Gjer kommunen din god å bu i
Folk flest flyttar nokre gonger i løpet av livet. Mange kommunar har vore opptekne av å få folk til å flytte til seg. Det er vanskeleg å påverke flyttinga til folk. Dei tek stort sett initiativet til og organiserer si eiga flytting. Arbeid er framleis den viktigaste grunnen til at folk flyttar. Distriktssenteret er glade for å sjå at fleire kommunar har retta innsatsen mot å leggje best mogleg til rette for at folk skal bli buande. At nokon flyttar vidare er naturleg. Men det kan vere mykje å hente på at folk blir buande lengre. Då gjeld det å gjere kommunen til ein stad der folk kjenner seg heime og har lyst til å bli buande. Kommunen må rett og slett vere god å bu i.
I Distriktssenteret har vi møtt kommunar i heile landet og sett kva dei gjer for å halde på innbyggarane sine. Vi har også samla forsking som ser på korleis ulike tiltak kan ha innverknad på den lokale samfunnsutviklinga. Når vi gjer dette, kan vi gje råd om gode grep. Samstundes er det viktig å hugse at det ikkje finst ein fasit. Det som fungerer godt ein stad, fungerer kanskje ikkje i det heile ein annan stad. Råda våre er difor berre råd. Dei lokale tiltaka de skal gjennomføre må tilpassast staden og forholda. Hugs at utviklingstiltak tek tid, og at dei verkar saman. Ulike tiltak må henge saman.
Slik kan kommunen arbeide med stadtilhøyrsle
Korleis kan lokalt samfunnsutviklingsarbeid påverke nye innbyggarar sin stadtilhøyrsle? Det er ikkje kommunen aleine som skal gjere jobben, men dei har ei viktig rolle for tilrettelegging. Her viser vi fram gode grep de kan arbeide med og eksempel på korleis andre har jobba for å få nye innbyggarar til å bli buande. Arbeid, bustad, fritid, møteplassar og frivillige er dei viktigaste stikkorda for kva som styrer stadtilhøyrsla – og kvar det er rom til å gjere grep.
Gode grep
Kartlegg kompetansen til dei som kjem til kommunen, og kompetansebehovet hos næringslivet.
- Samarbeide og synleggjere det regionale arbeidskraftbehova.
- Å få fram reelle ledige stillingar fram i dagen.
- Ha god dialog og godt samarbeid med næringslivet.
- Tilby arbeids- og språkpraksis til dei som har behov.
- Sjå og snakk om flyktningar som ressursar, ikkje som ei belastning.
Mange kjem til staden fordi det er spennande arbeidsplassar for ein eller begge i familien. Relevant og interessant arbeid betyr mykje for at dei skal bli buande i ein kommune.
Kommunane bruker tid og ressursar på å rekruttere arbeidskraft til den lokale arbeidsmarknaden som t.d. skule, pleie og omsorg. Like viktig er innsatsen retta mot arbeidstakarane og deira familiar etter at dei er kome til staden.
Det er avgjerande med god dialog mellom kommunen og næringslivet, m.a. for å synleggjere den lokale og regionale arbeidsmarknaden. For auka fleksibilitet er det viktig å vera ein del av ein regionalt arbeidsmarknad, og i mange samanhengar handlar det om god infrastruktur.
Dei siste ti åra har næringslivet utvikla seg i retning av eit stadig meir høgkompetent arbeidsliv. Ser ein alle sektorane under eitt, har ein av tre sysselsette i Noreg universitets- og høgskuleutdanning. Arbeidskrafta frå utlandet er viktig for helse- og omsorgssektoren, industri- og reiselivsnæringane. For mange bedrifter, spesielt langs kysten, er tilflyttarar frå andre land heilt avgjerande for å halde i gang produksjonen og verdiskapinga. Samtidig er mange innvandrarar overkvalifiserte for den jobben dei har. Det er viktig å kartlegge kompetansen hos nye innbyggarar – for å kunne bidra til å kople dei og arbeidsgjevarane. I eit tid med omstilling i økonomien er det også viktige med tiltak for å bygge på eller om kompetanse.
Språk- og arbeidspraksis er gode investeringar
– Vi møtte haldningar internt som skapte barrierar for å få dette til. Difor var det viktig å ta opp problemstillingane rundt språkpraksis i heile organisasjonen, seier rådmann Alf Rørbakk.
Han meiner òg at personar med eit klart leiaransvar i kommunen må signalisere dette. Dei må sjå på det som ein del av kommunen sitt samfunnsansvar. Innvandrarar blir ofte sett på som ei gruppe, og ikkje som enkeltpersonar.
I Tranøy starta dei i det små og prøvde ut ein person i helsetenesta. Etter kvart forsvann skepsisen meir og meir. Gjennom dei siste åtte åra har mange hatt språk- og arbeidspraksis rundt om i kommunen. Fleire har teke vidaregåande utdanning på fagområda, og kommunen har fått oppretta lærlingplassar til beste for både tilflyttarar og kommunen.
Gode grep
- Ver bevisst at nye innbyggarar har ulike behov for ulike typar bustader.
- Ha ei bevisst rolle i arbeidet med bustadetablering og bustadutvikling.
- Set av ressursar til å jobbe med bustadstrategisk utvikling.
- Sikre god forankring og vilje til endring hjå folkevalde, ordførar og hjå administrativ leiing.
- Kartlegg og analyser kommunal og privat bustadmasse; både noverande og framtidige behov.
- Samarbeid om barndomsheimane til folk som har flytta frå kommunen.
- Lag ei oversikt over tilgjengelege bustadar på heimesida til kommunen.
- Spiss marknadsføringa av stadkvalitetane til ulike grupper.
Bustadmarknaden i ein kommune er viktig for tilflyttarane. I starten vil mange leige, etter kvart vil dei kanskje eige.
Mange kommunar har dei siste åra erfart at tilgangen til attraktive bustadar er ein flaskehals for folk som vil flytte til eller etablere seg i kommunen. Det er få bustadar og lite variasjon i det som er til sals og utleige. Det kan føre til at nokre flytter vidare fordi dei ikkje finn den bustaden dei ønskjer seg.
Bustadønske og behova vil variere etter livssituasjon, livsfase og økonomiske vilkår. I fleire distriktskommunar er det mangel på bustadbygging, og bustadmarknaden er ofte einsidig. Det er flest einebustadar, og kommunen manglar gjerne mindre bu-einingar og leilegheiter – både for å leige og å eige. Det gjer det vanskeleg å finne ein passande bustad for ulike målgrupper.
For tilflyttargrupper som arbeidsinnvandrarar, flyktningar og unge vaksne, kan ofte gamle og utdaterte husvære vere det første steget inn på bustadmarknaden. Livsstilflyttarar, som er ute etter småbruk utanfor allfarveg, er i mindretal.
I tillegg er bustadmarknaden i små kommunar lite tilgjengeleg. Mykje av bustadformidlinga skjer i dei lokale nettverka. Dette gjeld særleg på utleigemarknaden. Tilflyttarane stiller svakt i denne konkurransen. Dei kjenner ikkje så mange i bygda, dei manglar nettverk, og dei lokale nettverka kjenner ikkje til tilflyttarane.
Ullensvang tok aktiv rolle på bustadmarknaden
Ullensvang herad er eit godt døme på ein kommune som har fått fart på utviklinga av bustadmarknaden. Gjennom ei prøveordning ga dei huseigarar tilskot/rentefritt lån for å renovere tomme bustadar, og deretter leige ut i minst fem år. Dette førte til 10 nye bustader på leigemarknaden. Kommunen har også kjøpt tre utleigeleilegheiter som er øyremerka førstegongsetablerarar.
Gjennom deltaking i Husbanken sitt prosjekt «Bustadetablering i distrikta» har Ullensvang herad fått på plass fleire og større utleigebustader som passar for familiar og fleire av desse bustadane er i den private utleigemarknaden. Kommunen har etablert eit godt tverrfagleg samarbeid og har også samarbeid med lokale entreprenørar.
Gode grep
- Kartlegg stadkvaliteten, kulturtilbod, historie og verdiane ved staden til bruk i arbeidet.
- Syt for at kultur- og naturressursar er opne, tilgjengelege og godt informert om.
- Inkluder nye innbyggjarar i store fellesarrangement som festivalar og feiringar.
- Inspirer organisasjonar til å opne dørene sine for nye innbyggjarar.
- Ha ein aktiv politikk for tilflytting og inkludering for å rekruttere mange nok tilflyttarar til at dei finn styrke og samhald i kvarandre.
Mange får dei sosiale behova dekka gjennom jobben, og leiter etter ei fin ramme for eit godt familieliv. Andre vil bruke kropp og sjel i positive aktivitetar i naturen. Ein del har spesielle interesser dei vil dyrke. Det å ha ei rik og meiningsfull fritid er viktig for alle menneske.
Arbeid er som regel den viktigaste årsaka til flytting. Men for ei gruppe stadveljarar Distriktssenteret intervjua i Hemsedal, var det å dyrke fritidsinteressene det viktigaste. Hemsedal har eit sterkt namn i skikrinsar og er ein plass der mange har budd, i kortare eller lengre periodar. Menneska vi møtte reiste dit for å stå på ski, fiske og gå i fjellet. Dei kunne anten pendle eller finne seg ein jobb seinare.
Men vakker natur åleine er som oftast ikkje grunnlag for at nokon skal velje ein stad. Å leggje til rette for opplevingar kan likevel føre til at nokre vel å bli. Fysisk og sosial tilrettelegging av natur og friluftsliv, kan styrke stadkjensla og stadtilhøyrsla for mange grupper.
Ein møteplass treng ikkje berre vere ein stad for å møte andre menneske. Det kan også vere eit møte mellom menneske og naturen. Det å legge til rette for gode naturaktivitetar, kan vere positivt for identitetsbygginga til staden og vere med å styrke stadtilhøyrsla.
I Sogndal er Fjellsportfestivalen ein viktig møteplass for dei friluftslivsinteresserte, både besøkande og fastbuande. Organisasjonen bak denne festivalen, Bratt Moro, vil gjerne dra med seg nye i bygda ved å inkludere dei i dugnadsgjengen som arrangerer både denne festivalen og andre møteplassar gjennom året. På den måten inkluderer dei nye folk i nettverk av andre med same interesse.
Kvar stad må ta utgangspunkt i staden sine kvalitetar, og sine natur- og kulturgitte fortrinn. Kvalitetane må gjerast kjende og setjast i spel gjennom positive aktivitetar. Her får ein fram menneske sin kreativitet og talent. Det kan vere gjennom t.d. musikk, teater, idrett, friluftsliv, strikke- og syklubber.
Gode grep
- Vertskapskurs kan vere eit godt grep for mange kommunar.
- Legg til rette for lag og foreiningar. Stimuler til frivillig arbeid.
- Legg til rette for drift av kafear og uformelle møteplassar.
- Bruk biblioteket som møteplass for debattar og arrangement.
- Legg til rette, synleggjer og kople tilflyttarar og innvandrarar med lag og organisasjonar.
- Polistisk og administrativ leiing i kommunen må vere samstemde i arbeidet med å inkludere tilflyttarane.
«Arbeid får dei til å kome. Kultur får dei til å bli,» sa Anne Lise Wold, ordførar i Nesna kommune ein gong. Gjennom kultur opplever menneske fellesskap. Det er viktig å leggje til rette for gode møteplassar for at folk skal bli inkludert og kjenne seg vel.
Stadstilhøyrsla og bulysta blir styrka gjennom ulike og mangfaldige nettverk og møteplassar. Dei fleste tiltak, både innafor rekruttering, tilflytting og omdømmearbeid fungerer mest og best på dei som alt bur på staden.
For mange arbeidsinnvandrarar og flyktningar er offentlege møteplassar som kafear og restaurantar viktig for å ha eit godt sosialt samvær og liv. Mange kjem frå store byar og vil fort sakne denne typen møteplassar. Å møtast på felles og nøytrale arenaer, samla om felles mål og med lik status, betrar kontakten mellom menneske og grupper. Flyktningar og andre innvandrarar med norske venner, får lettare jobb enn dei som ikkje har det.
Hemsedal, som har sterk vekst i folketalet, legg godt til rette for fleire typar møteplassar. Kommunen står bak arrangement som Grunderkafé og Idékafé. Dette er viktige møteplassar for å byggje nettverk mellom folk som ønskjer å starte eiga bedrift og mellom ulike utviklingsaktørar. Ikkje minst er det viktig at dei blir kjende med kvarandre. Kommunen legg også til rette for at dei frivillige skal ha gode rammer for aktivitetane dei driv, som gratis idrettstilbod og drift av eit eige hus for lag og organisasjonar.
Å vere vertskap for festivalar, gjer folk meir stolte over heimstaden. Det skaper patriotisme, stadstilhøyrsle og fremjar dugnadsinnsatsen. Festivalar er viktige møteplassar for folk i bygda, for utflytta og for deltakarar – både for dei som nyt og dei som yter.
Det å kunne møtast ute – på kafear, bibliotek og andre møteplassar – er av mange trekt fram som eit svært viktig element for trivsel og stadtilhøyrsle. Det seier også dei vi intervjua t.d. i Tranøy, Bykle og Hemsedal. I Nordre Land har dei sosiale møteplassane blitt styrka gjennom landsbyprosjektet i Dokka. Fleire rapportar legg vekt på at slike møteplassar er viktigare for tilflyttarar enn for dei som har budd på staden lenge. Å etablere sosiale nettverk og finne folk dei set pris på, og som set pris på deg, er for mange menneske det viktigaste for trivselen. Også lag og foreiningar er svært viktig for å ha eit sosialt og meiningsfullt liv og skape tilhøyrsle og trivsel. Folk i ulike livsfasar har ulike behov og «sosialiseringa» føregår både i dagleglivet – i døra til barnehagen, på arbeidsplassen – og der du finn arenaer og vener. Vaksne og einslege kan ofte ha større utfordringar med å finne sin inngang i «lukka samfunn» med mindre utval av møteplassar.
Stolte av vertskapskurs
Med godt over ein million overnattingsdøgn i året, er det ikkje tvil om at Hemsedal er eit svært populært turistmål i Noreg. Hjørnesteinsverksemda Skistar og Hemsedal turistkontor har gjennomført eit firestegs vertskapskurs, etter modell frå svenske kommunar. Kurset skal gjere alle i servicenæringa til godt vertskap.
Kurset femner breitt; alle som bur i Hemsedal får sjansen til å ta den første delen. Det er eit nettbasert kurs som gir ei grundig innføring i kva Hemsedal har og kan tilby besøkande.
– Vi opplever at dei som har gått vertskapskurset har fått meir kunnskap om kva som finst i bygda, og dermed blitt meir stolte over og gladare i bygda si, fortel Anneli R. Vøllo, leiar av turistkontoret i Hemsedal.
Gode grep
- Sett pris på dei frivillige, opprett frivilligdag og lag frivilligpris. Alle menneske vil bli sett.
- Ta kontakt med ressurspersonar, frivillige lag og foreiningar og vere ein samarbeidspartnar.
- Bidra til å etablere arenaer der eldsjelene kan møtast og dele erfaringane sine med kvarandre.
- Ein frivilligsentral kan fungere som ein bindeledd mellom kommunen og det frivillige arbeidet. Dei kan også bidra til koordinering på tvers av organisasjonar.
- Bidra til kompetansebygging hjå eldsjelene, frivillige lag, foreiningar og næringslivet.
- Syte for at eldsjeler og ressurspersonar får den merksemda og framsnakkinga som er naudsynt.
- Lag ei oversikt over saker som får fram engasjement i din eigen kommune.
Eldsjelene og dei frivillige laga og foreiningane er viktige for samfunnsutviklinga. Dersom slike ressurspersonar blir tekne med i utviklingsarbeidet, blir både utviklingskapasiteten og dermed handlekrafta i lokalsamfunnet styrka.
Difor er det viktig å viktig å få med seg nye innbyggarar i lag og foreiningar. Det er til gjensidig nytte. Som innbyggar blir du raskare kjend med lokalsamfunnet og du får moglegheit til å bidra. På den andre sida vil lokalsamfunnet og kommunen få oppdage dei nye innbyggarane og kva dei kan og står for.
Det kan vere innanfor område som t.d. fritidstilbod for barn og unge, musikklivet, sti- og løypenettet i bygda eller utviklinga av sentrum. Fleire sosiale nettverk blir tekne i bruk på arenaer der innbyggarane får erfare og bruke tilbodet på staden, og med det auka tilknytinga til staden over tid.
Det er eit mangfald av kompetanse og ulike typar erfaringar utanfor rådhuset. Denne vil bli betre utnytta om ein definerer eldsjelene og det frivillige arbeidet som ein ressurs, og ein involverer nye innbyggarar i det lokale utviklingsarbeidet. Når kommunen ikkje avgrensar arbeidet til berre det administrative og politiske systemet, vil den totale utviklingskapasiteten i kommunen bli styrka.
Gjennom å involvere ressurspersonar, frivillige lag og foreiningar skaper ein også oppslutning og engasjement for utviklingsarbeidet i lokalsamfunnet. Ordningar berre basert på eldsjeler kan vere sårbare, og difor vil ei tettare kopling mot kommunen ha stor betyding. Det handlar ikkje berre om pengar, men også personressursar til oppfølging og koordinering.
– Organisasjonsarbeid fekk meg til å bli verande
– Eg føler meg fantastisk i Bygland. Eg blir satt pris på. Det er 13 lag og foreiningar i Bygland og eg er med i seks av dei, seier Fatima Aakhus.
– Organisasjonslivet er ikkje berre ein viktig møteplass for dei med felles interesser. Det er også ein plass der du blir sett, blir satt pris på, og der du får mogelegheit til å utvikle deg vidare som menneske, seier Aakhus. Ho har brukt det frivillige arbeidet som ein «utdanningsarena», og har gripe moglegheita lokalt ved å ta på seg leiarverv, som har ført vidare til verv på fylkesnivå. Dette har ført til auka sjølvtillit og styrka kompetanse på arbeidet med lokal samfunnsutvikling.
– Det er ingen tvil om at det frivillige arbeidet, har hatt stor betyding for at eg har styrka identiteten min i lokalsamfunnet og kommunen. Samstundes ser eg meg sjølv som ein ressurs i lokalsamfunnet, seier Aakhus. – Eg har ingen problem med å gi noko av tida mi til dugnadsarbeid, og ofte er det vanskeleg å forstå kvifor folk ikkje har tid. Mange trur ein blir sliten av å ha mykje å gjere og å vere med på, men det er motsett, meiner ho. Aakhus opplever kommunen som svært positiv til det som skjer i frivillige lag og foreiningar. Ho ser fordelane med å bu i ein liten kommune. Førespurnader får raske avgjersle fordi det er flat struktur og lett å nå fram til rett person.
– Eg har stor tru på framsnakking. På den måten får vi dyrke det positive, og ikkje minst er det med å få fleire eldsjeler til å engasjere seg og på den måten «få blomstre», seier Fatima Aakhus
Korleis får vi eldsjelene til å blomstre?
Det er fleire faktorar som verkar positivt på eldsjelene og for deira innsats:
- At eldsjelene er omgitt av andre eldsjeler i eit aktivt frivillig miljø.
- At det er andre folk på staden som er engasjert i same sak som dei.
- At det er ei takhøgd i lokalmiljøet som gjer at ein har lov til og våger å prøve og feile.
- At ein i lokalmiljøet tek imot nye idéar og forslag med positiv interesse.
- Vedlikehald av bevisstheit / mobilisering og haldingstiltak – syn at det verkar!
Det er også viktig å vite at det er fleire faktorar som kan svekke eldsjelene sin motivasjon og deira innsats:
- Motkrefter og negative tilbakemeldingar frå andre i lokalsamfunnet.
- Fråvær av positive tilbakemeldingar.
- Ein kommune som ikkje er ein medspelar og støttespeler.
- Når næringslivsaktørar blir mistenkte for å ha ein skjult agenda for sitt engasjement.
Dette læringsheftet er basert på Distriktssenteret sin kontakt med kommunane, forsking og fagartiklar. Vil du gå i djupna, finn du meir i desse tekstane:
- Flyttemotiv og bostedsvalg. Aure, Langseth og Sørli. Plan nr. 5 2011. NIBR og Norut. 2011.
- Bosettingsvirkninger av regionale traineeprogram. Dahle, Grimsrud og Holthe, Ideas2evidence. 2011.
- Derfor blir vi her – innvandrere i Distrikts-Norge. Søholt, Aasland, Onsager og Vestby. NIBR. 2012.
- Festivalkommunar – samhandling mellom kommunar og festivalar. Vestby, Samuelsen og Skogheim. NIBR. 2012.
- Tjenester som attraktivitetsfaktor. NIBR. 2013.
- Lokalt utviklingsarbeid – en vurdering av resultater og effekter i Rindal og Rauma kommune. Espen Carlsson, Margrete Haugum og Jørund Aasetre. Trøndelag Forsking og Utvikling, TFoU. 2013.
- Kartlegging av prosjektene i Bolystprogrammet. Distriktssenteret. 2013.
- Tilflytting for enhver pris? Grimsrud og Aure, Ideas2evidence, Norut og Møreforsking. 2013.
- Ildsjeler og lokalt utviklingsarbeid. Vestby, Gundersen og Skogheim, NIBR. 2014.
- Hode og hjerte? Lyst eller smerte? – om lokal identitet og tilhørighet i kommunereformen, Vestby og Skogheim, notat, NIBR. 2014.
- Boligpreferanser i distriktene. Ruud, Schmidt, Sørlie, Skogheim og Vestby, NIBR. 2014.
- Gode eksempler på boligstrategiske tiltak. Holmesland og Helvik mfl. Rambøll Management Consulting. 2014.
- Bolyst. Distriktssenteret. 2015.
- Innvandrere og sysselsetting i et regionalt perspektiv. Søholt, Tronstad og Bjørnsen, NIBR. 2015.
Det er viktig å høyre til
På nynorsk stadtilhøyrsle, eller stedstilhørighet på bokmål. Det er kjensla kvar og ein av oss har for staden vi bur på. Stadtilhøyrsla har innverknad på om vi ønskjer å bli buande – og på korleis vi involverer oss i lokalsamfunnet.
Stadtilhøyrsla er gjerne knytt til jobben, heimen, opplevingar i naturen, det sosiale livet eller til ulike tilbod på staden. Enkelt sagt: Vi må arbeide for å gjere innbyggjarane nøgde. Når dei er positive til staden, påverkar dette deira engasjement og deltaking i frivillig arbeid. Då er ein godt i gang med å byggje sterke band, som får dei til å bli verande.
Folk er mobile
Dei fleste menneske i Noreg flyttar ein eller fleire gonger i løpet av livet. Mange kommunar arbeider for å stabilisere eller auke innbyggjartalet. Då må dei redusere vidareflyttinga, auke tilflyttinga frå andre stader i Noreg eller utlandet eller auke tilbakeflyttinga. I dette læringsheftet ser vi spesielt på tilflyttarane i fasen der dei opplever og vurderer staden som aktuell for framtida. Dei er «stadveljarar». I denne mellomfasen finn tilflyttarane fram til staden sine kvalitetar – og mangel på kvalitetar. Ha i tankane at tilflyttarar som oppheld seg på staden i dag, også er potensielle vidareflyttarar. I ein periode framover vil dei vurdere om dei skal bli buande eller om dei skal flytte vidare – ut av kommunen. Kommunar som jobbar godt med stadtilhøyrsle, samarbeider med dei frivillige organisasjonane og næringslivet.
Legg att verdiar
Sjølv om folk flytter vidare, legg dei att verdiar i den tida dei bur i kommunen. Dei kan vere ei stor kraft og ressurs for lokalsamfunnet. Har dei gode opplevingar kjem dei kanskje att; som fastbuande eller som hyttefolk. Lukkast kommunen i å inkludere tilflyttarane og få dei til å utvikle sterke band til staden, er sjansen større for at dei blir buande lengre – eller for alltid. Folk som har hatt gode opplevingar kan også vere gode ambassadørar for kommunen og lokalsamfunnet. Lokal samfunnsutvikling er eit kontinuerleg arbeid, og det tek tid.
Mange å lære av
Det er mange gode eksempel å lære av. Distriktssenteret har reist rundt i landet og intervjua både utviklingsaktørar og tilflyttarar. Hemsedal er mellom anna flinke til å utnytte potensialet reiselivet har gitt kommunen. Frøya har arbeidd for å inkludere arbeidsinnvandrarar i ein kommune som har store sjømat-ressursar, og der lokale eigarar bruker pengar på lokalsamfunnet. Tranøy har jobba godt for å inkludere innvandrarar og flyktningar. Sogndal gir tilflyttarar nettverk ved å dra dei med i lokale festivalar, og legge til rette for naturbaserte aktivitetar. Bygland lukkast med mobilisering av bygdefolk og felles haldnings- og dugnadsprosjekt – som handla om at kvar og ein måtte ta del og ansvar for å gjere staden «best å bu i». Målet med arbeidet i desse kommunane er å skape stolte og nøgde innbyggjarar, som kjenner at dei høyrer til staden.