Fagområde: Næringsutvikling

Bygdeturisme og gårdsmat i Norge – En nasjonal kartlegging

Den typiske tilbydaren innan bygdeturisme og gardsmat er kvinne i 40-åra, tilbakeflyttar eller innflyttar med høgare utdanning, har lyst å skapa noko nytt og er optimistisk med tanke på framtida.

Det er optimisme og framtidstru i bygdeturismenæringa. På oppdrag for Distriktssenteret har Norsk senter for bygdeforsking gjennomført ei nasjonal kartlegging innan bygdeturisme og gardsmat. Den typiske tilbydaren innan bygdeturisme og gardsmat i dag, er kvinne i 40 årsalderen, tilbakeflyttar eller innflyttar med høgare utdanning, er arbeidsam, har lyst å skapa noko nytt og ikkje minst er optimistisk med tanke på framtida. Godt og vel 60 % svarte at etableringa var viktig for å kunne fortsetja å bli buande på garden/bygda.

Tilbakeflytting, lokal sysselsetjing og verdiskaping

Trass i at næringa består av ei rekkje små bedrifter, kan desse bety mykje for lokalsamfunnet. Eksempel på bedrifter er Haugen Gardsmat i Flåm, Elvegård hytteutleige og fiskeferie i Skånland, Mydland Gard i Hægebostad, Brandheia Villmark og Velvære i Steinkjer og Eiker Gårdsysteri i Hokksund.

Fem spennande tilbod i ulike deler av landet som har bygd opp sine bedrifter med utgangspunkt i garden sine ressursar og har ein sterk motivasjonsfaktor til å skapa arbeidsplassar innan bygdeturisme og gardsmat. Det er ikkje talfesta ringverknader i rapporten, men det er grunn til å tru at næringa bidreg positivt ved å trekkje besøkande til lokalsamfunna, i tillegg at den etterspør både tenester og skapar lokale arbeidsplassar.

Dei fleste går med overskot

Rapporten syner at 7 av 10 går med overskot. Dei fleste av bedriftene er små med relativt små marginar. Samstundes syner kartlegginga at aktørane har stor tru på eigne produkt, og er difor optimistisk på eigne vegne. Heile 57 % forventar auke i drifta si, og dei som i dag har eit underskot forventar å snu dette til eit overskot dei neste åra. Dei som planlegg å utvida gjer dette både på grunn av auka etterspurnad, men også for å skapa arbeidsplassar og utnytta sin kompetanse.

Nasjonalt nettverk som intervjuobjekt

Bransje- og marknadsorganisasjonen HANEN sine medlemer er nytta som intervjuobjekt, og dei har gitt ein svarprosent på 66,5, noko som blir sett på som svært bra. Sjølv om det finst mange fleire bedrifter som ikkje er tilknytte HANEN, ser vi at dei som eit godt og representativt utval av dei bedriftene som driver med anten gardsmat eller bygdeturisme i Noreg.

I samband med kartlegginga vart det elles satt ned ei referansegruppe frå Innovasjon Noreg, NHO reiseliv og HANEN, med styreleiar i HANEN, Tove Raastad Breien, som leiar for referansegruppa.

Frå undersøkinga:

  • Den typiske gründeren og bedriftsleiaren er ei kvinne i 40-åra (eller i snitt ca 45-50) med høgare utdanning og som er innflyttar, eller tilbakeflyttar.
  • Gardsmat/bygdeturisme har i liten grad fortrengt tradisjonelt landbruk. Tvert om styrker det næringsgrunnlaget på mange bruk.
  • Det er langt fleire tilflyttarar eller tilbakeflyttarar i bygdeturisme/gardsmat enn i tradisjonelt landbruk. Bygdeturismen gir altså moglegheiter for å skape nye, lønnsame arbeidsplassar som gir auka moglegheiter for tilflytting til bygde-Norge
  • Gardsmat og bygdeturisme opnar opp ein næringsarena for kvinner i langt større grad enn tradisjonelt landbruk.
  • Eit fleirtal meiner at krevjande godkjenningsprosessar i det offentlege fungerar hemmande på den vidare voksteren i næringa.