Kva kjenneteiknar «dei beste»?
Kva gjer gode fylkeskommunar gode som regionale utviklingsaktørar? Kva er dei sentrale faktorane for regional samording, samhandling og partnarskap? Gjennom samtalar med og analyse av utvalde fylkeskommunar har Telemarkforsking samanfatta ti punkt som kan utgjere ein slags beste praksis.
- Fylkeskommunen må prioritere og forankre samordninga.Særleg viktig synast det å definere strategiar – Kva – og arenaer – Korleis – for samordning.
- Det er viktig å ha eit leiarnivå med interesse for og fokus på samordning.Utan eit leiarnivå med faktisk vilje til å samordne og forankre dette strategisk i t.d. planverk, er det vanskeleg å få dette til å gjennomsyre heile organisasjonen.
- Å etablere både eit strategisk og eit opereativt fokus står sentralt, i tillegg til god kommunikasjon mellom dei to.Dynamikken mellom desse to nivåa er avgjerande. Eit strategisk nivå som lyttar til og gjer vedtak på grunnlag av kunnskapen som dei faglege ressursane ber fram, og eit operativt fagleg nivå som bidreg med kunnskap og formidlar behov oppover til leiinga.
- Den fylkespolitiske forankringa må sikrast.Dette inneber at både strategiar og operativt arbeid har formell og uformell ryggdekning. Arbeidet er kjent, akseptert og ein del av regionale planar og planstrategi.
- Det er viktig å dele den tause og personspesifikke kunnskapen som er avgjerande for suksess.Fokuset ligg her på å kunne identifisere kunnskap som enkeltpersonar sit på, og systematisk overføre denne. Fadderordningar er eit stikkord i fylke som har godt grep om dette.
- Kontinuiteten i arbeidet må sikrast.Prosessar knytt til samordning og samhandling tek tid.
- Det er viktig å forankre og gjere nytte av ekstern kompetanse, støtte og finansiering.I dette ligg evna til å lære av andre og gjere seg nytte av statlege (og andre) tiltak og midlar.
- Det er viktig å etablere klart definerte arenaer for samordning, internt og eksternt.Møteplassane og arenaene som blir etablerte må ha ein funksjon og mandat til å arbeide planmessig. Ingen har tid til å møtast kun for å møtast.
- Ein aktiv og dynamisk bruk av partnarskap bør etablerast.Den kanskje viktigaste og mest effektive arenaen for samordning er eit velfungerande partnarskap. Dette må nyttast aktivt.
- Kommunikasjonen med og nærleik til kommunane må sikrast gjennom lokal forankring og nedanfrå- og opp-prosessar.Tett på, einskaplege, tydelege og med ei stemme. Slik ønskjer kommunane dialogen mot fylkeskommunen.
Fylkeskommunen som regional utviklingsaktør
I den nasjonale satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane skal kapasiteten og kompetansen til å drive utviklingsarbeid styrkast. Vegen fram skal gå gjennom fylkeskommunen som sentral samordnar, aktiv rådgjevar og støttespelar. Telemarksforsking si følgjeevalueringa av satsinga viser at dei fylkeskommunane som har arbeidd aktivt med samordning over tid, har kommunar som er mest nøgde med fylkeskommunen som regional utviklingsaktør. Telemarkforsking har gjennom denne evalueringa fått eit godt innblikk i kva kommunane meiner om fylkeskommunane som samordna og samhandlande. Dei har også intervjua fylkeskommunane om utfordringar, strategiar og tiltak dei har i arbeidet med intern samordning og ekstern samhandling.
Samordning av ressursar og samhandling mellom aktørar
Samordning handlar her hovudsakleg om samordning av (utviklings)ressursar; personalmessige og økonomiske, medan samhandlinga er knytt til kommunikative prosessar og handling som involverer ulike aktørar. Dette seier mellom anna noko om korleis fylkeskommunen som administrativ eining vel å organisere og styre folk og pengar, i kva grad arbeidet skjer på tvers av fagområde og mellom administrative nivå, og korleis dei møter kommunane.
Alle fylkeskommunane driv samordning og samhandlar med kommunane, men på ulike måtar. Kommunane opplever fylkeskommunane ulikt – noko LUK-satsinga set fokus på, då dette er sentrale oppgåver som kommunane ønskjer at fylkeskommunen tek grep om. Ein samordna og samhandlande fylkeskommune blir sett på som viktig for å styrke kommunen i samfunnsutviklarrolla.
Kartlegging av korleis regionale aktørar på Vestlandet jobbar
Distriktssenteret si kartlegging av korleis regionale aktørar på Vestlandet arbeider med bygde- og lokalsamfunnsutvikling er eit slikt døme. Kartlegginga inneheld ei rekkje læringshistoriar som nettopp synleggjer fellestrekk, men også kjenneteikn og kvalitetar ved ulik praksis.