøte og nettoverføring

  • Dei viktigaste hindringane for meir bruk av videomøte er mangel på utstyr, anten hjå dei som har svart på undersøkinga eller hjå dei som verksemdene vil kommunisere med. Dette gjeld uavhengig av kvar verksemdene er lokaliserte. Blant utvalet i undersøkinga har fleire verksemder i distrikta betre tilgang til utstyr, enn verksemder i storbyområde. Og blant dei offentlege verksemdene synast sentralforvaltninga å vere ein flaskehals for auka bruk.
  • Hjå dei private verksemdene blir breibandkapasiteten peikt på som viktig hemmar for meir bruk av videomøte.
  • Private og offentlege verksemder som har utsyr, peikar også på manglande bedriftskultur som ein vesentleg hemmar for både videomøtebruk og nettoverføring.
  • Nettoverføring er meir nytta blant offentlege enn blant private verksemder. At færre private verksemder er tilbydarar av nettoverføringar, har gjerne særleg med økonomi å gjere. Noko som igjen går ut over tilbodet og dermed bruken for denne målgruppa.
  • Saman med kostnader og kompetanse, peikar offentlege og private verksemder på manglande oversikt over tilboda, som viktig hemmar for fleire gjennomførte nettoverføringar. Godt og stabilt nettverk blir rekna som føresetnad for i det heile å kunne gje og bruke slike tilbod.
  • Dei viktigaste motivasjonsfaktorane for videomøte kan summerast opp i sparte pengar, gjennom reduserte reisekostnader, spart arbeidstid og meir effektive møte.

Tilrådingar for auka bruk av videomøte og nettoverføringar

  • Det trengst eit særleg løft i tilgang til og bruk av videomøte i sentralforvaltninga.Dette er særleg etterspurt frå dei offentlege verksemdene som undersøkinga omfattar.
  • Sentrale nasjonale aktørar, som Fornyings-, kirke- og administrasjonsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og KS, bør ta initiativ til ei koordinert satsing på informasjon, rettleiing og beste praksis.
  • Både private og offentlege verksemder bør utvikle strategiar for bruk. Saman med systematisk registrering viser erfaringar frå andre prosjekt at dokumenterte effektar aukar motivasjonen for bruk.
  • Vidareført satsing på å auke breibandkapasiteten, med særleg fokus på private verksemder.
  • Gjere bruk av SIVA-nettverket som tilretteleggar og kompetansenav for videomøte og nettoverføringar.
  • Nasjonalt initivativ som stimulerer til auka nettoverføring.
  • Tilrettelegging for nettoverføring bør takast inn i den statlege kommunikasjonspolitikken.
  • Offentlege verksemder bør få føringar i tildelingsbrev, om auka tilrettelegging.
  • Ein nettstad med oversikt over tilgjengelege tilbod om nettoverføring, bør etablerast. Nettstaden bør gje oversikt over tilgjengelege arrangement, og innehalde praktiske råd om gjennomføring.
  • Ei enkel tilskotsordning for nettoverføring bør etablerast. Dette vil møte utfordringa med at kostnader og gevinstar kjem hjå ulike aktørar.