Hatten av! En analyse av prosjektlederrollen i lokale samfunnsutviklingsprosjekter

Rapport om prosjektleiarrolla, bygd på kartlegging og analyse av prosjekta i dei nasjonale programma Småsamfunnssatsinga og BLEST – Bolyst og engasjement i byer og tettstader.

På oppdrag frå Distriktssenteret har Norsk senter for bygdeforskning gjort ei analyse av prosjektleiarrolla i lokalsamfunnsutvikling. Analysa bygger på kartlegging av prosjekt i dei to nasjonale satsingane Småsamfunnssatsinga (KRD) og BLEST (KRD gjennom Husbanken).

Eit sentralt funn i analysa er at prosjektleiarar i lokale samfunnsutviklingsprosjekt opplever å ha godt handlingsrom. Baksida av medaljen er ”prosjektleiareinsemda” – kjensla av å vere åleine om alt. Det sjølvstendige handlingsrommet er ein viktig trivselsfaktor for prosjektleiarane. Og for å lukkast er gode kommunikasjonsevner avgjerande.

Prosjektleiaren – ein kritisk ressurs

Gjennom kontakten med prosjekta i Småsamfunnssatsinga og BLEST-programmet, erfarer Distriktssenteret at god prosjektleiing er ein kritisk suksessfaktor. For mange prosjekt er det her storparten av kostnaden ligg, og ofte med store forventningar til kva prosjektleiaren kan få ut av prosjektstatusen.

I kartlegginga har Bygdeforskning gått djupare inn i prosjektleiarrolla. Målet har vore å få ei breiare forståing av kven den typiske prosjektleiaren i slikt utviklingsarbeid er, kva kompetanse som er viktig, og kva som er særlege kjenneteikn ved prosjektleiing i lokalt samfunnsutviklingsarbeid. Analysa byggjer på ei spørjegransking til prosjektleiarane i BLEST- og Småsamfunnsprogrammet og intervjusamtalar med prosjekteigarar, prosjektleiarar og fylkes/regionskontaktar i 10 utviklingsprosjekt.

Den typiske prosjektleiaren i slike prosjekt er godt vaksen , med brei kompetanse og erfaring frå prosjektleiing. Prosjektleiarkompetansen har dei som regel skaffa seg gjennom andre prosjektleiarjobbar, men også gjennom kursing. Erfaringane knyter seg særleg til prosjektleiing i anna offentleg verksemd, då mange er rekrutterte herifrå.

Ny kunnskapsrolle?

Prosjektleiarane trivst med jobben, dei opplever å ha stort handlingsrom og mulegheiter for å jobbe sjølvstendig. Men det er også ei rolle som utfordrar og set krav. Gode kommunikasjonsevner, evne til å mobilisere og styrke til å tole ”prosjektleiareinsemda” er avgjerande.

Analysa stiller spørsmålet om vi her ser riss av ei ny kunnskapsrolle. Ei rolle kjenneteikna av stor grad av” mangesysleri”, der prosjektleiaren må handtere mange hattar gjennom fleire fasar. Med ulike interessentar til prosjektet er det ei utfordrande rolle der kommunikasjon synast å vere det viktigaste stikkordet.

”Bevege seg i alle lag”

Sjølv om bakgrunn frå det offentlege synast å kjenneteikne prosjektleiarane i denne undersøkinga, er det ikkje kunnskap og erfaring frå det offentlege som er lagt vekt på i rekrutteringa. Det vert heller ikkje vurdert å vere den viktigaste kompetansen av prosjektleiarane sjølve. Prosjekteigarar og prosjektleiarar legg begge vekt på kommunikasjon, evna til å engasjere andre og danne nettverk. ”Å kunne bevege seg i alle lag av lokalsamfunnet”, som det blir sagt i undersøkinga.

Handlingsrom som utfordrar

Prosjektleiaren kan i stor grad forme og påverke retninga i prosjektet og sette sitt preg på arbeidet. Det blir trekt fram som attraktivt. Men, det føreset at prosjektleiaren er bevisst og klarer å handtere ein svært viktig premiss: Ofte er ho den einaste betalte ressursen i arbeidet. Og verktøya ho har for å få til aktivitet og retning, er avhengig av evna til å ”få andre med på leiken”.

Dilemmaet i handlingsrommet kan illustrerast med følgjande utsagn : ”Det handler om å få folk til å ville leke med meg. At jeg må prøve å finne på leker og måter å leke på som er så fristende at de ikke kan si nei. For jeg kan ikke instruere eller true en eneste sjel. Jeg må bare prøve å lokke”.

Prosjektleiareinsemda

Ei anna særleg utfordring er den tidlegare omtala ”prosjektleiareinsemda”. Samstundes som sjølvstendig arbeid gjev stor fridom i arbeid og rolle, er det klare tendensar til at dette også kan vere hemmarar for god prosjektleiing. Og dermed avgjerande for resultata i prosjektet under eitt. Særleg kan opplevinga av å sitte åleine med ansvar for gjennomføring og å nå resultat vere ei utfordring i dei prosjekta der også forankringa hjå eigarane er liten.

Analysa peikar også på at denne ”prosjekteigareinsemda” i liten grad synast å ha med kompetansen og erfaringa som prosjektleiaren har med seg, eller i kva grad ho er del av eit nettverk.. Dette er noko som blir peikt på som vesentleg å avdekke nærare enn det analysa her har gjort.

Rustar prosjektleiarar med kunnskap

Analysa som no ligg føre bidreg til breiare kunnskap og forståing for prosjektleiing i lokalt samfunnsutviklingsarbeid. Dette vil gjere både nye og meir erfarne prosjektleiarar betre rusta til å gå inn i slikt arbeid. Saman med blant anna følgjeevalueringa av Småsamfunnssatsinga kan dette også gje nyttig innsikt til program- og prosjekteigarar i utvikling av framtidige satsingar på lokal samfunnsutvikling.