Fagområde: Kommunereformen

Vindafjord: Meir makt og tyngde til regionen

Målet med samanslåinga av Ølen og Vindafjord var å sikre ein livskraftig kommune på Indre Haugalandet.

I 2001 gjorde kommunane Etne, Ølen og Vindafjord vedtak om auka interkommunalt samarbeid. Ølen og Vindafjord gjorde i tillegg vedtak om å vurdere kva ei frivillig samanslåing av dei to kommunane ville føre med seg av fordelar og ulemper. Dei slo seg saman i 2006.

Vindafjord er ein typisk landbrukskommune, Ølen ein industri- og landbrukskommune. Dei to kommunane hadde felles arbeidsmarknad, og samanslåinga involverte totalt ni bygder. Det er framleis ei utfordring å finne balansen mellom bygdene og sentrum. Berre 15 prosent av innbyggjarane bur i Ølen sentrum. Målet er å gjere sentrum meir attraktivt for å kunne trekkje til seg nye bedrifter og aktivitetar.

Læringspunkt

Erfaringar kommunane gjorde undervegs og etter samanslåinga syner at ein aldri skal undervurdere det å informere, engasjere og involvere innbyggjarane. Her er ei liste over kva som vart gjort og råd til andre i same situasjon:

  • Ordførarane sende ut brev til innbyggarane der dei informerte om sentrale utviklingstrendar i samfunnet, utfordringar som kommunane står framfor, og korleis ein større kommune kan stå sterkare rusta til å møte framtidige utfordringar.
  • Dei kartla kva spørsmål innbyggarane var opptekne av, og kva slags informasjon som var etterlyst.
  • Kommunane hadde to-tre sjølvstendige omgangar med opne møte i bygdene. Det var avgjerande for at samanslåinga gikk så bra. Det første felles folkestyremøtet vart leia av fylkesmannen. Det var i tillegg eigne møte for næringslivet, der alle selskapa i kommunen vart inviterte.
  • Sjølv om det vart tilsett prosjektmedarbeidar og ein lærling som tok seg av sekretæroppgåvene, var behovet for mannskap i prosjektet i utgangspunktet undervurdert. Det er spesielt viktig å ha prosjektleiar og nok folk på plass i startfasen, der mykje er uklårt.
  • Det er viktig å planleggje, koordinere og få prosessen i gang. Blir prosessen unødvendig lang, kan det vere vanskeleg å halde motivasjonen og engasjementet oppe. Då kan det lett oppstå uvisse og frustrasjonar for dei tilsette.
  • Grendeutvala vart revitalisert. Desse utvala er nyttig lokaldemokratisk supplement, og kan hindre at kommunepolitikarar blir talsmenn for kvar si bygd. Grendeutvala kjem med innspel og forslag til kommunestyret.
  • Teiknekonkurransen i utforminga av kommunevåpenet skapte stort engasjement.  Det er viktig for å skape engasjement, tilhøyrigheit og identitet i forhold til ny kommune.
  • Samanslåing betyr omorganisering av ulike tenester. Reduksjonar og samhandling mellom einingar kan vere krevjande og utfordrande, men er avgjerande for å oppnå vinst når det gjeld økonomi og effektivitet.

Stor skilnad mellom grendene

Interessa for å røyste ved kommuneval har gått opp etter samanslåinga, men interessa for å ta på seg politiske verv har gått ned.

Valdeltakinga ved sjølve samanslåinga var relativ låg med litt over 50 prosent. Det er interessant å legge merke til at det er store skilnader mellom nokre av valkrinsane. I Bjoa (den einaste krinsen med nei-fleirtal) var det berre 40,4 prosent som røysta ja, medan det var heile 81,7 prosent som røysta ja i Vikebygd.

Informantane i kommunen meiner kvaliteten på tenestene har blitt betre på dei områda der dei har fått større fagmiljø. Spesielt blir tenester innafor barnevern, psykiatri og for funksjonshemma trekt fram som gode eksempel. Ein kjem likevel ikkje utanom sentralisering og effektivisering av tenester, dersom ein skal ha økonomisk effekt.

Meir heilskapleg utvikling

– Samanslåinga har ført til ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion. Dette opnar opp for meir heilskaplege grep i forhold til planlegging og tilrettelegging av nye industriområde og nye bustadfelt, seier Liss Mirjam Stray Rambo, rådgjevar ved Distriktssenteret.

Ein informant meiner Indre Haugalandet har oppnådd eit rikare fagmiljø, avstandane er blitt mindre og det er blitt meir regionalt samarbeid. Den maritime klynga, inkludert verftsindustrien, som strekk seg over fylkesgrensa mot Bømlo og Stord, er eit godt døme på det.

Sammenslåingsfakta Vindafjord kommune

Samanslått 2006

Tidlegare Ølen (3426 innbyggjarar 1.1.2004) og Vindafjord (4756).

Folkeavrøysting 17.02.2003
Ølen 63,5 % ja.
Vindafjord 50,1 % ja (4 røyster overvekt)