Fagområde: Omstilling

Viktig å utvikle samarbeidet

Omstillingsprogrammet Oppdrift, som vart gjennomført i Nome, Kragerø, Risør og Tvedestrand i perioden 1997-2002, har bidratt til mellom 173 og 216 arbeidsplassar i perioden 1997 til 2009. Utan omstillinga ville regionen hatt rundt 1,5 prosent færre arbeidsplassar. Det viser ein rapport om langtidseffektar av omstilling som Trøndelag Forskning og Utvikling har laga etter initiativ frå Distriktssenteret.

– Det er tydeleg at omstillingstatus gir kommunar og regionar kommunar eit løft med langsiktige resultat. Omstillingsprogramma vi har studert har likevel ikkje vore kraftige nok til å kompensere fullt ut for negativ utvikling som følge av langvarig nedgang i basisnæringar, nedbemanning i hjørnesteinsbedrifter og generelle sentraliseringsprosessar, fortel seniorforskar Roald Sand i Trøndelag Forsking og Utvikling.

Konkrete resultat

– I Oppdrift-kommunane var nettverk eit viktig resultat av omstillingsprogrammet, fortel direktør Halvor Holmli i Distriktssenteret. – Det vart betre samarbeid mellom verksemder og mellom kommunar og næringsutvikling.

Kommunane Nome, Kragerø, Tvedestrand og Risør hadde omstillingsstatus og gjennomførte programmet Oppdrift i perioden 1998-2002, for å ta tak i utfordringane med høg sysselsetting i industrien og venta nedgang i denne. Totalt vart det løyvd 57 millionar kroner til omstillingsarbeidet. Studien som no er gjennomført viser at regionen ville hatt 1,4-1,7 % færre arbeidsplassar i dag om ikkje omstillingsarbeidet hadde blitt gjennomført. I rapporten blir det anslått at omstillingsarbeidet har bidratt til at mellom 173 og 216 arbeidsplassar er skapt frå starten i 1997 og fram til 2009.

Nyttig lærdom

I studien har Trøndelag Forskning og Utvikling sett nærare på ti område som hadde omstillingsstatus rundt tusenårsskiftet for å finne ut om omstillingsprosjekta har hatt langvarig effekt. Til saman fekk dei ti prosjekta 388 millionar kroner i tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet, fylka og kommunane. Ved utgangen av 2009 hadde omstilling i dei ti områda bidratt til 1565 fleire arbeidsplassar. Det er likevel grunn til å legge merke til at studien viser at desse områda har 3900 fleire arbeidsplassar enn ein kunne ha venta om utviklinga var som i samanliknbare kommunar og næringar. Ei rekkje andre forhold har såleis også vore viktige for utviklinga.

– I Oppdriftkommunane vart det gjort arbeid med kommunane sin strategi for næringsutvikling. Dette arbeidet var med på å stimulere og utvikle samarbeid, noko vi ser som verdifullt, seier Holmli.

Fakta

Eit omstillingsprogram er ein tidsavgrensa, ekstraordinær innsats for å få snudd en svært negativ utvikling i sysselsetting og folketal. Finansieringa skjer med offentlege midlar frå stat, fylkeskommune og en eigendel frå kommunane som gjennomfører programma. Hovudmålet med omstillingsmidlane er å utvikle lønsame arbeidsplassar, få ein meir robust og variert næringsstruktur og å styrke næringsutviklingsevna. Før 2004 var det Kommunal- og regionaldepartementet som tildelte slik status. Etter 2004 er det fylkeskommunane som administrerer verkemiddelet. Innovasjon Norge har heile tida hatt ei rolle som kompetansesenter for omstilling.