Følgeforskning av Gnist-programmet

Distriktskommunar etterspør kunnskap om og har god nytte av å bruke designmetodikk som innovasjonsverktøy i stad- og næringsutvikling. Det viser evalueringa av innovasjonsprogrammet Gnist.

I små distriktskommunar er tilgjengelege virkemidlar for innovasjon i teneste-, næring- og samfunnsutvikling generelt lite brukt. Interessa for å lære om og prøve ut korleis slike virkemidlar kan nyttast er derimot stor.

Gjennom Gnist-programmet har eit utval distriktskommunar prøvd ut designmetodikk som verktøy for innovasjon i nærings- og stedsutvikling. Erfaringane er dokumenterte gjennom denne følgjeevalueringa, som er levert av Norconsult på oppdrag frå Distriktssenteret, Doga, og fylkeskommunane i Troms og Finnmark, Innlandet og Rogaland.

Distriktskommunar ønskjer nye arbeidsmåtar

Evalueringa har sett på korleis designdrivne innovasjonsprosessar og tverrsektorielle samarbeidsmodellar kan styrke distriktskommunars arbeid med smart og berekraftig stad- og næringsutvikling. Følgjeevalueringa løftar fram korleis innovasjonsprosessar basert på samskaping, bruk av designtenking og ny teknologi har styrkt lokalt utviklingsarbeid. Evalueringa gir også tips og råd til korleis kommunar og fylkeskommunar best kan bruke slike innovasjonsprosessar som verktøy i smart og berekraftig stad- og næringsutvikling.

Ein hovudbodskap frå evalueringa er at distriktskommunar ønskjer og ser behov for å utvikle nye arbeidsmåtar og løysingar i stad- og næringsutvikling. Kommunane som har delteke opplever at Gnist-programmet fremjer nyskaping og bidreg til styrkt samarbeid og gjennomføringskraft. Deltakinga har gitt konkret nytte mellom anna med styrkt prosesskompetanse, utprøving av mobiliserande metodar for involvering, og erfaring med å gjennomføre innovative innkjøpsprosessar.

Funn

Gnist-programmet har bidrege til større lokal handlekraft hjå og mellom lokale eldsjeler, næringsliv, kommunen og fagressursar rundt. Programmet fungerer som den gnisten som utløyser nye initiativ, set prosessar i gang og tek den lokale utviklinga framover.

Programmet som ramme for å prøve ut designdrivne innovasjonsprosessar i stad- og næringsutviklingsarbeid har vore ein ny og nyttig ressurs for kommunane. Tilgangen til sterke fagmiljø, inspirerande digitale løysingar og god prosessleiing har gitt konkret nytte. Samstundes har programmet potensiale for å bruke ressursar som innbyggarpanel, følgjekommunar og fylkeskommunen betre. Evalueringa viser også at kommunens organisering i prosjektet spelar ei viktig rolle for læring, og for å sikre ein god plattform for vidare arbeid etter programperioden.

Under presenterer vi eit utval funn og lærestykke, med vekt på kommunens og fylkeskommunens rolle i smart og berekraftig stad- og næringsutvikling.

Følgjeevalueringa viser at:

  • Kommunane fortel at støtte til å gjennomføre designdrivne utviklingsprosessar, og utprøving av mobiliserande metodar for innbyggjarinvolvering, er konkret og nyttig læring frå programmet.
  • Gnist har gitt verdifull kunnskap om korleis kommunar kan bruke og arrangere innovasjonskonkurransar for å skape engasjement og nytenking i den lokale samfunnsutviklinga.
  • Kommunane framhevar også at programmet har gitt dei nyttig kunnskap om bruk av digitale prosessverktøy, som dei ser stor verdi av for å gjennomføre liknande prosessar i anna arbeid.
  • Programmet bør i større grad presentere læringseksempel frå distriktskommunar med liknande utfordringar og prosessar
  • Kommunane opplever at korte fristar mellom ulike aktivitetar har vore krevjande, samstundes har det gitt positiv dynamikk til prosessen.
  • Regionale myndegheiter og regionale virkemiddelaktørar kjennes noko fjerne for kommunane. Her er eit større potensiale for ein-til-ein dialog og drøfting undervegs i programmet.

Meir om Gnist-programmet

Gnist er eit innovasjonsvirkemiddel og eit initiativ frå stiftinga DOGA og Nordic Edge, den nasjonale innovasjonsklynga for smarte byar og lokalsamfunn. Føremålet er å styrke kommunane sitt arbeid med smart og berekraftig stad- og næringsutvikling, gjennom nye samarbeidsmodellar, designmetodikk og innbyggjarinvolvering.

Programmet tek utgangspunkt i Nasjonalt veikart for smarte og bærekraftige byer og lokalsamfunn, med mål om å omsette vegkartet til konkrete prosjekt som fremjer innovasjon og samarbeid. Distriktskommunar er hovudmålgruppe.

Stikkord: