Klimavennleg og attraktiv by- og tettstadutvikling får stor merksemd hjå statlege og regionale myndigheiter, i kommunar og hjå andre aktørar. Sjølv om den tette, berekraftige og attraktive staden er idealet for planlegginga også av mindre byar og tettstader, er gjennomføringa krevjande. I tillegg har kunnskapsutviklinga og virkemidlane i hovudsak retta seg mot storbyane og storbyområda. Denne rapporten peikar på behovet for fleire virkemidlar tilpassa småbyen, og stiller spørsmålet om det er tid for ein eigen småbypolitikk.
Den tette byen som planleggingsprinsipp
Rapporten viser at den tette byen ligg til grunn som ideal for by- og tettstadutviklinga også i små- og mellomstore kommunar. Kompaktbyen kan sjåast på som det fysiske resultatet av planlegging i tråd med retningslinene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging.
Dette funnet er i seg sjølv ikkje oppsiktsvekkande. Retningslinene for ei samordna bustad-, areal- og transportplanlegging er nasjonale, og gjeld uavhengig av staders storleik. Byane som er case i rapporten er også stader som over lang tid har satsa på tettstadutvikling, og vore vinnarar og nominerte til byutviklingsprisar. Det er likevel interessant at rapporten viser at kommuneplanlegginga vurderer dette som ei riktig utviklingsretning også for «sin småby», og at dette blir støtta politisk.
Auka attraktivitet er drivkraft
Når det gjeld motivasjonen bak tettstadsatsing og utvikling av småbyane i utvalget, synast denne å vere nært knytt til mål om å styrke stadens attraktivitet overfor mogelege tilflyttarar. Å utvikle tettstader med meir urbane kvalitetar blir peikt på som viktig om ein vil vere attraktive for unge vaksne og kvinner. Miljømessige omsyn har ikkje same vekt, og tiltak som styrking av gang- og sykkelvegar blir først og fremst sett på som viktige for trivsel, tryggleik og folkehelse. Miljø- og klimaomsyna spelar naturleg nok ei heilt anna rolle i større byar.
Hinder for gjennomføring
Sjølv om kompaktby-idealet har støtte i kommunen og ligg til grunn for planlegginga, er gjennomføringa likevel krevjande. Småbyane erfarer å stå i krevjande målkonfliktar, opplever vanskar med samordning av ulike interesser og aktørar, og møter skepsis blant folk.
Særleg gjeld dette planar og tiltak for å redusere lokal bilbruk. At bilen i framtida kan få ei mindre sentral rolle i distriktsbyane blir ikkje rekna som sannsynleg, heller ikkje som ønskjeleg blant ein del av innbyggjarane. Næringsaktørar er uroa for at avgrensingar vil drepe sentrumsaktivitet, medan dei bilbaserte kjøpesentera vinn kundane.
Uttynning av småbyens funksjonar er eit viktig moment, ikkje berre knytt til kjøpesenter utanfor sentrum. Det gjeld også lokalisering av offentleg verksemd og strukturendringar. «10-minuttars byen» må innebere at folk når det meste innanfor 10 minuttars gå- og sykle-radius, men også at det faktisk finst eit minimum av reelle tenester og funksjonar å nå. Dette er ei reell uro, særleg for dei små- og mellomstore byane.
Behov for ein småby-politikk?
Rapporten stiller spørsmålet om det ikkje er tid for ein eigen småbypolitikk, og peikar på behovet for å styrke virkemidlar og strategiar for dei små- og mellomstore byane. Eit konkret forslag er statleg initierte bymiljøpakkar, tilpassa småbyens behov og utfordringar. Erfaringar med bypakkar viser mellom anna at dei samordnar og forpliktar ulike aktørar, og slik bidreg til ei meir heilskapleg by- og tettstadutvikling.
Attraktive og berekraftige byar over heile landet
Rapporten «Attraktiv og berekraftig? Småbyers erfaring med nasjonale retningslinjer for by- og tettstedsutvikling» er gjort av Uni Research Rokkansenteret, på oppdrag for Distriktssenteret. Rapporten er del av Distriktssenterets arbeid for å styrke kunnskapen om små og mellomstore byar og deira rolle i regional utvikling.
Målet for regjeringa sin regional og distriktspolitikk er likeverdige levekår, vekstkraft og berekraftige regionar i heile landet. Samanlikna med andre land er dei regionale skilnadene i Noreg små. Samstundes skjer ei aukande konsentrasjon av busettinga. I dag bur nesten 90% av befolkninga i store, mellomstore og små byregionar. For å ivareta og styrke den regionale balansen, og halde på hovudtrekka i busettingsmønsteret, er det viktig å utvikle økonomisk, sosialt og miljømessig gode byar og tettstader, over heile landet.