Duett eller duell? – Reiseliv og lokalsamfunnsutvikling

Denne rapporten tek til orde for ei profesjonalisering av fellesrommet mellom reisemålsutvikling og lokalsamfunnet. Forskingsresultatet syner eit svært samansett bilete. Eit moment trår likevel tydleg fram: det er folk som skapar stader, og det er folk som skapar reisemål – saman.

Hovudfunnet

Dei som jobbar med reiseliv eller samfunnsutvikling på ein stad treng meir kompetanse. Dei må samarbeide og utfylle kvarandre i nettverk der dei har gjensidig tillit til kvarandre. Det betyr at det er folk med ulike interesser og kompetanse som skapar suksess, når dei samarbeider i tillitsfulle nettverk – prega av ønskje om framføra ein duett, heller enn å møtast til duell.

Funn stiller nye krav

Funna kan kort oppsummerast slik

  1. Folk skaper stader – saman. Natur og kultur er berre ei råvare – menneske er produsentar og konsumentar – i møte med kvarandre. Startegiar for sampel og deling av kunnskap er difor viktig.
  2. Det er naudsynt å fokusere på den «breie verdiskapinga», der verdiar handlar om miljø, kultur, sosiale og økonomiske goder.
  3. Det er naudynt å ha brei kunnskap om kvar ein er – og presis kunnskap om kvar ein vil. Synsinga må leggast bort.
  4. Det må vere kunnskap og respekt for særpreget til staden. Dette krev både interesse- og kunnskap om fagfeltet.
  5. Det er nausynt med klare retningsliner for soning av areal med omsyn til ulike brukarinteresser.
  6. Frie goder må utviklast som grunnlag for kommersielle goder – og omvendt.
  7. Samhandlingskultur er viktigare enn samhandlingsstruktur når ein skal utvikle tillitsfulle nettverk.
  8. Det er viktig å gi rom for profesjonalisering av dette nye fagfeltet.

Utval og metode i studien

Denne studien er ikkje utvikla på skrivebordet til forskarane eller i gongane til byråkratane. Studien er eit resultat av møte mellom teori og praksis.

Arbeidet er gjennomført ved hjelp av ulike metodar:

  • litteraturgjennomgang
  • workshop over to dagar med 60 deltakarar frå offentleg forvaltning og private aktørarar med stor interesse på fagfeltet
  • breiddeundersøking av alle kommunane i landet
  • intervju med 60 interessante kommunar
  • casestudie av 9 ekstra interessante kommunar avslutta med gruppeintervju med mellom anna representantar frå næringsliv, kommune, grunneigarar, hyttefolk og politikarar i desse kommunane

·