Fagområde: Tilflytting

Vestlandsbygd frir til Island og Nederland

Bygda Stongfjorden har i fleire år arbeidd for å bli fleire. No hasta det. Dei mangla tre born for å redde grendaskulen. Frieriet til Island vekte merksemd, og ga resultat.

Stongfjorden ligg i Askvoll kommune, i Sogn og Fjordane. I mange år har dei fått topplassering på ein statistikk kommunar skyr som pesten; nedgang i folketalet. I år peikar pila oppover, og Askvoll tronar ikkje lenger den lista.

Frå grendeutvikling til skulekamp

– I juni 2010 fekk vi stadfesta at bygda kom med i bygdeutviklingsprogrammet. Styrking av barnehage og skule var eit av dei sentrale arbeidsområda. Premissane vart sterkt endra då vi like etter fekk varsel om at kommunen vurderte å leggje med grendaskulen frå hausten 2011. Etter ein tenkjepause takka vi likevel ja til å vere med programmet. Vi gjekk frå utvikling av bygda til kamp for å oppretthalde tilbod i bygda. Tilflytting vart eit nøkkelord, fortel prosjektleiar for bygdeutviklingsprogrammet som er eigd av Stongfjorden Vel, Gunnhild Berge Stang.

Sjarmerande pressemelding

Målet med prosjektet var å skaffe tre nye barnefamiliar til bygda i løpet av 2010-2011. Langsiktig mål er at ein ved utgangen av 2013 skal ha blitt 15 fleire familiar med adresse Stongfjorden.
For å oppnå dette har stongfjordingane delteke på rekrutteringsmesse i Nederland, og dei har fått stor mediemerksemd på grunn av ein impulsiv sms-kampanje for å trekke småbarnsfamiliar til bygda. Men det var spesielt ei pressemelding til Island, som ga resultat. Stuntet resulterte i artikkelen: ”Icelanders ”come back home” to Norway.
På nettsida IceNews kan ein lese: “We need more kids who are born from 2002 to 2005”.  Denne direkte og ærlege meldinga gjekk rett inn hjå mange islendingar, og fleire hundre tok kontakt. På bakgrunn av dette er det laga ein database over potensielle tilflyttarar, og mykje av arbeidet i etterkant har vore å formidle arbeid og bustad.

”It was 1136 years ago when you all left us and now it is time for you to come back home. We are closest relatives and here you are guaranteed both work and housing. We are sure that this would please Ingolfur Arnarson – the first Nordic settler in Iceland. He had to fleed the town after beeing involved in blood feud, skreiv stongfjordingane i pressemeldinga som fekk spalteplass på Island, og som fekk hundrevis av islendingar til å ta kontakt.

Islendingar på husjakt

Så langt har Askvoll kommune fått 23 nye innbyggjarar frå mellom anna Island og Nederland. 18 av desse bur i Stongfjorden. I tillegg står fleire familiar klare til å flytte så snart bustad og arbeid er avklara. – Den største bøygen er definitivt å skaffe hus, seier Berge Stang, som meiner det er lite nyskaping på bustadsatsinga over heile landet. Det finst mange tomme hus, men dei som har nøkkelen vil ikkje leige ut eller selje.

Deler på tilflyttarane

– Hadde vi hatt tilgang på hus, kunne vi lett ha dobla talet på tilflyttarar, seier ho. Etterspurnad etter hus har ført til at leigesummen har gått kraftig opp. Etter den overveldande responsen frå Island, er Stongfjorden Vel blitt kontakta av fleire kommunar og bygder som gjerne vil samarbeide om tilflytting. – Vi tykkjer det er positivt om andre kan nytte seg av responsen, seier prosjektleiaren.

Eigarskap til prosjektet

Googlar du ”Stongfjorden” dukker det opp artiklar på nettet som syner at det ikkje berre har vore lett for velforeininga å arbeide med tilflytting til ei lita bygd. – Vi har lært mykje dei siste månadane, seier Berge Stang, og deler gjerne erfaringane. – Det er viktig med informasjon og opne kanalar undervegs i prosessen – til alle i bygda. At vi spissa målgruppa til å gjelde småbarnsfamiliar med born fødd i 2002 – 2005, gjorde det lettare å formidle eit klårt bodskap.
Like viktig er det å sikre at motivasjonen til dei som flytter verkeleg er å bli ein aktiv del av bygda. Eit godt råd er difor å gjere grundige undersøkingar før ein vel ut familiar som ønskjer å flytte til ein ny stad.

Ultralokal forankring

– Det er eit stort poeng at vi har, på reint frivillig basis, oppnådd så gode resultat. Prosjektet har hatt direkte kostnad på 10.000 kroner, samla inn på ein basar, fortel ho. – Ein viktig suksessfaktor er den ultralokale forankringa. Den trur eg nesten har vore viktigare enn den kommunale forankringa. Det at potensielle tilflyttarar kjem i direkte kontakt med bygdefolk, og ikkje ein ”rekrutteringsagent”. Når dei kjem på vitjing blir dei tekne imot i heimane, et middag saman med bygdefolk, og ungane får leike saman. Dei kjem fort i kontakt med framtidige naboar og venner.

Nådd kortsiktig mål, planlegg langsiktig

Stongfjorden Vel har nådd det kortsiktige målet: Grendaskulen er no sikra, og talet på yngre stongfjordingar i barnehagen syner at bygda har behov for skulen i åra framover. Likevel føler dei seg ikkje trygge på at skulen er sikra i mange år. Dei har sendt inn søknad om etablering av montesorriskule til direktoratet. – Ved å ha høve til å etablere ein privatskule kan vi sikre oss mot å bruke all energi på å stå med ryggen mot veggen, og heller få overskot til å jobbe langsiktig og offensivt.

Frå ordføraren sitt perspektiv

– Det er godt å sjå sterkt og levande engasjement for eiga bygd. Utfordringar møter ein dersom dei same grendelaga ikkje greier å plassere seg inn i det fellesskapet ein kommune er, og dersom ein ikkje ser at alle grender må vekse og utvikle seg på likeverdige vilkår. Ei utfordring er og å kunne formidle, og få forståing og aksept for at kommunen både politisk og administrativt må ha ei heilskapleg og likeverdig tilnærming til fordelinga av tenester og ressursar, seier ordførar Aud Kari Steinsland, som må sjå heile kommunen.
– Løysinga på desse utfordringane må skje gjennom dialog og arbeid med å skape felles forståing for, og felles oppfatning av at vi er alle gjensidig avhengig av kvarandre.
I Stongfjorden har kommunen stilt to tomter gratis til rådvelde for velforeininga, for å byggje gjennomgangsbustader. Likeeins er det mange ledige tomter i byggjefelt, som kan overdragast til kjøpar for ei krone.